Blaut mark på Tjelta.

Bløyta har bremsa framdrifta i vårvinna på Jæren. Dette biletet er frå Tjelta i Sola. Foto: Liv Kristin Sola.

Rangvald Gramstad er framleis positiv trass i ein spesielt blaut og kald vår.

 

Jofrid Åsland

 

– Det er ein veldig spesiell situasjon me står i, men statusen når det gjeld overvintring av gras er veldig bra, fortel Rangvald Gramstad, seniorrådgivar hjå Norsk Landbruksrådgiving.

Han opplyser at areala står fint, men at veksten ligg halvannan til to veker etter fjorårets vår. Vidare fortel Gramstad at bøndene som har fleirårig raigras i enga, og har planar om fire slåttar, truleg vil hauste graset første gong 4.-5. juni. Medan bøndene som tek sikte på tre slåttar, og har vanleg graseng, truleg vil hauste første slått kring 8.-10. juni. Kalkuleringane av slåttetidspunkt tek utgangspunkt i Jæren. Gramstad opplyser at høgareliggande strøk truleg vil hauste noko seinare. Seniorrådgivaren peikar på at på 70- og 80-talet var det heilt vanleg å hauste første slåtten så seint som i år.

 

Bløyta er største utfordring

– Det som er litt trist er den veldige bløyta. Det er den store utfordringa i år, seier Gramstad.

I fjor var det 18-19.000 dekar korn på Jæren, i år er veldig lite av dette arealet sådd i foreløpig. Seniorrådgivaren kjenner til at bøndene som har sådd korn slit med tett jord, luftmangel i jorda og gule flekkar i åkeren.

– Det kan likevel framleis gå greitt med kornproduksjonen på Jæren, om ein får sådd i kornet fram til 10. juni, summerer Gramstad, og held fram:

– Me er veldig prisgitt å få ein fin sommar og haust.

 

Mykje på vent

Ifølge rettleiaren er det mykje gras og poteter som er klar til å kome ut. På Jæren står mange jorder klar til å bli sådd i, men bløyta har stoppa framdrifta.

– Når det gjeld grasproduksjonen oppmodar me til å så i ein del korn eller erteplantar som dekkvekstar i igjenlegga, for å få opp fôrmengda, seier Gramstad.

Han ser positivt på at fleire bønder har lager av fôr frå fjorårets sesong, og trur dette kan komme til heider og verdigheit denne sesongen. Vidare deler Gramstad erfaringar frå kurs og beitemøter denne våren.

– Det ser ut til at beitene klarer seg fint. Enkelte bønder har utfordringar med blaute beiter og tråkkskader frå dyra, og veksten i graset er noko mindre enn den var i fjor.

Gramstad fortel om 8-900 millimeter nedbør frå 1. januar til no. Noko han meiner er uvanleg mykje. Han er likevel ikkje veldig uroleg for sesongen enno, og trekk fram året 1986. Det året var våren veldig blaut, og det vart gjort registreringar på avrenning av næringsstoff frå jordene. Frå ei eng med god jord var det ikkje meir avrenning enn tre kilo nitrogen per dekar frå 1. april til 1. september.

– Det er bra at næringsstoffa held seg godt i jord med etablert grasmark. Når det gjeld open åker er det større fare for avrenning og tap av næringsstoff, fortel Gramstad.

Stikkord denne saka: ,