BN+

Løft: – Norsk landbruk har mykje å tapa om ikkje mjølkebruka i distrikta no får eit skikkeleg løft, meiner Asgeir Pollestad, som her er i ferd med å klargjera ei eng for såing av grasfrø.


Sentrale strok kan ikkje stetta behovet for mjølk. Asgeir Pollestad fryktar at legitimiteten til den norske landbruksmodellen står på spel om ikkje kollegane i distrikta får rusta opp bruka sine.


Sjur Håland


– Vår modell med eit desentralisert landbruk og eit tydeleg samfunnsoppdrag er den beste modellen, sjølv om han ikkje er perfekt, seier Asgeir Pollestad.


Bonden er i ferd med å sikra fôrgrunnlaget til mjølkekyrne komande vinter. Eit attlegg på 60 dekar skal harvast ferdig før såfrøet skal i jorda. Sola skin frå den høge Jærhimmelen, men vêrmeldinga varslar at mykje regn er i kjømda. Bonden må avgjerda om han skal så og tromla straks, eller venta til etter regnet. Uansett er han ikkje ferdig med våronna og må skunda på. Det er han vel van med. Pollestad fell inn under kategorien «dei store mjølkeprodusentane på Jæren». Siste ti åra har han og kona Ester investert 10 millionar kroner på garden Håland i Nærbø i Hå kommune. Mjølkekvoten er 430.000 liter.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,