15. mai 2002 var første gong maskinane sveiv i mjølkekarusellen. Det var ei stor utvikling å gå frå 25 til 100 kyr.

15. mai 2002 var første gong maskinane sveiv i mjølkekarusellen. Det var ei stor utvikling å gå frå 25 til 100 kyr.

Bjørn Egil Friestad veit kva det kostar å bli storbonde, og tenker ofte på korleis livet ville vore om han dreiv mindre.

 

Jofrid Åsland

 

Vinden ruskar ivrig i graset. Den kjem frå sjøen og durar over kjelvene. Sola fargar denne dagen ljos på Brusand i Rogaland, men storbonden veit korleis det er å stå åleine i mørkret. Det er tolv år sidan han satsa stort. Lausdriftfjøs og 100 kyr.

– Eg var gira, og medriven av dette at me kunne ha fleire dyr og produsere meir mjølk, hugsar Friestad.

Frå 1980 hadde han 25 mjølkekyr i båsfjøset på heimegarden. Etterkvart ville naboane slutte med mjølkeproduksjon, medan Friestad ville bli større. Friestad samdrift vart til.

– Det er ikkje ventande at me skulle forstå kva dette var. Det vart eit arbeid utan like, skildrar han.

Det første året la han i seks siloar, og transporterte hevd frå ulike kummar hjå naboane som var med i samdrifta. Neste sesong la dei graset i utesilo, og opplevde det som ei betre løysing.

 

Mildt sagt hektisk

Fire kvotar og tre nye besetningar kom til gards. 15 mai 2002 var første gongen mjølkemaskinane sveiv i det nye fjøset. Etter eit par veker hadde 100 dyr funne seg til rette i lausdrift med mjølkekarusell.

– Det var hektisk kan du sei, fortel bonden.

Friestad skildrar korleis alt auka opp. Dyr, kalvar og lort. Ingen kring han hadde førespegla korleis den nye driftssituasjonen ville bli. Mjølkinga var rasjonell, men alt for mange timar gjekk likevel med.

– Eg og kona skulle ta hand om dette sjølv. Det var håplaust, for å seie det mildt.

Han minst problem med kalvar, og fleire som dauda. Det vart ein dårleg start.

 

Det eldste huset på garden er frå 1902. Der bur bonden sjølv. Arbeidsfolket bur i eit hus av nyare dato.

Det eldste huset på garden er frå 1902. Der bur bonden sjølv. Arbeidsfolket bur i eit hus av nyare dato.

Åleine ved kjøkkenbordet

På bordet står det kneipbrød og tyttebærsyltetøy. Kaffikoppen er full for andre gong. Det er frukost etter morgonstellet. Friestad er ikkje åleine om drifta. Han har med seg ein grepa kar frå Litauen.

I 2005 var første gong han tilsette utanlandske arbeidarar. Same året flytta kone og barn ut.

– Det vart voldigt stilt, seier Friestad.

Han veit likevel godt kvifor det vart slik.

– Du veit, det nyttar ikkje å vere gift viss du aldri har tid til å vere inne og i lag med familien. Det vart håplaust.

Bonden minst kor lett det var å seie ting som ikkje er av det gode når ting gjekk på tverke og arbeidspresset var for stort.

– Eg tenker ofte på det. At drifta har ført livet i ein retning eg ikkje hadde planlagt, fortel han.

 

Utanlandske krefter i landbruket

I dag bur arbeidsfolket frå Litauen i huset Friestad bygde til seg og familien. Han bur i det gamle huset på garden. Skrytet heng laust når det kjem til arbeidarane som har vore på garden.

– Eg har vore heldigare enn dei fleste, og hatt arbeidsvillige gode karar i arbeid. Utan dei hadde ikkje driftsopplegget fungert, seier Friestad.

Likevel meiner Freistad det er betenkeleg at landbruket må basere seg på utanlandsk arbeidskraft og importert fôr.

– Me klarer ikkje følgje lønningane som er i andre bransjar. Der har me eit problem, poengterer han.

Her ligg og mykje av problemet når det gjeld eigen økonomi. Etter store investeringar vart driftskreditten fort tomskrapt.

– Det viste seg raskt at det fanst ikkje pengar til å ta ut for arbeidet, fortel Friestad.

Han hugsar korleis tilskota kom omlag eit år på etterskot, og førte til at det var vanskeleg å få den økonomiske biten til å svive.

– Dei som trur at ein stor kvote automatisk tyder god økonomi, tek feil. Det er ikkje slik. Desto større produksjonen er, desto meir krevjande er det å halde styr på utgiftsida, seier Freistad.

Han trekk fram at kostnadsnivået i Noreg, og særleg nær Stavanger, er høgt. Drifta er så omfattande at han må leige inn arbeidskraft. Ingen kan jobbe døgnet rundt. Då forsvinn gevinsten slik han ser det. Det er ikkje eit alternativ å dumpe løna til drengen på garden, han skal jo leve han og.

 

Her er matfar til 100 mjølkekyr.

Her er matfar til 100 mjølkekyr.

Stordrift i framtida

Årets landbruksoppgjer legg opp til aukande stordrift i Noreg, og større mjølkekvotar. Bonden frå Brusand er skeptisk til dette.

– Eg meiner veldig få plassar i landet er egna for å produsere 900.000 liter mjølk i året. Større drift vil føre til meir køyring langs vegane med fôr og gjødsel.

Han trur ikkje større drift vil føre til gunstigare økonomi for andre enn staten. Framtidas jordbruk ligg ikkje i traktoren langs landevegen, men i gardens ressursar.

– Dei unge som skal satse må tenke nøye gjennom kva slags liv dei vil ha. Ikkje la seg rive med av at det er tøft med størst mogleg kvote. Dei må tenke på livet utanom garden og, oppmodar storbonden.

Tines prosjekt med fokus på drift tilpassa eigen gard ser Friestad som viktig arbeid. Han trur investeringane må vere på eit nivå som gjer gjeldsbyrda mogleg å leve med.

– Det er ikkje lurt å la seg rive med av ivrige seljarar og lokkande kalkylar. Til sist er det me sjølv som sitt att når festen er slutt, seier han.

For tolv år sidan var det ikkje slike kalkylar som i dag. Alt var nytt, stort og spanande.

– Eg trur ikkje eg er åleine om å erfare at økonomien i stordrifta er tung og vanskeleg.

Friestad trekk fram jord, bygningar og kvotar som viktige faktorar i den økonomiske kabalen. Han ser at økonomien til den som satsar vert svekka når store delar av grunnlaget for produksjonen baserast på innleigde faktorar. Sjølv har han kjøpt nabogarden, noko som har resultert i større gjeldsbyrde. Samstundes våga han ikkje la tilbodet gå frå seg. Han er avhengig av jorda, og utgiftene vart omlag dei same som då han måtte leige nabogarden.

 Les og kva rekneskapsførarar og distriktsjefen i Landkreditt seier om økonomien i dei store produksjonane.

Gir aldri opp

– Var det verd det?

Bonden vert stille, og kikkar ut i gardsrommet.

– Nei, eg ville ikkje bygd eit så stort fjøs ein gong til. Eg ville bygd opp drifta til ein storleik en kunne handtere sjølv. Ei drift der eg ikkje var avhengig av å ha faste tilsette, seier Freistad i etterpåklokskapens namn.

Slaktebilen svingar inn på tunet, og bonden på andre sidan av kjøkkenbordet forsvinn brått ut døra. 40 slaktegris skal avgarde. Han sender 700 gris til slakt årleg.

Kyrne er blanding av NRF og Holstein, og stutane vert fôra opp til slakt.

Friestad viser veg ned til kvigene som er på beite. Han peiker og forklarer. Planar om betre plass til utesilo, forbetring av jorda og beita. Lyden av rumlande lastebilar kjem frå pukkverket, som ligg på Friestads eigedom. Aukande alder har ikkje bremsa denne karen enno.

– Eg kan jo ikkje gi meg, konstaterer han.

Helsa er god og motet er framleis å finne. Likevel ser han ei strukturendring i raserfart like utanfor stovedøra. Då han gjekk på skulen var det sju mjølkeprodusentar på Friestad gard, no er han åleine att.

Håpet er at økonomien i landbruket skal verte leveleg for alle.

– Dei store bruka treng betre økonomi, men det må ikkje gå på ut over dei små og mellomstore. Då vil me ikkje auke matproduksjonen trur eg.

På beite flokkar kvigene seg kring storbonden. Han drøser og klappar. Svart og kvit pels glinsar om kapp med solstrålane.

– Dette er ikkje eit glansbilete, er bondens skildring av eigen kvardag.

Stikkord denne saka: