Benedikte og Morten Christensen har bygd fjøs til mjølk og ammekyr. – Samarbeidet med andre bønder har vore avgjerande for at me torde satsa, seier Morten.

Liv Kristin Sola

Benedikte Lerøy Christensen og Morten Christensen på Vågeneset er to av dei som er motivert av lokomotiva på Radøy. Morten har vore fasinert av gardsdrift og mjølkeproduksjon frå han var gutunge, og nabo til eit mjølkebruk. Som tenåring var han avløysar hjå fleire lokale bønder før han fekk pakte hjå ein av dei.

I 2010 fekk paret kjøpt mjølkebruket på Vågeneset som Morten hadde pakta sidan 2006. I 2016 bygde dei robotfjøs med plass til 37 mjølkekyr og brukte båsfjøset til ammekyr.

– Tungvindt opplegg både for dyra og for oss, seier Benedikte.

I fjor forlenga dei mjølkefjøset med 20 meter for å få plass til 26 ammekyr under same tak som mjølkekyrne.

– Rimelegaste utgåve med sandwich i vegger og tak og naturleg ventilasjon, seier Morten.

– Men tusen gonger betre enn i båsfjøset, seier Benedikte.

Mjølk og kjøt under same tak: I 2016 bygde Benedikte og Morten Christensen fjøs til 37 mjølkekyr. To år seinare forlenga dei bygget med 20 meter og fekk plass til 26 ammekyr under same tak, og ved same fôrbrett.

Lever av garden

Dei disponerer 330 tonn kvote og driv 500 dekar dyrka jord og 1000 dekar innmarksbeite. Jorda betaler dei ingenting for, men dei legger vekt på å halde den i god stand og har brukt mykje tid på rydda beita for kratt og brake.

– Utan desse beiteressursane hadde det vore krevjande å satse på ammeku, seier Morten.

Fjøset er bygd i utmarka slik at døra kan opnast og dyra kan spasere ut på beite – og inn att for å mjølkast i roboten. Planen var at Morten skulle drive garden. Benedikte jobba i Sparebanken Vest og skulle trø til når det trengtes. Bonden legg ikkje skjul på at gardsarbeidet vart stadig meir interessant etterkvart som ho vart meir aktiv i drifta og lærte meir.

No er dei heiltidsbønder begge to.

Paret har tre barn på åtte, ti og tolv år og ein fleksibel kvardag har vore det aller beste med nytt fjøs.
– Høve til å planlegge vår eigen arbeidsdag og vere heime når ungane kjem frå skulen, det er ein stor verdi i seg sjølv,seier 36-åringen.

Avhengig av samarbeid: Benedikte og Morten Christensen vart motivert av andre som torde satse. Dei kjøpte gard, bygde fjøs og er begge heiltidsbønder, og nyt godt av eit aktivt samarbeid med andre bønder på øya. – Hadde me stått åleine hadde kvardagen vore meir krevjande, seier Morten.

Les om satsing i Vestland her.

Unikt samarbeid

Dei unge bøndene er med i maskinlaget på øya og har eit spesielt tett samarbeid med tre av bøndene i området. Dei deler ikkje berre på maskinar, men er like
rause med å dele på arbeidstid og kunnskap.

– Då me tok i bruk mjølkefjøset var kollega Elisabeth Hella (Hedra samdrift) her kvar dag ei heil veke for å hjelpe til, seier Morten.

Nettverket er viktig, men har du interesse nok, kan du få det til.

– Hadde me stått åleine, hadde kvardagen vore meir krevjande. Det er nok av dei som er negative til satsinga vår, seier Morten.

Benedikte og Morten håper dei kan inspirere andre unge bønder, og inviterer gjerne til gards for alle som vil sjå. Blant anna har dei to gonger arrangert Open
gard i regi av Bondelaget.

Strekker seg langt

Karsten Valland i Innovasjon Norge meiner Benedicte og Morten sitt prosjekt er av typen han gjerne ser fleire av i søknadsbunka. Han seier IN vil strekke seg
langt for å hjelpe, men understreker at det må vere realisme i prosjekta.

Mjølkefjøset til Christensen hadde ein prislapp på 6,2 millionar. Påbygget til ammekyr kom på 4,25 million. Frå innovasjon har paret fått 2,1 millionar totalt.

– Her har dei etablert to arbeidsplassar for ein svært rimeleg penge for staten. Eg har ikkje det minste ilt av at dei har fått over to millionar. Aller helst skulle dei hatt meir, seier Karsten Valland.

Karsten Valland, Innovasjon Norge Vestland.

Stikkord denne saka: , , ,