leder av Norges Bondeleg

Leder av Norges Bondelag, Lars Petter Bertnes. (Arkivfoto).

Mange har kritisert Bondelaget sitt krav om endra lammetilskot. Nå erkjenner leiaren av Bondelaget at posessen rundt forslaget har vore mangelfull.

 

Jofrid Åsland

 

«Eg har nå vore aktiv medlem i NB (Norges Bondelag) i snart 50 år, så eg tykkjer det er veldig skuffande og utruleg at min organisasjon NB føreslår til staten at eg, og mange med meg, ikkje skal få utbetalt lammetilskotet for våre lam når karrieren snart er over. Det er fleire grunnar til at folk må gi opp sauehaldet: Alder, helse, problem med rovdyr og andre grunnar. Alle må som kjent gje seg ei gong,» skreiv Magnus Tjåland i eit lesarinnlegg på Bondevennen.no  for eit par veker sidan.

Tjåland stilte spørsmålsteink ved kven som har kome opp med forslaget, som inneber at det vert utbetalt halvt tilskot for lamma som vert slakta 2015 og 2016.

«Eg meiner at alle som har gjort ein jobb, eller produsert eit produkt, har rett på betaling uansett kva tid betalinga skjer. Dette er grunnleggjande i ein rettsstat,» skriv Tjåland.

 

Bondelaget beklagar

– Vi erkjenner at prosessen rundt forslaget vi reiste i kravet, har vore mangelfull. Eit så stort spørsmål må handterast i organisasjonen før ein konkluderer. Eg beklagar at vi ikke gjorde det, sa Lars Petter Bartnes, leder for Norges Bondelag, til Bondebladet.

Han opplyser at forhandlingsutvalet fekk kritikk frå ein del av styremedlemmane for gjennomføring og prosess når det gjeld lammetilskot under årsmøtet i Norges Bondelag.

– Den kritikken tar vi, sa Bartnes.

På spørsmål frå Bondebladet om kven som er vinnarane og taparane i forslaget svara Bartnes slik:

–  Eg vil understreke at for sauenæringa samla fører ikkje omlegginga til eit økonomisk tap. Omleggingen gir ein økonomisk gevinst for dei som går inn i næringa og dei som auker produksjonen, mens dei som går ut av næringa vil få eit tap fordi dei mister ei tilskotsutbetaling det året dei sluttar, og dei som reduserer produksjonen får noko redusert utbetaling. Det er ei omfordeling frå dei som sluttar til dei som startar.

Stikkord denne saka: