I front for grunneigarane: Rogaland Bondelag har teke initiativ til at Gjesdal, Bjerkreim, Helleland og Lund har etablert eigne grunneigarlag for å ivareta landbruket og enkeltbønders interesser fram mot vedtaket om ny E39, som er venta i løpet av neste år. Bente Gro M. Slettebø er styremedlem i fylkeslaget og ein av pådrivarane.

Statens vegvesen er i ferd med å landa traseen for ny E39 mellom Lyngdal og Ålgård. Nå organiserer grunneigarane i Rogaland seg for å få ei hand på rattet før siste streken blir sett på kartet.

Sjur Håland

Siste høyringsrunden nærmar seg med stor fart. Gigantprosjektet handlar om kring 100 kilometer firefelts 110 km/t høghastigheitsveg. Traseane er smala kraftig inn i høve til då prosessen starta. Frå 2 kilometers breidde, er det nå snakk om justeringar for å finna ut kor vegen skal leggast innafor korridorar på 400 meter.

Minst fotavtrykk

Innan Rogaland sine grenser står det reelt om to traseval, kor Statens vegvesen sin favoritt er den såkalla R1. Med 363 dekar dyrka mark, 530 dekar innmarksbeite, 300 dekar skog og 136 dekar dyrkbar mark, vil R1 i følgje vegvesenet gi det minste fotavtrykket når det gjeld landbruk.
I grendehuset på Helleland fekk 140 bønder informasjon om prosjektet, og advokatråd for korleis ein best kan opptre fram mot endeleg traseval – og fram til Nye Veier AS står på trammen for å forhandle om grunnavståing. Over nyåret kjem Statens Vegvesen med si tilråding, før vegplanen blir lagt ut til høyring på vårparten.

– Den jobben skal me prioritere. Det blir ei travel lemming, kommenterte Marit Epletveit, leiar i Rogaland Bondelag.

Kart: Innafor ein av desse tre 400 meter breie korridorane skal E39 liggja. Statens vegvesen held førebels ein knapp på R1. Kart frå Statens vegvesen si heimeside.

Engasjement er viktig

Advokat Elisabeth Nygård i advokatfirmaet Haver tilrådde grunneigarane å vera på banen framover.

– Engasjement er viktig. Det er smart å samordna interessene. De grunneigarar må utfordra lokale og sentrale politikarar og vera tidleg ute med gode og saklege argument, sa ho.

Bondelaga i Gjesdal, Bjerkreim, Helleland og Lund har no personsonar i eigne interimsstyre for grunneigarlag som skal sjå på korleis grunneigarlaga skal organiserast vidare.

– Alle som blir involvert, blir inviterte til å vera med i grunneigarlaget i kommunen sin, fortel Bente Gro M. Slettebø, bonde og grunneigar i Bjerkreim og styremedlem i Rogaland Bondelag.

Vil rusta grunneigarane

– Kva vil de oppnå, vegen kjem vel uansett?

– Rogaland Bondelag ser at prosjektet er stort og omfattande. I vår tid har me ikkje opplevd eit så stort eigedomsinngrep som dette i Rogaland før. Me treng å utstyra grunneigarane med dei turvande verktøya for at landbruket og bøndene blir så lite skadelidande som råd. Det er avgjerande viktig framover at grunneigarane får oppdatert oversikt og er med i prosessen inn mot målgang, meiner Slettebø. Ho held fram at det statlege selskapet Nye Veier AS arbeider hurtigare enn Statens vegvesen, og at det gjeld for bøndene å vera vakne og på hogget.

– Det er ikkje mange grunneigarar som har vore involvert i slike prosessar før. Me treng å vera budde og å vita kva som skal gjerast til ei kvar tid. Perfekt tima

– Er de eigentleg litt seint ute med denne organiseringa?

– Dette var perfekt timing. Me får tilbakemelding på at me heller er tidleg ute, sidan me ikkje heilt veit kva trase som til sjuande og sist blir valt. No får me uansett tid til å organisera oss grundigfør høyringsrunden startar. Interimstyra skal kalla inn dei råka grunneigarane i dei respektive kommunane. Då skal det også veljast formelle styre for grunneigarlaga, som får oppgåvene med å ivareta grunneigarane sine interesser framover.

– Då vil me også få ein oversikt over kor mange bønder som blir råka av vegprosjektet, det har me ikkje heilt oversikt over no, seier Slettebø.

Ho er innstilt på at ein del kamelar må svelgjast framover for alle som må avstå grunn til vegen, og for alle som brenn for jordvern og landbruk.

– Men me vil svelgja dei kamelane med minst hår, illustrerer ho.

Riv i hjarta

Fire felts motorveg langs den opphavlege «kjerrevegen» som svinga innom alle plassane der det budde folk, er vanskeleg å svelgja.

– Ja, det riv i hjarta. Trafikkgrunnlaget sør for Ålgård er jo avgrensa. Ei løysing med to og trefeltsveg, som også Rogaland fylkeskommune gjekk inn for, hadde vore betre.

Grunneigarlaga er skipa for at eigarane skal koma best mogleg ut av det ved å spela inn behov og løysingar for eigne bruk.

– Det blir vidare grunneigarlaga si oppgåve å nå fram med felles bodskap, støtte kvarandre og løfta fram gode lokale løysingar. I enkelte tilfelle vil det framleis vera aktuelt for enkelte grunneigarar å koma med eigne innspel i prosessen, understrekar ho.

Slettebø karakteriserer nye E39 som ei alvorleg sak for ressursgrunnlaget og jordvernet i Rogaland. Det blir nye bataljar framover.

– For eksempel dobbeltspor på Jærbanen. Me må vera vakne og hausta av dei erfaringane me gjer no til liknande små og store prosjekt. Rogaland Bondelag har opparbeidd seg eit godt kontaktnett, som må haldast varmt. Det gjer vondt når areal vert lagt under asfalt og betong. Når storsamfunnet sine interesser presser på, kan me kjenna oss små. Men me kan aldri tillate oss å berre stå og sjå på, seier ho.

 

Stikkord denne saka:
Share This