Gode bodskap: Bønder og jordvernarar stilte opp med heimelaga plakatar med mange bodskap. «Di vakt – ditt ansvar», «Bygg på fjell» og «Time – vokt jorda di» var blant bodskapa.

Bondelaga på Jæren kjempar mot bygging av datalagringssenter på matjord. Tysdag i førre veke, då saka skulle opp i formannskapet, demonstrerte dei utanfor rådhuset. Det vart korkje siger eller tap for jordvernarane denne dagen.

Jane Brit Sande

Med heimelaga plakatar og slagord, demonstrerte bønder og jordvernarar med bodskapet «Dyrk bygg, ikkje bytes» utanfor rådhuset i Time kommune. På dagens formannskapsmøte skulle det avgjerast om saka om mogleg utbygging på Kalberg/Frøyland/Kvernaland, for å gi plass eit datalagringssenter, skulle på høyring. 1800 dekar matjord stod på spel.
Jordvernarane vann ein førebels siger då formannskapet med eit knapt fleirtal stemte nei til å senda datasenter-området på høyring. KrF, Sp, V og SV danna fleirtal for KrF sitt nye forslag om å berre legga utbygginga sør for Fjermestadvegen, og dermed meir enn halvera arealet som vil bli tatt ut. Heile saka vart anka til kommunestyret av mindretalet (H, Frp og Ap). Saka skal opp i kommunestyret 15. desember.
Tarald Magne Oma, leiar i Time Bondelag, var nøgd med demonstrasjonen.

– Dette har utan tvil gjort inntrykk på politikarane. Dei ser at det er problematisk å bygga ned matjord, seier han til Bondevennen, og skryt av yrkesfellane sine.

– Det har vore eit godt engasjement i lokallaget, med ei unison røyst mot planane. Me har også samarbeida med organisasjonen Vern Kvernaland, seier Oma.

Opprør i vinden

Lokallagsleiaren meiner at jordvernopprøret har likskapstrekk med opprøret mot vindkraft.

– Det er mange parallellar: Det er snakk om at ei næring skal bygga ned verdifulle område for å skapa eit hav av arbeidsplassar. Men det er ingen grunn til å tru at datalagring skal generere korkje arbeidsplassar eller skattepengar, seier Oma.

Strir mot mål

Saka om mogleg utbygging på Kalberg/ Frøyland/Kvernaland har fått mykje merksemd, både nasjonalt og lokalt. Organisasjonssjef Irene Holta Tjøstheim og styreleiar Marit Epletveit i Rogaland Bondelag, var også tilstade på demonstrasjonen. Dei er ikkje imponert av Time kommune.

– Tal på dekar dei vil bygga ned er sterkt i strid med både den nasjonale jordvernstrategien og Regionalplan for Jæren og søre Ryfylke, som nyleg vart vedteke, seier Holta Tjøstheim.

– Det er kritisk at Time kommune vil bygga ned så mykje matjord i ei tid der matproduksjonen må styrkast, seier Holta Tjøstheim, og viser til Stortinget sitt mål om å auka matproduksjonen med 20 prosent i perioden 2015-2030.

Kjenne trykket

Dyrka jord i Time utgjer 7,9 prosent av dyrka jord i Rogaland, i følgje kommunen sin eigen landbruksplan. I denne planen kjem det også fram at Time kommune i sin kommuneplan har planlagt å omdisponera 1301 dekar jordbruksareal. Av dette er 991 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord. Den moglege utbygginga på Kalberg/ Frøyland/Kvernaland er ikkje med i kommuneplanen, og kjem difor i tillegg.

– Resultatet i formannskapet var langt frå ein siger. No skal me la politikarane kjenne litt på trykket og halde merksemda på saka oppe fram til kommunestyremøtet i desember, seier Marit Epletveit.

Kalberg-saka:

Green Mountain og Lyse vil bygga eit datalagringssenter på Kalberg i Time kommune. I forslaget frå rådmannen i Time er det sett av kring 1800 dekar med areal til bygging av datasenter og tilknytt kraftkrevjande industri og næringsverksemd.

Bakgrunnen for forslaget er den store trafoen på Fagrafjell, som Statnett er i gang med å byggja. Når den er ferdig, vil Kalberg vera ein av stadane i landet der det er minst risiko for fullstendig straumbrot, sidan tre store høgspentliner blir samla der.

I formannskapet førre veke, stemte fleirtalet (KrF, Sp, V og SV) mot å senda saka ut på høyring. Mindretalet (H, Frp og Ap) anka saka til kommunestyret.

Kjelde: Jærbladet

Politikar på veg: Sverre Risa (KrF) helser på jordvernarane på veg inn til møtet i formannskapet. Hans stemme vart viktig denne dagen. KrF fremja forslaget om å halvera utbyggingsarealet.

Framleis rom for arbeidsplassar

Politikarane som ønsker datalagringssenter, peiker på behovet for arbeidsplassar. Det er ikkje dette Rogaland Bondelag vil hindra.

– Det er viktig for oss å understreka at me ikkje er imot bygginga av datalagringssenter. Men me vil at det ikkje skal plasserast på matjord, seier Epletveit.

– Dersom dei gjer om på planane, og heller bygga datalagringssenteret på fjell, vil dei framleis få like mange arbeidsplassar, seier ho.

Epletveit og Holta Tjøstheim seier at også landbruket genererer verdiskaping som kommunen nyt godt av.

– I følgje verdiskapingsrapporten for Rogaland som kom i fjor, bidrog landbruket med over 440 årsverk og 242 millionar kroner i bruttoprodukt i Time kommune i 2017, seier Epletveit.

Prisgitt lokalt engasjement

Bondelagsleiaren kjenner til at lokale bondelag i heile landet har bidrege økonomisk til Vern Kvernaland sitt arbeid i saka. Epletveit og Holta Tjøstheim er ikkje i tvil om kva som har gjort at saka har fått mykje merksemd.

– Bondelagsmedlemmane har i høgste grad vore engasjerte, også utanfor Time kommune. Det lokale bondelaget har hatt kontakt med politikarane og stilt opp på debattar om saka, seier Epletveit.

– Merksemda er prisgitt det lokale engasjementet. Det har vore heilt avgjerande for påverknad og initiativ frå oss på fylkesnivå, seier Holta Tjøstheim.

Engasjerte skuleelevar

Ei gruppe med elevar frå Øksnevad vidaregåande skule møtte på eige initiativ til demonstrasjonen. Dei er alle elevar på Vg2 Landbruk og gartnerinæring. På spørsmål om kvifor, svarte dei med største sjølvfølge:

– Me er mot nedbygging av matjord.

Dei har alle planar om å bli bønder, og er uroa for konsekvensane av manglande vern av matjord. Den venta befolkningsauken vil krevje meir mat, og skuleelevane meiner at det derfor er viktig å verne om dei knappe ressursane.

– Og me skal også ha arbeid i framtida, sa skuleelevane.  

Stikkord denne saka: