BN+

Munnar å metta: Over sju og ein halv milliardar menneske lever på kloden i dag. Sjølv om det alt går hardt utover naturressursane, er det venta at me i 2100 vil vera 11 milliardar


Ikkje ha dårleg samvit for at du produserer mat, er Knut Røflo sitt råd til bonden. Direktøren for Felleskjøpet Fôrutvikling kallar seg optimist og trur me skal klara å løysa klimaproblemet.


Bothild Å. Nordsletten


Korleis fø verda? Det var det store bakteppet direktøren for Felleskjøpet Fôrutvikling, Knut Røflo, drog opp då han stod på talarstolen under Kraftfôrmøte i Stavanger 11. september.
Utgangspunktet var folketalet, som vil vekse med nesten 100 millionar kvart år dei neste 20 åra. Røflo illustrerer med eit døme frå Orkdal. Der byggjer Norsk Kylling no eit slakteri som skal kunne prosessera over 40 000 tonn kjøt årleg. Skulle føretaket aleine ha svart på den globale folkeveksten, måtte dei ha opna eit tilsvarande slakteri kvar veke framover i årevis. Oppgåva med å sikra verda mat er formidabel og utfordringane står i kø, anten dei heiter klimaendringar, multiresistente bakteriar eller vassmangel. Gjer det meining å produsera meir mat i Noreg i dette biletet, spør Røflo retorisk og svarar straks «ja!».


– Det kviler eit ansvar på oss for å produsera mest mogleg mat på dei ressursane me har. Og – heldigvis - dei fleste av oss er optimistar, seier han.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.