Fri: Sju saksøkte grunneigarar frå Njå, Netland, Kverneland, Frøyland og Kalberg framfor rettssalen i Sør-Rogaland tingrett i førre veke. I dag vart dei frifunne. Frå venstre, Lars Nedrebø, Kirsten Kverneland, Andreas Aarsland, Betuel Frøyland, Tønnes G. Kverneland (far til Kirsten Kverneland, som òg driv gard i området), Olav Aarsland, Bjørn Lende og Ingvar Søyland.
Bøndene vann
For å få fortgang i arbeidet med omkøyringsveg på Kverneland, saksøkte Time Energipark sju grunneigarar som motsette seg grunnundersøkingar. I dag tapte Time Energipark.
Bothild Å. Nordsletten
Time Energipark er Time kommune sin private samarbeidspartnar i utarbeidinga av områdeplanen for området Njå, Netland, Kverneland, Frøyland og Kalberg. Bak selskapet står det israelsk-eigde datasenter-selskapet Green Mountain, samt lokale entreprenørar.
18. april kravde Time Energipark såkalla mellombels åtgjerd, på bokmål midlertidig forføyning, overfor grunneigarane og bøndene Tønnes G. Kverneland, Ingvar Søyland, Lars Nedrebø, Betuel Frøyland, Olav Aarsland, Andreas Aarsland og Bjørn Lende.
Mellombels åtgjerd
(bokmål: midlertidig forføyning), er eit omgrep i sivilprosessen som omtalar ei mellombels rettsavgjerd som inneber at den fysiske eller juridiske personen som avgjerda rettar seg mot, er forplikta til å unnlate -, gjere – eller tole noko medan ein ventar på ei meir omfattande rettssak om temaet.
Kjelde: Jusleksikon.no
Grunneigarane har ved to høve det siste året fått vedtak frå Time kommune, som er planmynde, om å stilla eigedomane til disposisjon for naudsynte grunnundersøkingar. Grunneigarane har ikkje samtykka, og klaga. Mellom anna har dei vist til at korkje Time Energi eller Time kommune har utgreidd omsynet til naturmangfaldslova, herunder omsynet til utryddingstruga fugl.
Grunneigarane har samstundes gjort det klart at dei ikkje ville motsetja seg undersøkingane, som då også starta 29.april.
Saksøkte likevel
Trass i at dei alt hadde tilgang, ville saksøkjar/Time Energipark gjennom ei mellombels åtgjerd sikra seg tilgang til eigedommane til dei sju, for å gjera arkeologiske og geotekniske undersøkingar. Slike undersøkingar er naudsynte for prosjektering av ein ny trasé for fylkesveg 505. Den såkalla omkøyringsvegen vil vera naudsynt for å sikra tilgang til planlagde, store næringsområde i nemnde område.
Saksøkjar meinte at grunneigarane må tola at Time Energipark, som har engasjert Rogaland fylkeskommune, gjennomfører arkeologiske forundersøkingar på eigedomane deira. Saksøkjar meinte også at grunneigarane måtte tola at Time Energipark, som har engasjert ein grunnborar, gjennomfører geotekniske grunnundersøkingar på jorda deira.
Time Energipark ville også tilkjennast sakas omkostningar.
Og dermed hamna partane i retten 8.mai, (sjå fyldig kommentar frå rettsdagen, der også ordføraren i Time kommune vitna her.)
«Det er dette me visste. Time Energipark kjenner ikkje regelverket for områdeplanlegging.»
Betuel Frøyland, grunneigar
Grunneigarane sin advokat meinte mellom annan at Time Energi si mangelfulle planlegging ikkje kunne brukast som argument for ei mellombels åtgjerd, og at saksøkjars tilnærming var prega av hastverk. Advokaten la ned påstand om at dei saksøkte skulle frifinnast – og tilkjennast omkostningane i saka.
Inga overrasking
I føremiddag kom Sør-Rogaland tingrett si avgjerd. Dei saksøkte grunneigarane er frikjende. Retten meiner det ikkje er naudsynt med ei mellombels åtgjerd for å sikra saksøker tilgang til dei aktuelle eigedommane. Time Energipark vil nemleg i kraft av Time kommune sitt vedtak etter plan- og bygningslova § 33-2 ha heimel til å utføre undersøkingane, utan at grunneigarane lovleg kan motsette seg dette. Time Energipark blir også dømt til å betala dei saksøkte sine saksomkostningar.
Betuel Frøyland, ein av dei saksøkte grunneigarane, er glad for sigeren.
– Men avgjerda kom ikkje som noka overrasking, seier han.
– Det er dette me visste. Time Energipark kjenner ikkje regelverket for områdeplanlegging. Som grunneigarar har me samstundes fått belyst ein del ting som korkje Time Energipark eller Time kommune har vurdert. Og så ser me nok ein gong at dei som har pengar, trur at dei kan ta seg fram som dei vil.