Betre talgrunnlag: Figgjo-bonde Sven Martin Håland er ein av dei fem bøndene bak #Bondeopprør21. – Motivasjonen for opprøret er å få på plass eit betre talgrunnlag, eit som speglar verkelegheita, seier han.
Talgrunnlaget for jordbruksoppgjeret må endrast, meiner bøndene bak #Bondeopprør21. Tusenvis har slutta seg til initiativet.

Jane Brit Sande

Søndag for snautt to veker sidan starta fem bønder, frå ulike deler av landet, Facebook-gruppa #Bondeopprør21. Målet er å mobilisera grasrota fram mot jordbruksforhandlingane. I det Bondevennen gjekk i trykken måndag, hadde medlemstalet bikka 10 000.
Sven Martin Håland, mjølkeprodusent på Figgjo i Sandnes, og Hans Jørgen Boye, produsent av mjølk, slaktegris og korn på Nes i Hedmark, er to av bøndene bak aksjonen.

– Motivasjonen for opprøret er å få på plass eit betre talgrunnlag, eit som speglar verkelegheita. Me får ein betre posisjon inn mot forhandlingane med rette tal, seier Håland.

– Dette er eit engasjement på tvers av regionar. Det er ein styrke, seier Boye.

Bønder kjenner seg ikkje att i tala som blir nytta i jordbruksoppgjera.

– Budsjettnemnda sine tal er på feil grunnlag. Nedleggingstakten i næringa er ein betre fasit på økonomien, enn slik Stortinget tolkar den, seier Boye.

– Med talgrunnlaget slik det er no, bør folk rekne ei ekstra gong før dei investerer. Det kan bli lite pengar att etterpå, seier Håland.

Starta i lokallaga

Opprøret er ikkje eit spark mot faglaga, understreker bøndene.

– Me har gjort vårt for å vere ryddige, og har jobba med å få saka gjennom frå lokallagsnivå og oppover. Saka om talgrunnlaget har fått gjennomslag i fleire fylkeslagsårsmøte i Bondelaget, og vart ein del av resolusjonen på representantskapsmøtet, seier Håland.

Hans Jørgen Boye
Foto: Privat
Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag er demokratiske organisasjonar, som baserer seg på engasjement frå grasrota, seier han.

– Det er vår rett å ta initiativ utan at det utfordrar organisasjonen, seier Håland.

Begge faglaga var på banen og erklærte si støtte til #Bondeopprøret21 kort tid etter at oppropet vart lansert.

Posisjon før forhandlingane

Berre dagar etter at opprøret vart lansert, la Budsjettnemnda for jordbruket fram tala som viser inntektsutviklinga til bøndene før årets jordbruksoppgjer.

– Me har ikkje sett det som realistisk at me ville få endra talgrunnlaget før forhandlingane no i år. Vårt mål er å skaffa oss solid posisjon i forkant. Det er viktigare enn å protestera etterpå, seier Håland.

Sidan saka er ein del av resolusjonen til Norges Bondelag, vil det bli lagt føringar i kravet om eit nytt talgrunnlag. Det betyr at Stortinget må vurdera dette, seier Håland.

– Til hausten er det tid for valkamp. Då må politikarane halde seg til eit talgrunnlag som syner at bonden tener mindre enn dei hadde trudd. Det vil overraska meg stort om det ikkje er på plass eit nytt talgrunnlag til neste års forhandlingar, seier Håland.

Striden om talgrunnlaget er ikkje noko nytt. Bondelaget har spelt inn krav om nytt talgrunnlag to gonger før, utan å få gjennomslag.

– Me må spørja politikarane om dei er klare til å ignorera eller ikkje innfri krava til oppgjeret. Viss ikkje dei gjer det, tar dei eit aktivt val der norsk landbruk gradvis forsvinn, seier Boye.

Er det rett av bonden å investera i landbruket, når viljen til å betala for jobben manglar?
Sven Martin Håland

Stortinget har ansvaret

I oppropet skriv bøndene at «politikken er skakkjørt og virker ikke lenger. Det kan vi ikke akseptere».

– Sjå berre i partiprogramma til dei ulike partia. Alle skriv det skal vere lønsemd i landbruket. Dei i posisjon veit ikkje kva status i næringa er, så lenge tala blir halde tilbake, seier Håland.

– Politikarane er nøgde berre matproduksjonen blir halde oppe. Me må få dei til å forstå at bonden ikkje tener pengar, seier Boye.

Stortinget har ansvar for eigen landbrukspolitikk, seier bøndene.

– I Stortingsmeldinga for jordbruket står det lista opp forskjellege forventingar og krav til jordbruket: Produsera og levera trygg mat, matsikkerheit, turisme og liv i bygdene, for å nemne nokon. Me innfrir på alle punkt. Men kva med Staten? Er politikarane klar over at dei ikkje leverer eigen politikk, spør Håland.

– Dei følgjer ikkje opp sin del. Det er politikarane som eig politikken, og dei innfrir ikkje. Alternativet er at me seier nei til dugnaden.

Bondelaget kan ikkje signera på ein avtale som ikkje tettar inntektsgapet, seier bøndene.

– Dette ansvaret må ligge hjå Stortinget. Me må ha ein debatt om kva landbruket skal levera, og det må vere med det rette talgrunnlaget, seier Håland.

Må tene pengar

Den dagen du tener pengar på verdiane i garden, er den dagen du legg ned drifta og leiger ut jord, kvote og driftsbygningar, ifølgje Boye og Håland.

– Det er heilt feil at ein må slutta som bonde for å bli rekna som del av næringslivet elles, seier Håland.

– Det er meir lønsamt å sette pengane i eit aksjefond, og sette seg ned og drikke kaffi, enn det er å investere dei i garden, seier Boye.

Landbruket sin posisjon i samfunnet er lågare enn det næringa og bøndene sjølve likar å tru, seier duoen.

– Med ein betre posisjon, vil me få aksept for å tene pengar. Då må me ha eit betre talgrunnlag som grunnlag for diskusjonen, seier Håland.

Skal det vere eit mål med norsk matproduksjon, må det også vere mogleg å tene pengar. Utviklinga i landbruket er urovekkande. Dei siste 20 åra har talet på gardsbruk blitt halvert, i følgje Boye.

– Kostnadsutviklinga i jordbruket er mykje kraftigare enn kva som kjem fram i talgrunnlaget. Det er blitt slik at viss bonden seier at kontoen er tom, så tar bonden feil, fordi det samsvarer ikkje med kva som kjem fram i NIBIO sin statstikk eller budsjettnemnda sine tal. Me må sjå på systemet, seier Boye.

Politikarane er nøgde berre matproduksjonen blir halde oppe. Me må få dei til å forstå at bonden ikkje tener pengar.
Hans Jørgen Boye

Investering=risiko

Det er liten politisk vilje til å gi løn for arbeid, risiko og investering i landbruket, i følgje bøndene.

– Er det rett av bonden å investera i landbruket, når viljen til å betala for jobben manglar? Me bønder må spørje oss sjølve: Kor tener eg mest pengar? Kva vil eg? Me har vilje og arbeidskapasitet, men vel å sjå vekk frå at kostnadane har auka, seier Håland.

– Når investeringar blir vurdert i anna næringsliv, spør dei seg «Vil dette vere lønsamt?», medan i landbruket spør me oss sjølv «greier eg å betale gjelda?», seier Boye.

I takt med at investeringane blir større, aukar også risikoen.

– Mange satsar på at renta held seg rekordlåg. Det er farleg spel, seier Håland.

– Det kan ikkje vere ein føresetnad at kona blir verande på garden, og har løna arbeid utanom. Investering og arbeid skal bære seg sjølve. Me trenger ei oppvakning hjå bonden også, seier Håland.

Stikkord denne saka: , , ,