Klar for bygging: Rådgjevar Andreas Lundegård t.v. og bonde Lars Henry Dagsland diskuterer dei siste detaljane i byggeplanane. Positiv respons frå Innovasjon Norge er avgjerande for at 34-kyrs fjøset kan realiserast. Bygningen skal etter planen reisast på tomta bak grinda og koplast saman med det eksisterande båsfjøset.

Tidenes tørkesommar og signal om renteauke til hausten har ikkje tatt motet frå Lars Henry Dagsland. Den unge bonden er i ferd med å setja planane om å bygga nytt fjøs ut i livet.

Sjur Håland

Ei eventuell renteauke til hausten er teken høgd for i driftsplanen med god margin, og blir ikkje avgjerande for om bygningen blir reist eller ikkje.

– Det meste talar for at det blir bygging. Arealressursane er gode, samstundes er båsfjøset med plass til 24 kyr i minste laget og i ferd med å bli utdatert, seier Dagsland.

Saman med Karianne Dagsland, som har sitt arbeid utanom bruket, driv han med mjølkeproduksjon og litt sau på garden Liatre i Skjold i Vindafjord. Hovuddelen av det eksisterande fjøset på garden er frå 1980, medan ein del av bygningen er frå 1950-talet. Det er på tide med ei fornying.

Akseptabelt gjeldsnivå

31-åringen har brukt dei siste tre, fire åra til å vurdere ulike løysingar. Nå blir det truleg eit lausdriftsfjøs med mjølkerobot og plass til 34 kyr. I kalvingsperioden vil det vera press på plass, og planen er då å nytta ledig rom i velferdsavdelinga. Dagsland utnyttar beiteressursane på garden og legg opp til eit framleis løp med konsentrert haustkalving. Det nye fjøset på 500 kvadratmeter blir bygd saman med den eldre driftsbygningen som skal nyttast til ungdyr og serviceareal. Driftsplanen legg opp til ei investering på seks millionar kroner.

– Eg vil ikkje låna pengar til over pipa. No vil eg etter investeringa enda opp med ei gjeld på seks til sju millionar kroner, noko det skal gå an å leva greitt med. Andreas Lundegård frå Tveit Regnskap, som har utarbeidd driftsplanen, er samd.

– Eg trur dei som skal vera med og finansiera vil gi tommel opp for dette prosjektet. Ut frå føringane om at mindre mjølkebruk skal prioriterast, har me lagt til grunn maks utteljing frå Innovasjon Norge, forklarer han.

Treng Innovasjon-støtte

I tillegg til lånesøknad i den lokale sparebanken, har Dagsland søkt Innovasjon Norge om finansieringsstøtte på to millionar kroner. Eit positivt svar frå sistnemnde vil vera avgjerande for realisering av byggeplanane. Svar ventast i september.
Mjølkekvoten, som i dag er 181.000 liter, skal aukast til 270.000 liter. Turvande leigeavtalar er på plass. Å leiga blir vurdert som gunstigare enn å kjøpa mjølkekvote. Eigd og leigd jord ligg samla, han har kort veg frå tunet til det grøne matfatet. Til saman disponerer bonden 210 dekar dyrka jord. Behovet for innhausta grovfôr er 130.000 FEm per år. I eit normalår gir arealet 140-150.000 FEm. Her er med andre ord litt å gå på. Fram til no har overskotet av grovfôr blitt selt.

Usikre faktorar

Lars Henry Dagsland håpar det kan bli bygging alt til vinteren. Han brettar opp skjorteermane og er viljug til å satsa på ei framtid som mjølkeprodusent i ein marknad der det er mange usikre faktorar. Reduserte avlingar som følgje av tørkesommaren er eitt døme. Med ei totalgjeld på 6,6 millionar kroner etter investeringa, vil eit kraftfôrprishopp på 50 øre utgjere 71.000 kroner. Ei endring i mjølkeprisen på 50 øre vil utgjera 138.000 kroner. Ei renteendring på eitt prosentpoeng betyr 66.000 kroner på eitt år. I finansieringsoppsettet er det lagt til grunn 20 års avdragstid med annuitetslån og eit rentenivå på seks prosent. Det betyr at det er ein buffer på tre prosent. Andreas Lundegård har tru på bonden.

– Om enkelte faktorar er usikre, er det i stor grad produksjonsresultatet som avgjer om ein lukkast eller ikkje. Lars Henry er ein nøktern og dyktig bonde som har synt kva han duger til frå han tok over bruket i 2012, så dette går bra.

Tid til familien

Tobarnsfaren gler seg saman med familien til å kunna ta eit lettstelt fjøs med mjølkerobot i bruk.

– Eg vil få ei meir fleksibel arbeidstid enn i dag. Det er særleg viktig i høve å kunna følgja opp barna. Mykje av fritidstilboda skjer på kvardagane mellom kl. 17-19. Med nytt fjøs og ny teknologi slepp eg å vera låst til fjøset i dette tidsrommet.

Bør tola ei lita renteauke

Norges Bank varslar mogleg renteauke til hausten. – Ei marginal renteauke er ikkje dramatisk for landbruket, meiner rekneskapsførar på Haugalandet.

Sjur Håland

Gjelda har auka markant blant bøndene på Haugalandet dei siste åra, men ei renteauke på ein halv prosent vil ikkje øydeleggja nattesvevnen, meiner Andreas Lundegård, rekneskapsførar og rådgjevar i Tveit Regnskap AS.
Dei fleste bøndene er langt meir opptekne av konsekvensane og ekstrakostnadane i kjølvatnet av tørkesommaren enn den komande varsla renteauken. Gjeldssituasjonen hjå bøndene på Haugalandet er ikkje alarmerande høg. Lundegård har sett nærare på kring 250 gardar i distriktet, dei fleste heiltidsbruk. I 2016 var gjelda i snitt 2,98 millionar kroner. Ei auke på drygt 500.000 kroner frå 2012, då gjelda på desse bruka var 2,3 millionar kroner. Om ein går ti år tilbake, var snittgjelda 1,2 millionar.

– Ei markant auke, sjølvsagt, men eg vil likevel ikkje seia at me har eit urovekkjande høgt gjeldsnivå, understrekar Lundegård, som også held fram det positive i at eigenkapitalen, i kroner og øre, ikkje er redusert i denne perioden kor mange bønder har bygd ut bruka sine.

Andreas Lundegård

Ikkje all verda

Rentenivået på lån ligg hjå dei fleste på 2,75-3 prosent. På bruk med høg gjeldsandel vil bankane rekna eit risikotillegg på kring to prosent i tillegg.

– Så ei renteauke på 0,5 prosent er ikkje all verda?

– Nei, den trur eg bøndene fint handterer. Om gjelda er 2,9 millionar, utgjer ei renteauke på dette nivået 14.500 kroner.

Tveit Regnskap fører 1700 landbruksrekneskap. Kundane er i området mellom Stavanger og Bergen, med hovudtyngda på Haugalandet. Firmaet har enkelte kundar med ei samla gjeld på mellom 10-15 millionar kroner.

– Har du ti millionar i gjeld, vil ei renteauke på 0,5 prosent utgjera 50.000 kroner i året, illustrerer han.

Legg inn buffer

Andreas Lundegård har vore tilsett som rekneskapsførar og rådgjevar hjå Tveit Rekneskap sidan 1998. Endringane har vore enorme i desse åra.

– I dag betyr ei investering i ny driftsbygning på eit mjølkebruk fem til ti millionar kroner. Ei storsatsing av dette formatet får konsekvensar for brukarane i mange tiår. I driftsplanen som blir laga i samband med investeringa, legg me til grunn eit rentenivå på seks prosent, slik at det alltid er ein buffer til stades.

Bønder som nyleg har investert i nybygg til mjølkeproduksjon, får det alltid ekstra tøft dei første åra, før drifta og innteninga er oppe på eit normalt nivå. Årets tørkesommar vil gjera situasjonen ekstra vanskeleg for mange.

– Auka økonomisk press grunna overproduksjon på sau, storfekjøt og mjølk var fram til i sommar største faren. Nett no handlar det meir om konsekvensane av tørken.

– Kva er ditt viktigaste råd?

– Reint generelt handlar det om å optimalisere drifta på garden. Syt for å levera så gode resultat som råd i drifta di.

– Er det aktuelt å binda renta?

– Det vil eg ikkje tilrå. Ei flytande rente er nok det beste saman med optimalisering av drifta på garden. Men ligg du på grensa og ikkje toler eit rentenivå som ligg to prosent over dagens nivå, kan rentebinding vera eit alternativ.

Stikkord denne saka: