– Overraska og provosert over det regjeringa har å by på i jordbruksoppgjeret, seier fleire bondelagsleiarar.

 

Jofrid Åsland

 

Eirik Fløystad, leiar av Aust Agder Bondelag.

Eirik Fløystad, leiar av Aust Agder Bondelag, opplever at regjeringa vil ha lik konkurranse trass i at konkurransevilkåra er forskjellige.

Erik Fløystad, Aust Agder Bondelag

– Eg hadde ingen forventningar, og er likevel skuffa. Spesielt utfordrande er det at det ikkje vert teke høgde for ulike driftsforutsetningar, og at tilbodet tillegg inneheld ei endring av inndelinga av regionane for kumjølkkvotane. Med slike endringar vil ikkje landbruket klare å levere bestillinga frå Stortinget om auka matproduksjon, seier Fløystad.

Han opplever at regjeringa vil ha lik konkurranse trass i at konkurransevilkåra er forskjellige. Fløystad tek signala som eit teikn på at sittande regjering ikkje vil ha landbruk i dei marginale områda.

– I tilbodet blir perspektivet 2012-2016 bruk til å fortelje at bønder har tent meir enn andre i prosent. Det er ikkje heile bilete. Dei store bøndene tente meir i fjor, men å seie at alle tener meir blir feil. Det vert som at når direktøren får høgare løn, skal arbeidarane gi avkall på lønn, fordi gjennomsnittet blei høgt, fortel Fløystad.

Leiaren av Aust Agder Bondelag understrakar at målet burde vere å tette inntektsgapet mellom bøndene og andre yrkesgrupper, men opplever at bøndene no mistar det dei grøne gav.

– Eg håper stortingsfleirtalet sett ned foten. Me treng eit tydelegare Venstre og Kristeleg Folkeparti.

 

Tor Erik Leland, leiar av Vest Agder Bondelag.

– Bondelaget leverte eit nøkternt krav, og får ein tidel. Eg blei negativt overraska over tilbodet, seier Tor Erik Leland, leiar av Vest Agder Bondelag.

Tor Erik Leland, Vest Agder Bondelag

– Bondelaget leverte eit nøkternt krav, og får ein tidel. Eg blei negativt overraska over tilbodet. Håpet var eit løft for distriktslandbruket, men det kan me sjå langt etter. I tillegg er kutt i beitetilskot stikk motsett av det vi treng. Dessutan burde rydding av vegkantar ligge innunder Samferdselsdepartementet, ikkje jordbruksoppgjeret. Kvoteregionane hadde eg håpa ikkje blei tema, men med det på toppen blir situasjonen ekstra vanskeleg.

 

Ola Andreas Byrkjedal, leiar av Rogaland Bondelag.

– Staten svarer ikkje på landbruket sitt krav om auka inntektsmoglegheiter for å auke norsk matproduksjon, seier Ola Andreas Byrkjedal, leiar av Rogaland Bondelag.

Ola Andreas Byrkjedal, Rogaland Bondelag

– Tilbodet er både skuffande og frustrerande. Serleg utfordrande er det med reduksjon av beitetilskot, og ikkje minst den manglande vekta det er lagt på små og mellomstore bruk. Dette var verre enn frykta. Staten svarer ikkje på landbruket sitt krav om auka inntektsmoglegheiter for å auke norsk matproduksjon. Det er svært urovekkande at regjeringa ikkje tar Stortinget sitt krav om meir mat på norsk jord på alvor. Jordbruksoppgjeret blir ein krevjande prosess framover, seier Byrkjedal.

 

Frøydis Haugen, leiar av Hordaland Bondelag

– Min første reaksjon var skuffelse. Eg hadde venta at regjeringa ville følgje opp beskjeden frå Stortinget, seier Frøydis Haugen, leiar av Hordaland Bondelag.

Frøydis Haugen Lindås, Hordaland Bondelag

– Min første reaksjon var skuffelse. Eg hadde venta at regjeringa ville følgje opp beskjeden frå Stortinget. Kravet vi leverte hadde fokus på å tette inntektsgapet til andre yrkesgrupper, økonomi i kornproduksjonen og klima. Ingenting av dette er med i tilbodet. Regjeringa hadde hatt eit godt høve til å prosentvis ta eit stort jafs nærare lønnsnivået i andre yrkesgrupper. Dessutan vil eg heller hatt 20 millionar på bordet til beiterydding, ikkje maskinell rydding av vegkantar. Dette vitnar om mangel på kunnskap. Dei kan ikkje ha vore å Vestlandet. Det er ingen som ryddar kulturlandskapet betre enn beitedyr. Dyra produserer dessutan mat mens dei beiter. Eg liker heller ikkje at det er teke midlar frå dreneringsposten for å rydde vegkantar. Ein burde heller ha forenkla søknadsprosessen når det gjeld grøftetilskot. Det ville vore eit betre tiltak for kulturlandskapet.

 

Anders Felde, leiar av Sogn- og Fjordane Bondelag

– Mykje ved tilbodet provoserer, og viser manglande vilje til overføring av pengar over budsjettet, noko som er heilt avgjerande for å leve inn i framtida, seier Anders Felde, leiar av Sogn- og Fjordane Bondelag.

Anders Felde, Sogn- og Fjordane Bondelag

– Det jo eit elendig tilbod. Det verste er att ramma er så låg. Gjennomsnittsbonden i Sogn og Fjordane kjem ut i minus. Gjennomsnittsbonden er ikkje i den økonomiske situasjonen regjeringa reknar ut i frå. Mykje ved tilbodet provoserer, og viser manglande vilje til overføring av pengar over budsjettet, noko som er heilt avgjerande for å leve inn i framtida. Lågare beitetilskot er heller ikkje bra, samstundes går 20 millionar kroner i tilskott til å rydde vegkantar. Dette er motstridane tiltak. Heile nøkkelen er jo beitande dyr.

Regjeringa burde kome med friske budsjettmidlar og distriktstilskot til mjølkeproduksjonen. Mjølkeproduksjon er den viktigaste produksjonen på vestlandet. Distriktstilskot ville stimulert gjennomsnittsbonden og dei minste produsentane.

 

Inge Martin Karlsvik, leiar av Møre og Romsdal Bondelag

– Når det gjeld rydding av vegkantar burde det ligge inn under Statens Vegvesen, ikkje landbruk, poengterte Inge Martin Karlsvik, leiar av Møre og Romsdal Bondelag.

Inge Martin Karlsvik, Møre og Romsdal Bondelag

– Det er overraskande og provoserande med eit slikt tilbod. Eg føler me i landbruket har stekt oss langt for å få til ei forhandlingsløysing, så kjem eit tilbod som er milevis unna det vi hadde forventa. Det vert lagt vekt på at det er rom for forhandling, men kor mykje kan ein hente når utgangspunktet er så lågt? For den typiske vestlandsbonden er det ikkje mykje å hente i dette tilbodet.

Når det gjeld rydding av vegkantar burde det ligge inn under Statens Vegvesen, ikkje landbruk. Ryddinga kunne me gladeleg gi avkall på, og heller fått auka dreneringsverkemidla.

Skal vi rydde kratt for å sjå gjengrodde marker, der det ikkje går beitedyr?

 

Aslak Snarteland, leiar av Telemark Bondelag.

– Dersom me berre skal satse på dei store produsentane vil distrikta stagnere. Det finst ei grense for strukturrasjonalisering, seier Aslak Snarteland, leiar av Telemark Bondelag.

Aslak Snarteland, Telemark Bondelag

– Tilbodet verkar litt useriøst, og det provoserer meg ganske mykje. Stortinget seier me skal produsere 20 prosent meir mat dei neste 20 åra. Dersom me berre skal satse på dei store produsentane vil distrikta stagnere. Det finst ei grense for strukturrasjonalisering. I forhold til stadig større einingar går ikkje miljø og transportrekneskapen opp. Statens tilbod manglar framtidsvyar og er ikkje realistisk. Eg meiner kravet frå jordbruket ville vore eit godt skritt rett retning. Me må ta heile landet i bruk.

 

 

Stikkord denne saka: