Møteplass: Samfunnsanalytikar Anne Zondag meiner landbruksorgranisasjonane kan bli betre på dialogen med forbrukarane. Grill og smaksprøvar, som her på Vikeså i Rogaland, gjer samvirket synleg. Like viktig er det å være til stades der forbrukaren diskuterer og søker kunnskap. Foto: Stian Espedal, Nortura

Landbruket må i større grad møte forbrukaren med faktakunnskap og eit ærleg bilete av husdyrnæringa og norsk matproduksjon, meiner Anne Zondag.

Liv Kristin Sola

Samfunnsanalytikar hjå Matprat, Anne Zondag, har lenge følgd debatten om dyrevelferd i husdyrproduksjonen tett. Ein debatt mellom landbruket og forbrukaren, to grupperinger med heilt ulik realitetsoppfatning. Zondag reagerer på korleis landbruksnæringa omtalar forbrukaren og etterlyser ein tettare dialog og faktaformidling mellom dei to gruppene.

– Det har blitt oss og dei. Landbruksnæringa har ein tendens til å redusere forbrukaren til ei einsarta gruppe som kunnskapslaust let seg rive med av prisar, trendar og kampanjar, fullstendig styrt av kjensler, seier Zondag til Bondevennen.

Samfunnsanalytikaren oppmodar næringa til å nyansere si oppfatning av forbrukaren og formidle eit meir ærleg og nyansert bilete av landbruket for slik å bidra til økt kunnskap om norsk matproduksjon.

– Folk flest har ikkje same nærleik til husdyr og matproduksjon som tidlegare generasjonar hadde, minner ho om.

Anne Zondag,
Foto: Matprat

I ei kompleks verd, der tid er ein knapp ressurs, er ingen i stand til å skaffe seg det heile og fulle bilete, korkje av matproduksjon eller andre bransjar, meiner ho.

– Om lag åtti prosent av vala me tek som forbrukar er basert på kjensler, erfaringar og gjenkjenning. Det gjeld oss alle, seier Zondag.

Glansbiletet raknar

Ved å nytte seg av nasjonalromantikk, det typisk norske med fjord, fjell og dyr på beite, har landbruket gjennom si marknadsføring i stor grad vore med å skapt eit idyllisert bilete av næringa.

– Det er ikkje feil, men realiteten er meir samansett. Med negative oppslag i media slår biletet sprekker, meiner Zondag.

Tilbake står forbrukaren og kjenner seg lurt. Glansbiletet dei har forfekta var berre ein del av sanninga. Og kva er sanninga?

– Informasjon og kunnskap hentar me i stor grad gjennom daglegvarekjedene, på internett og sosiale media, seier Zondag.

Ho minner om at forbrukarane tolkar dyrevelferdsoppslaga basert på erfaringar frå eigen kvardag, og daglege omgang med eigne kjæledyr. Mange er ikkje i stand til å skilje mellom kva som er akseptabelt og uakseptabelt i husdyrhaldet.

– Biletet næringa har presentert er heilt annleis enn det som møter oss i desse negative oppslaga, seier Zondag.

Vil forstå

Zondag trur bøndene gjer klokt i å ta på alvor dei forventningane forbrukaren har til husdyrhaldet, og som dei baserer sine val på.

– For landbruket kan det vere skummelt å vere så gjennomsiktig. Gapet mellom forbrukaren sine forventning til godt husdyrhald og det som er fakta, har over tid blitt større. Likevel eg trur næringa i det lange løp vil tene på å vere opne. I vår vestlege verd har me høg kjøpekraft og ressursar nok til å velje livsstil og kva me vil ete. Mange stiller spørsmål kring mat, helse og dyrevelferd og ønsker å ta medvitne val, men manglar kunnskap.

– Me vil ikkje lenger berre lage mat, men forstå prosessane og innsatsfaktorane som må til for å få mat på bordet. Ting skal henge saman og gi meining, seier Zondag.

Misforstår samvirke

Samfunnsforskaren ønsker ikkje å kritisere landbruksorganisasjonane si marknadsføring. Likevel etterlyser ho ei næring som er meir medvitne om korleis dei kan oppnå betre dialog med forbrukaren.

Zondag viser til ein samtale ho hadde med ein seljar av ein av dei mange matkassane som ein kan abonnere på.

– Vedkommande kunne garantere at matvarene i kassen var frå små, gjerne lokale produsentar, at dei heilt hadde slutta å ta inn produkt frå dei store aktørane – som Nortura og Tine, seier Zondag.

Samtalen var ein vekkjar. Tine og Nortura vart assosiert med store bruk og industrilandbruk.

– Ingen hadde fortalt denne seljaren at samvirke er ein føresetnad for at små produsentar skal få avsetning på produkta sine, seier Zondag.

Sanningar vert etablert over tid, utan at nokon korrigerer. Zondag meiner samvirka har ein jobb å gjere. Dei må klare å formidle dei grunnleggjande samvirkeverdiane og vere tydeleg på kven dei og korleis dei er bygd opp, meiner ho.

– Ingen er tent med kunstige konfliktar mellom store og små bruk, meiner samfunnsanalytikaren.

Gå inn i debatten

Zondag viser til at forbrukarane manglar grunnleggjande kunnskap om norsk matproduksjon, matsikkerheit og krav til dyrevelferd. Men dei er på leit.

– Så kven skal gi dei kunnskap?

– Fleirtalet lyttar ikkje til dei ekstreme stemmene i kommentarfelta, men definerer dei ut. Folk vil ha ein ærleg og ryddig debatt om matproduksjon, basert på fakta. Ut frå det kan dei gjere sine val, seier Zondag.

Samfunnsanalytikaren utfordrar landbruket til i større grad å vere til stades i debattar utanfor næringa sine eigne fora. Næringa må tørre å vere open og møte ukjent argumentasjon. Skal forbrukaren få eit meir nyansert bilete av norsk husdyrhald og matproduksjon, må dei vere der forbrukarane diskuterer og søker kunnskap.

– Det er ikkje i Nationen, Landbrukspodden eller Bondevennen, dessverre, seier Anne Zondag.

 

Stikkord denne saka:
Share This