Lærlingar: Ein av desse seks blir kåra til årets lærling på Agrovisjon: Frå venstre: Konrad Meldal Johnsen frå CF-Maskin Follo, Tor Markus Haug frå Akershus Traktor på Jessheim, Dirk Benjamin Slingerland frå Ålgård Landbrukssenter, Kenneth Svendsen frå Eiksenteret i Haugesund, Sindre Rullestad frå Felleskjøpet Rogaland Agder sitt fagsenter i Kristiansand og Vegard Bækken frå Felleskjøpet på Lillehammer.

Rusk i maskineriet? Sensorfeil? Vaierbrot? Det er neppe problem for landbruksmekanikarlærlingane som kjempar om det gjævaste trofeet på Agrovisjon.

Sjur Håland

– Eg likar å ta vare på maskinar og reparere det som ikkje fungerer, seier Vegard Bækken.

Lærlingen hjå Felleskjøpet på Lillehammer seier at interessa for landbruk og maskinar var hovudårsaka til at han valde utdanning som landbruksmekanikar. Han har godt selskap når Bondevennen møter han i ein kort pause under synfaringa hjå den legendariske industriverksemda Kverneland.

Seks kandidatar

Éin dag på Jæren høyrer med for dei seks landbruksmekanikarane som kjempar om tittelen Årets Lærling på Agrovisjon 2022. Det har blitt ein tradisjon på dei store landbruksmessene Agroteknikk, Agrisjå og Agrovisjon at medlemmane i Traktor- og landbruksimportørenes foreining plukkar ut kvar sin kandidat som kvar for seg er med på å synleggjera faget og å auka rekrutteringa til bransjen.
Kenneth Svendsen deler same interessa som dei andre fem. Jakka avslører kor lærlingen har sin arbeidsplass. Å arbeida som lærling i verkstaden på Eik-senteret i Haugesund er midt i blinken.

– Dei har jo i tillegg Massey, det traktormerket eg likar best, smiler han.

Spaninga kring kven av dei seks som får smykka seg med tittelen årets lærling, må dei unge mekanikarane leva med fram til Agrovisjon går av stabelen.

Status

Dirk Benjamin Slingerland, lærling hjå Ålgård Landbrukssenter, lar forventningane ligga.

– Klart det følgjer med litt status med ein slik tittel, men det er ikkje det eg heng meg mest oppi. Nett nå handlar det om å ha det kjekt saman med denne flotte gjengen, så får me sjå kva som skjer på Agrovisjon.

Å ta ei utdanning som landbruksmekanikar har mange føremoner, i følgje Slingerland.

– Du får eit kjekt og variert arbeid der ingen dagar er like. I tillegg gir mekanikarfagbrevet også tilgang til mekanikarjobbar i andre bransjar om det skulle freista. Det er mangel på mekanikarar over heile landet, seier han.

Pc-styrt hi-tec

Tor Markus Haug, som er lærling hjå Akershus Traktor på Jessheim, trivst med yrket han har satsa på. Han seier at ny teknologi kan vera krevjande nok.

– Mykje av den nye teknologien er PCstyrt, som kan vera kludrete å finsøke og finne ut av, men teknologien fungerer veldig fint når han er oppe og går, seier han.

Men nokon som helst aversjon mot sensorar og datastyrt teknologi, har han ikkje.

– Nei, det handlar om å feila og prøva. Så rettar me feila, lærer av eigne tabbar og utviklar oss vidare, seier Haug.

Stikkord denne saka: