Ekstern bruk etter avtale med fotograf.

Svarthalespove vert tema under eit møte om fuglevennleg slått torsdag. Foto: Jan Kåre Ness, Natura Media.

No kan bønder få dispensasjon for tidleg slått i svarthalespovens hekkeområde for fleire år om gongen. Vil du likevel ungå egg i slåtten kan du dra til Bore samfunnshus. Torsdag vert det møte om fuglevennleg slått.

Jofrid Åsland

– Dette er eit steg i rett retning, men ein kan over tid ikkje drive matproduksjon på dispensasjon. Det er ikkje dokumentert at eit slåtteforbud har effekt og difor bør ein no oppheve heile ordninga for Svarthalespove, sier stortingsrepresentant Geir Pollestad om situasjonen kring slått i svarthalespovens hekkeområde på Jæren.

Bondevennen har tidlegare skrive om kva Fylkesmannen og bønder seier om vern av fugelen, svarthalespove.

– Me må reagere. Miljøbyråkratane kan ikkje definere framtida til matproduksjonen i Noreg, til det er den for viktig, sa bonde, Kjell Harald Horpestad om saka tidlegare i år.

Les og: – Idiotisk regelverk.

Klima- og miljøverndepartementet melde torsdag at det vert høve til å gje dispensasjon for tidleg slått for fleire år i område på Jæren der fuglen svarthalespove hekker. Tidlegare har bøndene fått dispensasjonen frå forbodet om tidleg slått i grasproduksjonen for eit år om gongen.

Den førre regjeringa ga dispensasjon frå forbodet om tidleg slått i 2012 og 2013 til alle som søkte.

– Eg forventer at ein no arbeider vidare med å oppheve heile ordninga med Svarthalespove som ein prioritert art. Høgre og Framstegspartiet var tydelege på det før valet og dei vil få Senterpartiet si støtte i Stortinget. Bøndene i området Orre og Reve driv så viktig matproduksjon at dei ikkje må hemmast av eit inneffektivt vern, sier Pollestad.

 

Fuglevennleg møte

Torsdag 22. mai klokka 19.30 arrangerer Bore Bondelag og Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling eit ope informasjonsmøte om fuglevennleg slått på Bore samfunnshus. Tiltak og tilpassingar bonden kan gjera i samband med slåtten for å verna om enghekkande fuglar vert tema. Svarthalespove kjem til å stå sentralt, men ein skal og trekka fram erfaringar knytt til andre enghekkande artar som vipe, åkerrikse og songlerke. Det vil kome døme og erfaringar både frå Jæren og andre område.

Geir Paulsen frå Bioforsk vest, Kjell Harald Horpestad representant for svarthalespovebøndene, Magne Helleland fugleentusiast frå Sola og Dag Jørund Lønning frå Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) vil ha innlegg på møtet. Ein vil og opne opp for spørsmål og kommetarar frå salen.

 

Stikkord denne saka: