Eit døgnope og ubemanna lokalt samvirke: Ti matprodusentar frå Ryfylke skal selje produkta sine frå same butikk.

LOMA Ryfylke: f.v. Sverre Gustav Birkeland og Håvard Lunde, Saudamat, Lasse Eide, Træ Gården, Astrid Brommeland, bygdeutviklar hjå fylkesmannen i Rogaland, Mette Vatland, Storstova Gard, Karoline Vetrhus, Noble Bee, Jon Anders Fuglestein, Fuglestein Fruktgard, Tor Åge Hundseid, Vikedal Gardsmat, Anita Øvregård, Øvregård, Bente Hjorteland Erfjord, Bentes Heimebakst, Karl Henrik Landsnes, Landsnes villsauprodukter og Rolf Henrik Tveit, Hanakamneset Gard.

Nei, det er ikkje namnet på ein sjølvhøgtideleg restaurant eller ein ny fjørferase. Loma er noko så jordnært som ein døgnopen, ubetjent, LOkalMAtbutikk i Ryfylke.

Liv Kristin Sola

Vel, litt tidleg er det å skryte på seg at butikken er døgnopen. Men teknologien skal på plass slik at du som kunde kan låse deg inn i butikken når som helst på døgnet, ved bruk av betalingskort. Forsyne deg av kortreist mat produsert på ti ulike gardsbruk i Ryfylke. Betale, gjerne takke fint for maten via overvakingskameraet, og registrere deg ut att.

Om å kaste seg rundt

For fem veker sidan kjende dei knapt til kvarandre. No har dei ti bøndene sjaua i lag mest kvar dag, utan å eigentleg ha tenkt heilt gjennom kva dei er med på, før no på opningsdagen.

– Alle er nøgde, men ingen av oss veit eigentleg kva me har gitt oss ut på, seier Anita Øvregård.

– Nettverksbygging i praksis, konstaterer Astrid Brommeland med eit stort smil.

Astrid er fylkesmannen sin bygdeutviklar i Suldal, og hjernen bak Lomaprosjektet. Ho er den som får ting til å skje, skal me tru bøndene.

– Dette hadde aldri blitt noko av utan Astrid, seier Karoline Vetrhus, som er på opninga med Goran Opacic sin honning.

Bøndene skryt av prosjektleiaren, som på si side takkar fylkeskommunen og bygdekvinnelaget for støtte og pengar til oppstartsfasen.

Fulle kjøler og fryseboksar

Hjå Astrid hadde tanken om ein felles butikk modnast ei stund. Ho mangla berre dei rette lokala for å få ballen til å rulle. Mest dagleg fekk ho telefonar frå uroa lokalmatprodusentar som alle song det same refrenget; fulle kjøler og fryseboksar. Julematen hopa seg opp fordi marknadar og julemesser vart avlyst.

– Bøndene var frustrerte og mange vurderte eigne gardsutsal. Eg trur dette er ei mykje betre løysing, seier Astrid.

Bygdeutviklaren fekk nyss om eit tomt butikklokale – midt i Sand sentrum. Med store vindauge, inngang rett frå gata, og nabo til den nyopna matbutikken, kafeen, bygdas nye vinmonopol, hurtigbåtkaia og torget. Med to månadar til jul, vart det ikkje tid for nøling. Med to dagars frist inviterte ho aktuelle produsentar til synfaring i butikken. Ingen kom. Men e-postane begynte å tikka inn etter kvart som bøndene fekk tid til å lese meldinga.

– No er me i gang – og no startar jobben, seier Astrid.

No overlèt ho styringa til bøndene. Rykta vil ha det til salet har gått over all forventning. Truleg gjorde dei lurt i å satse, litt sånn frå hofta, dei bøndene som valde å bli med.

– For dette er smaken av Ryfylke, seier Sverre Gustav Birkeland i Saudamat.

Yngst: Karl Henrik Landsnes er den yngste i samvirket, men bedrifta er blant dei med lengst fartstid. For snart tjue år sidan starta besteforeldra med foredling og sal av kjøt frå villsauen på Landsnes. I fjor produserte dei 1,2 tonn kjøt, og hadde berre rundt hundre kilo att.

Fulle handleposar: Tove og Morten Rygh frå Jørpeland var blant dei første kundane i butikken. – Me vil ha smak og kvalitet. Eg håper verkeleg dei lukkast her, seier Tove. Tidlegare fekk dei kjøpt lokalmat på Jørpeland, men butikken måtte legge ned etter korona. Paret var nøgd då dei oppdaga kjøt frå Saudamat i ein av diskane. – Til jul skal me ha det beste, og det får me her, konstaterer Morten.

Lefser: Bente Hjorteland Erfjord (t.h.) kan stå opp klokka fire om morgonen for å bake lefser. Så kjekt er det. For Bente har Loma vore det sparket ho trengde for å etablere Bentes heimebakst som ei «ekte» bedrift, med organisasjonsnummer. Torill Kvæstad er fast lefse-kunde. Kvardagsmaten handlar ho på butikken, men når ho skal ha noko ekstra godt, er det lokalmat som tel.

Tenker stort: – Me har 2000 hytter i kommunen. Der sit pengane laust, humrar Tor Åge Hunseid (t.h.) frå Vikedal Gardsmat.

No tenker han stort og vil utvide Loma med ei avdeling sentralt i Stavanger sentrum.

– Me skulle servert byfolka kjøtkaker, flesk og duppe. Ja, skikkeleg bondekost, det hadde dei likt, slår han fast.

Tor Åge er ein av finalistane i Det Norske Måltid 2020.

Anita Øvregård starta i det små med å bake flatbrød ved kjøkenbenken heime på Imsland i Vindafjord. No er flatbrød frå Øvregård ettertrakta langt utover Ryfylkegrensene. No drøymer bonden om å produsere smør frå sine eigne kyr som kan følgje flatbrøda.

– Eg serverer aldri halvfulle glas, seier Jon Anders Fuglestein, og slår raust i glaset med eplemost av Rubinstep frå Fuglestein Fruktgard.

Han har planta 17.000 epletre og i år var første sesongen kor det verkeleg skulle bogne av smakfulle eple. Ein kald vår ville det annleis.

– Men neste år blir året, seier Jon Anders.

Ikkje tid til å angre: Bygdeutviklar og prosjektleiar, Astrid Brommeland, ga bøndene fem veker til på å gjere seg klar til å opne butikk. Blant dei som kasta seg på var Mette Vatland frå Storstova Gard på Hebnes og Anita Øvregård frå Imsland i Vindafjord. Mette sel egg frå frittgåande høner. Anita sel flatbrød med sesamfrø og flaksalt. 

Bittelitt av utvalet: Skinke frå Vikedal Gardsmat, Fenalår og spekepølse av villsau frå Landsnes Villsauprodukter, Flatbrød frå Øvregård, Honning frå Hardanger, frå Goran Opacic på Jelsa, og chorizopølse av utegris frå Hanakamneset. 

Stikkord denne saka: