Hadle Nevøy er ein av talarane under bygdedagane i Heskestadbygda.

Hadle Nevøy er ein av talarane under bygdedagane i Heskestadbygda.

Bondens hjørne er eit tematreff for landbruksinteresserte, og er ein del av bygdedagane.

 

Jofrid Åsland

 

– Korleis kan kvar einskild bonde og det lokale landbruket  bidra til auka matproduksjon og berekraftig utvikling? er inngangsspørsmålet for tematreffe.

Fleire kjende namn skal halde innlegg om stoff knytt til spørsmålet: Ole Andreas Byrkjedal skal snakke om; drivande bønder og levande bygder. Norsk biff og i framtida, er tema når Guro Hansen, produksjonsrettleiar hjå Fatland, får ordet. Anikken Birkeland arbeider med helse miljø og tryggleik innan industri og olje, og vil snakke om problemstillinga; frå olje til ull.

– Kva og korleis skal eg tenke slik at eg oppnår eit driveverdig gardsbruk med lønsemd i drifta, er tema når den framtige bonden, Kristian Ollestad kjem til orde.

Hadle Nevøy, landbruksdrirektør i Rogaland, skal snakke om kva styresmaktene seier om den overordna problemstillinga for treffet.

Tematreffet inngår som en del av marknadsdagen, som arrangerast på Ualand lørdag.

Ved samfunnshuset og i ”gadå” vil mange utstillarar stille ut sine produkt, og krambua kan by på lokal kortreist mat.

Stikkord denne saka: