Megaplanar: Dei raude strekane på kartet markerer områda med eldgamalt jordbruks- og kulturlandskap der Time kommune ønskjer å legga til rette for kraftkrevjande industri, samt ein omkøyringsveg. Illustrasjon: Hilde Frøyland

Megaplanar: Dei raude strekane på kartet markerer områda med eldgamalt jordbruks- og kulturlandskap der Time kommune ønskjer å legga til rette for kraftkrevjande industri, samt ein omkøyringsveg. Illustrasjon: Hilde Frøyland

Vegen fram i Time kommune

15. mai 2024 | Aktuelt

Jæren er ikkje så flat og framkomeleg som nokon vil ha det til.

Bothild Å. Nordsletten

​Sett frå lufta, med det utryddingstruga blikket til ei vipe eller ein hubro, står det om liv.

I mannshøgd handlar det om gigaplanar, pengar, påverknadskraft og politikk. Om rastlause selskap med løfter om uendelege «grøne» verdiar i byte mot knappe, grøne jærlandskap. Om lokalt folkevalde med ambisjonar større og raskare enn budsjetta og forvaltningskapasiteten.

Og om rotfaste grunneigarar og bønder virvla opp i den stadig hardare kampen om areala.

8. mai, Sandnes tinghus, rettssal 3

Vårvinna kallar, men her sit dei. Tønnes G. Kverneland. Ingvar Søyland. Lars Nedrebø. Betuel Frøyland. Olav Aarsland. Andreas Aarsland. Bjørn Lende.

Sju grunneigarar av dei historiske jordbruksområda på Njå, Netland, Kverneland, Frøyland og Kalberg i Time kommune på Jæren.

Kvifor dei sit her, skal sjølv parten som har saksøkt dei spørja retten om. Her finst ei kort og formell forklaring. Men òg eit veldig brokete bakteppe, som Bondevennen frå tilhøyrarbenken freistar å skila trådane i. Heng med.

 Til venstre i salen, representert av advokat Olav Todnem og advokatfullmektig Daniel Røvik frå CMS Kluge, sit Tom Tvedt. Kledd i mørkeblå dress er han dagleg leiar i Time Energipark AS (heretter TE).

Bak TE står det israelsk-eigde datalagringsselskapet Green Mountain, samt entreprenørane Stangelandgruppen og Kalberg Holding AS. I sistnemnde inngår Masiv, IKM, Cator og Stangelandgruppen (har to eigarpostar).

Time Energipark skal laga områdeplan for kraftkrevjande industri for Time kommune, og prosjektera veg.

Til høgre i salen, representert av advokat Henrik Lande frå firmaet Harris, sit to av grunneigarane som TE saksøkjer. Betuel Frøyland og Bjørn Lende.

Dei fem andre saksøkte har tatt plass på tilhøyrarbenken, fleire inntil ektefellane sine.

Dei saksøkte likar ikkje måten Time Energipark vil bygga veg på.

Den konkrete grunnen til at dei alle møtest i retten, er at TE har kravd såkalla mellombels åtgjerd overfor grunneigarane.

Mellombels åtgjerd

(bokmål: midlertidig forføyning), er eit omgrep i sivilprosessen som omtalar ei mellombels rettsavgjerd som inneber at den fysiske eller juridiske personen som avgjerda rettar seg mot, er forplikta til å unnlate -, gjere – eller tole noko medan ein ventar på ei meir omfattande rettssak om temaet.

Kjelde: Jusleksikon.no

Saksøkjar meiner at grunneigarane må tola at Time Energipark, som har engasjert Rogaland fylkeskommune, gjennomfører arkeologiske forundersøkingar på eigedomane deira.

Dei må òg tola at TE, som også har engasjert ein grunnborar, gjennomfører geotekniske grunnundersøkingar på jorda deira.

Ikkje at grunneigarane nokon gong har hindra desse undersøkingane. Men meir om det straks.

Saksøkte, på si side, meiner det ikkje er grunnlag for ei slik mellombels åtgjerd, og at kommunen sine vedtak, som saksøkjar lener seg på, er forelda.

Advokaten Henrik Lande er tydeleg i innleiinga si. Kallar det som har skjedd for ein «forsert og uryddig prosess». Han meiner det verkar som om kravet om mellombels åtgjerd er meint brukt «preventivt», for å hanskast med grunneigarar som kan koma til å setja seg til motverje. At Time kommune manglar eigne vurderingar, og lener seg fullt på den private samarbeidspartnaren som har dårleg tid. Er dette ein kommune som har kontroll på utgreiingsbehovet, spør Lande ut i salen.

Korleis kom me hit? Tunga rett i munnen, nå.

Historisk jordbruksland: Den raude streken markerer grensene for områda kor Time kommune ønskjer kraftkrevjande industri om omkøyringsveg. Eigedommane til grunneigarane som motset seg grunnundersøkingar, er markert med namn og blå kuler. Dei farga områda viser eigedommane.<br />
Illustrasjon: Hilde Frøyland

Historisk jordbruksland: Den raude streken markerer grensene for områda kor Time kommune ønskjer kraftkrevjande industri om omkøyringsveg. Eigedommane til grunneigarane som motset seg grunnundersøkingar, er markert med namn og blå kuler. Dei farga områda viser eigedommane. Illustrasjon: Hilde Frøyland

 

Så langt

I 2021 set Time kommune av 6421 mål med matjord, beite, myr og anna natur til kraftkrevjande industri – 1200 mål av dette til reine næringsområde- på Kverneland, Frøyland og Kalberg. Ein ny, svær trafostasjon under bygging på det lokale Fagrafjell skal gi energien som trengst, inkludert til mykje omtalte datasenter.

Ein ny trasé for fylkesveg 505 Kverneland/Orstad, ‘omkøyringsvegen’, er tenkt å gi lettare tilgang til industriområda, og avlasta bygda Kverneland for gjennomgangstrafikk.

Vedtak om å laga planen for korleis ein skal regulera heile området vert fatta, ikkje av Time kommunestyre, men av det underliggande utvalet for lokal utvikling, hausten 2022.

Alt året før har kommunen inngått ein samarbeidsavtale med Time Energipark, (då Kalberg Utvikling AS). Time kommune har planmynde, men avtalen stadfestar at TE skal planlegga utbygginga i området, utføra utgreiingsarbeidet, og betala for det.

Kontakten mellom TE og kommunen er tett. Retten får sjå utdrag av e-postutvekslingar der sakshandsamar i kommunen ber TE sine advokatar om forvaltningsråd «mtp særlig motstand fra grunneiere som er berørt av omkjøringsveien». Vedkomande er uroa for at motstanden kan føre til utsetting av saka i eit heilt år til.

«Er dette ein kommune som har kontroll på utgreiingsbehovet?»

Henrik Lande, advokat ​

Våren 2023 får dei sju grunneigarane brev frå kommunen med vedtak om at dei må godta grunnundersøkingar same sommar.

Grunneigarane klagar. Dei meiner omkøyringsveg ikkje er godt nok forankra i planverket, og at den planen dessutan er forelda.

Klagen går vidare til Statsforvaltaren i Rogaland. Den tid saka ligg der, kan korkje arkeologane eller grunnborarane starta arbeidet.

I november 2023 får Time kommune medhald av Statsforvaltaren: Grunneigarane må godta grunnundersøkingar.

Medio mars i år får grunneigarane eit nytt varsel om nytt vedtak i posten.

Kommunen kjem til å senda eit brev om ein ny periode for grunnundersøkingar. Kommunen vil også på vegne av grunneigarane gi samtykke til at fylkeskommunen og grunnborar kan undersøka eigedomane frå april og eit år fram.

Igjen gjer dei sju grunneigarane seg høyrt. Dei meiner ein ny undersøkingsperiode krev eit heilt nytt vedtak – fjorårets er ikkje gyldig lengre. Denne gongen hevdar dei også at kommunen ikkje på noko tidspunkt i saka har vektlagt omsyn til naturmangfaldlova eller jordvernet.

9. april, i hekkesesongen for utrydningstruga vipe og hubro, svarer Time kommune at grunnundersøkingane kan starta 29. april. Plan- og forvaltningssjef Martin Tengesdal Torstenbø og rådgjevar Yvonne van Bentum signerer for at undersøkingane ikkje utløyser krav om utgreiing jmfr. naturmangfaldlova.

Same dag får grunneigarane også eit i rekka av brev frå TE sin advokatfirma CMS Kluge. Advokaten ber om at grunneigarane samtykker til at undersøkingane kan starta opp. Gjer dei ikkje det, vil Kluge gå til domstolen og krevja mellombels åtgjerd.

19. april, utan at grunneigarane veit om det, avseier Sør-Rogaland tingrett ein orskurd (på bokmål: kjennelse), og godtar TE sitt krav om mellombels åtgjerd.

Sorenskriver Alexander Schønemann viser til dei omfattande og kostbare undersøkingane som TE skal til med. Dette gir saksøkjar såkalla sikringsgrunn, meiner han. Ei mellombels åtgjerd er dermed naudsynt for å – som det står i tvistelova – «avverge en vesentlig skade eller ulempe.»

29. april går fylkeskommunens folk i gang. Ingen grunneigarar hindrar dei. Men to dagar seinare må arkeologane legga ned arbeidet.

Statsforvaltaren har sendt ei bekymringsmelding: Det er utryddingstruga og hekkande storfugl i området.

I kampen om areala: Dei sju saksøkte – og nå frifunne - grunneigarane frå Njå, Netland, Kverneland, Frøyland og Kalberg framfor rettssal 3 i Sør-Rogaland tingrett i førre veke. Frå venstre, Lars Nedrebø, Kirsten Kverneland, Andreas Aarsland, Betuel Frøyland, Tønnes G. Kverneland (far til Kirsten Kverneland, som òg driv gard i området), Olav Aarsland, Bjørn Lende og Ingvar Søyland. Foto: Bondevennen

I kampen om areala: Dei sju saksøkte – og nå frifunne – grunneigarane frå Njå, Netland, Kverneland, Frøyland og Kalberg framfor rettssal 3 i Sør-Rogaland tingrett i førre veke. Frå venstre, Lars Nedrebø, Kirsten Kverneland, Andreas Aarsland, Betuel Frøyland, Tønnes G. Kverneland (far til Kirsten Kverneland, som òg driv gard i området), Olav Aarsland, Bjørn Lende og Ingvar Søyland.

Den største planen

Tingretten opnar for at partane kan møtast til forhandlingar. Då er me attende i rettssal 3. Og snart handlar det om meir enn den mellombelse åtgjerda.

Tom Tvedt tar plass i vitneboksen, avlegg eid og gir si så partsforklaring. Han og Time Energipark har det travelt.

– Dette er ein av dei største områdeplanane i Noreg, seier han, og viser til det han kallar «Noregs største stikk-kontakt» – trafostasjonen på Fagrafjell.

– Her er store moglegheiter for framtidig utvikling for Nord-Jæren inn i det grøne skiftet. 300 mål til datasenter. 1200 til anna næring, – eg trur alt skal være til kraftkrevjande industri. Den nye omkøyringsvegen er avgjerande for å koma i mål. Konsekvensen dersom me ikkje får gjera undersøkingane, er ytterlegare utsetting. I verste fall at utbyggjar ser på andre moglegheiter rundt i Noreg.

Dei sju grunneigarane har forseinka prosessen lenge nok, meiner Tvedt. 40-50 andre grunneigarar har gitt TE grønt lys, hevdar han. Og hintar dermed til det advokaten hans Todnem sa i innleiinga: At dei saksøkte uansett ville motsett seg grunnundersøkingar fordi dei uansett er mot utbygging på Kalberg.

Påstanden har også vore lufta av fleire politikarar i Time kommune.

Bondevennen har spurt både Tvedt og kommunedirektør i Time Trygve Apeland, som har brukt same tal overfor kommunestyret, om kven dei 40-50 som godtar undersøkingane er. Ei veke seinare har me ikkje fått svar.

Tvedt forsikrar om at TE er opptatt av å gjera jobben «på ein berekraftig måte». Og at grunneigarar som kan dokumentera avlingstap som følgje av undersøkingane skal få erstatning.

– Me har ikkje tenkt å bryta naturmangfaldslova, men me er nøydde til å halda framdriftsplanen i forhold til Time kommune, seier Tvedt.

«Kvar dag med utsetting skadar oss.»

Tom Tvedt, dagleg leiar i Time Energipark AS ​

Grunneigarane sin advokat Henrik Lande spør om konsekvensane av at TE uansett må utsetja undersøkingane til etter hekketida.

– Kvar dag med utsetting skadar oss, seier Tvedt, og viser til fylket sine arkeologar som står klar, samt den innleigde grunnboraren.

Plutseleg hast

Advokaten spør Tvedt om kvifor Time Energipark har hastverk først nå? Kan verkeleg det å ikkje få gjera grunnundersøkingar i hekketida velta heile områdeplanen? Kvifor tok dei ikkje det obligatoriske omsynet til naturmangfaldslova tidlegare? Grunneigarane påpeikte jo behovet. Og likevel er det først 26.april, og så 5.mai i år, etter at Time kommune sendte varsel til grunneigaren, at Time Energipark sitt konsulentselskap på naturspørsmål, Ecofact, legg fram rapportar om truga fugleartar?

Kvifor bad ikkje TE kommunen om ein ny grunnundersøkingsperiode tidlegare – rett etter at statsforvaltaren sa sitt, tilbake i november?

– I etterpåklokskapens lys hadde det vore lurt å halda framdrifta. Eg beklagar, dersom me har gjort prosedyrefeil, svarar Tvedt.

Mot klokka til kommunen

Ein plan av det omfanget det er snakk om på Kalberg og omland, er kompleks materie.

Tvedt seier dei har 45 folk i jobb med 26 ulike rapportar som skal opplysa saka. Til tredje kvartal, etter ferien, håpar dei å ha klar ein områdeplan som politikarane i Time kan ta stilling til. Også det krev god framgang.

Tom Tvedt

Travel: Dagleg leiar i Time Energipark AS, Tom Tvedt, seier dei vil ta omsyn til naturmangfaldslova når dei greier ut ny veg. Foto: Time Energipark AS

Advokat Lande stussar. For kor realistisk er tredje kvartal, all den tid ein ikkje ein gong har starta forprosjekta, som er påkravde før ein går i gang med planar av dette kaliberet?

– Jau, det er realistisk. Inkludert forprosjekta, svarar Tvedt.

– Men de har berre halde to møter om desse forprosjekta. Er det då realistisk, gjentar advokaten.

– Det kan eg ikkje svara på, seier dagleg leiar i TE då.

Kven betalar – og kva var avtalen?

I samarbeidsavtalen mellom Time kommune og Tine Energipark står det at

utbyggar er ansvarleg for å utføra og betala for naudsynt utgreiingsarbeid.

Like fullt har Time, som lik andre kommunar slit med økonomien, sett av 20 millionar i eigen økonomiplan til planarbeidet.

I tillegg har Time søkt – og for 2023 og 2024 blitt tildelt – 27,7 millionar kroner frå ein særskild samferdselpott (for planlegging/regulering/oppstart av vegprosjekt som er rekkefølgjekrav for utvikling av område for areal- og kraftkrevjande industri) i Rogaland fylkeskommune.

Fylkestinget auka denne potten i desember 2022, etter forslag frå Høyre-representant Ole Ueland, som i dag er fylkesordførar.

Så langt i år har Time kommune betalt ut fire millionar kroner for arbeidet med fylkesvegen, etter faktura frå TE.

Valet av Time Energipark som utbyggingspartnar var elles ikkje resultat av nokon offentleg anbodsrunde.

Kvelden før rettsmøtet, under kommunestyremøte i Time, stiller Industri- og næringspartiets representant Kjell Høgemark spørsmål ved dette til Høyre sin ordførar Andreas Vollsund. Er kjøpet av planarbeidet frå TE utført etter reglane for offentlege anskaffingar?

Time kommune står ikkje som kontraktspart for kjøp av plantenestene, forklarar ordføraren, og kan dermed «ikkje sjå at dette forholdet er omfatta av lov om offentlege anskaffingar».

«Me opplever dette som eit pågåande overgrep mot oss og grunnen vår.»

Betuel Frøyland, grunneigar

Vollsund viser til at Time kommune ved fleire høve har inngått slike avtalar om utarbeiding av områdeplanar med private aktørar. Til dømes om industriområda NB1- NB3 på Re og Svertingstad, samt i Larheia på Lye.

Lokalkjende lesarar vil vita at desse områda, som Kverneland og Kalberg, båe er gode jordbruksareal. Og at det er den same private aktøren med tette band til rådhuset som ønskjer å bygga ned båe.

Til kommunestyret forklarar ordføraren vidare at ein områdeplan er ein kommunal plan, og ikkje omfatta av gebyrforskrifta. Gebyrforskrifta fastset kva gebyr og tilhøyrande reglar som gjelder for brukarbetaling.

Og rett nok, etter det Bondevennen kjenner til har ikkje Time kommune sendt Time Energipark ein einaste faktura på gebyr for nokon type søknad. Ei heller for den mykje omtalte søknaden om dispensasjon som skulle setja Green Mountain i stand til å starta bygging av datasenter alt i januar i år. Søknaden vart droppa etter sterk kritikk frå Statsforvaltaren og fylkeskommunen som kravde skikkeleg prosess.

I vegen? Den kritisk trua vipa er blant fleire raudslista fugleartar som hekkar i området som er sett av til industri og veg. Utbyggar Time Energipark hevdar dei alltid har tatt omsyn til naturmangfaldet, men det var først etter at grunneigarane påpeikte manglande utgreiing jmfr naturmangfaldslova, at Time Energipark fekk laga rapportar om fuglane. Foto: Istock / Richard Hadfield

I vegen? Den kritisk trua vipa er blant fleire raudslista fugleartar som hekkar i området som er sett av til industri og veg. Utbyggar Time Energipark hevdar dei alltid har tatt omsyn til naturmangfaldet, men det var først etter at grunneigarane påpeikte manglande utgreiing jmfr naturmangfaldslova, at Time Energipark fekk laga rapportar om fuglane. Foto: Istock / Richard Hadfield

Ikkje del av avtalen

Tilbake til omkøyringsvegen, den me er her på grunn av.

I nemnde samarbeidsavtale står det ingenting om den.

Ingen veit heller kor mykje vegen vil kosta. Berre at den blir dyr.

– Før me veit noko som helst må me ha ein områdeplan, vita kor brei vegen skal vera, farten, om den skal vera i dagen eller tunell. Før me undersøkjer, veit me ikkje kor mykje den kostar, forklarar Tvedt.

Er det ein eigen avtale mellom kommunen og TE om vegen då, vil advokat Lande vita.

– Nei, svarer Tvedt.

– Omkøyringsvegen er ikkje omfatta av samarbeidsavtalen. Me forheld oss til fylket.

Jau, del av avtalen

Ifølgje den offentlege vekeplanen hans, skal han vera på «Filming» nå, men etter lunsjpausen dukkar ordføraren i Time kommune opp som vitne. Han avlegg eid og tar plass i boksen.

Advokat Lande spør om han er kjend med samarbeidsavtalen.

– Ja, svarar Vollsund.

– Omfattar avtalen omkøyringsvegen (som er ein fylkesveg, min merknad)?

– Det er eg ganske sikker på. Det gjeld kommunaltekniske forhold, svarar ordføraren.

– Advokaten ber retten merka seg skilnaden i Time Energipark og ordføraren si oppfatning av felles avtale, seier advokat Lande.

På veg ut av vitneboksen helsar ordførar Andreas Vollsund «Lukke til!». Kven han helsar, blir hengande i den tette lufta.

Vil ha veg: Ordførar i Time kommune, Andreas Vollsund (H), på plass i vitneboksen. Til venstre saksøkar Tom Tvedt og hans advokatar Daniel Røvik og Olav Todnem. Til høgre dei saksøkte sin advokat Henrik Lande.

Vil ha veg: Ordførar i Time kommune, Andreas Vollsund (H), på plass i vitneboksen. Til venstre saksøkar Tom Tvedt og hans advokatar Daniel Røvik og Olav Todnem. Til høgre dei saksøkte sin advokat Henrik Lande.

Kjem aldri til å samtykka

Alle på tilhøyrarbenken må ut av rettssalen når grunneigar Bjørn Lende, samt naturfagleg konsulent i Ecofact Bjarne Homnes Oddane vitnar. Det skal handla om hubro, såpass forstår me. Og såpass sårbar er arten, at om den finnast i planområdet, så må hekkeplassen haldast hemmeleg, blir fuglen forstyrra kan den forlata reiret.

Alle kan derimot høyra Betuel Frøyland.

– Me opplever dette som eit pågåande overgrep mot oss og grunnen vår, seier han frå vitneboksen.

Han, og den nå avlidne faren Jostein Frøyland, har alt kjempa mot byggeplanar over jorda si i to tiår.

– Eg kjem aldri til å samtykka til grunnundersøkingar. Men eg kjem heller ikkje til å fysisk hindra dei, om dei kjem, slår Frøyland fast.

Han hevdar å snakka på vegne av dei seks andre saksøkte.

Saksøkte: Advokat Henrik Lande t.v. representerer dei saksøkte grunneigarane, som i sin tur er representert i rettssalen ved Betuel Frøyland (midten) og Bjørn Lende.

Saksøkte: Advokat Henrik Lande t.v. representerer dei saksøkte grunneigarane, som i sin tur er representert i rettssalen ved Betuel Frøyland (midten) og Bjørn Lende.

Vil han også motsetja seg grunnundersøkingar etter hekkesesongen, vil TE sin advokat Olav Todnem vita?

– Eg gir ikkje samtykke, svarar den saksøkte.

– Men vil du hindra dei, spør advokaten.

– Eg samtykker ikkje!

Frøyland ropar nesten.

– Men eg vil ikkje setja meg fysisk til motverje. Eg vil berre bruka dei juridiske midlane eg har.

Alle i salen veit at arkeologane byrja grave 29.april, slik Time kommune vedtok at dei hadde rett til. Og at ingen av grunneigarane hindra dei.

Advokat Todnem, som elles skal vera vanskeleg å vippa av pinnen, verkar plutseleg himmelfallen.

– Men kva gjer me her då, spør han.

– De var de som ville at me skulle vera her, kjem det frå kollegaen på andre sida av salen, som også minner om den mellombelse åtgjerda som saksøkjar krev.

«Det uklare er at det ikkje blir presisert at ‘ok, velkomen til vår gard’.»

Advokat for Time Energipark, Olav Todnem ​

Todnem slepp ikkje taket.

– Det uklare er at det ikkje blir presisert at ‘ok, velkomen til vår gard’, seier han.

Augene rullar høglytt blant dei saksøkte på tilhøyrarbenken.

– De er ikkje velkomne. Men de har heimel til å koma, prøver grunneigarane sin advokat seg att.

Vegen opnar seg

Olav Todnem talar omsider for alle partar når han ei god stund etter oppsett framdriftsplan slår fast at det har vore ein lang dag og eit intensivt rettsmøte.

Seks dagar seinare tapar han og Time Energipark AS saka. Retten meiner det ikkje er naudsynt med ei mellombels åtgjerd for å sikra saksøkjar tilgang til dei aktuelle eigedommane. Grunneigarane frifinnast og kan konsentrera seg om vårvinna att. (Les saken Bøndene vann her)

Men spørsmåla om korleis ein byggjer veg i Time kommune har ikkje blitt færre.

«Lukke til!»

Ordførar i Time kommune, Andreas Vollsund (H) ​

Stikkord denne saka: