• Erlend Danielsen (t.v) er ein av seks avløysarar på garden. Han har arbeidd sidan han var 11 år gammal, og ordna det daglege då Marit og Audun var på ferie.

 
 
Audun Stålesen hadde knapt heldt ein gris før han starta opp som slaktegrisprodusent.
 
 
Jane Brit Sande
 
 
Etter fleire år med ein kvardag som mjølkebonde kombinert med leigekøyring, ville Audun ha ein annan kvardag.
– Eg hadde ingen plan om kva eg kunne begynne med, men etter ein telefon til rett person i Nortura, begynte ballen kjapt og rulla, fortel Audun.

Første steg var å finne ein produksjon som freista. Etter fleire befaringsrundar, ville ei visning i grisehus i Eiken bli siste stopp.
– Eg gjekk rett heim og bestilte ein kopi av grisehuset som var der, fortel Audun.
September 2012 blei søknadane til Innovasjon Norge sendt, same dag blei spadane sett i jorda.
– Eg tok ein sjanse då eg ikkje venta på svar frå Innovasjon Norge, men eg var så sikker på prosjektet at eg ikkje såg grunn til å vente. Det var sjølvsagt ikkje heilt utan risiko, og som rådgjevaren i banken sa: Det kan fort ende opp som eit veldig stort symjebasseng, minnest Audun.
– Men eg hugsar òg godt noko Arild Grødum sa, då me ennå var i planleggingsfasen; Du må bare hoppe i det, sjølv om det ser mørkt ut. Eg har helde fast ved det heila tida.

Sambuaren Marit Reiersen flytta til garden for eitt år sidan. Ho er i full stilling som miljøterapeut i eit bufellesskap for unge, eigd av Aleris Ung Plan. Turnusarbeidet gir ho friperiodar over fleire dagar, og Audun skryt av sambuaren som gjerne heng seg på i arbeidet på garden.

Heimegarden

Som 22-åring starta Audun å drive heimegarden. Først forpakta han i to år, før han i 2003 tok over. Då var det ei mjølkekvote på 90.000 liter. Den har han bygd opp til 130.000, og i tillegg leiger han ei kvote på 30.000 liter.
– Det har fungert utruleg godt å kombinere slaktegris og mjølk her på garden. Leigekøyringa tok mykje tid, og utan den opplev eg at eg har mykje fritid, fortel han.
Planen er å oppdatere mjølkefjøset etter kvart, men akkorat no er det byggestopp på garden. Ungdyra står i eit anna fjøs, som Audun leiger.
– No skal ha pause frå all byggeaktivitet. Sjølv om mjølkefjøset er frå 1980-talet, og med automatikk deretter, er det eit lettstelt fjøs, fortel Audun.

Grisehuset

Audun bygde grisehuset parallelt med Kari og Sjur Lauvdal, Marnardal, som òg bygde grisehus likt det i Eiken. Dei nytta moglegheita til å gjere forhandlingar saman.
– Me nytta begge Vigrestad Bygg, og opplevde at det gjekk utruleg godt å samarbeide med dei, fortel Audun.
– Avtalen var eit nøkkelklart bygg frå Fjøssystem, men eg greidde ikkje halde meg heilt unna. Litt eigeninnsats har det vore, fortel han.

Bygningen var budsjettert til 6 millionar kroner, og enda på 6,1 millionar kroner. Audun har motteke midlar frå Innovasjon Norge i forbindelse med prosjektet, direkte støtte på 900.000 kroner, og rentestøtte til 3,6 millionar.
– Eg har vore trygg på prosjektet heilt sidan eg bestemte meg. Denne tida eg har drive med slaktegris har både kjøtprisar og driftsrenter gått i mitt favør, samanlikna med kva me sette opp i driftsplanen, seier Audun.
Grisehuset er delt inn i fire avdelingar. Det er 16 gardar i kvar avdeling, og 11 gris i kvar garde. Ved kvart innsett er det to gardar ledige frå starten, der dei svakaste dyra blir flytta etter kvart.
– Det fungerer best å ta dei svakaste vekk til ein annan garde, i staden for å flytta på fleire dyr for balanse i garden. Hierarkiet blir satt tidleg, og det ville blitt mykje bråk, forklarar Audun.
To og to avdelingar blir nytta parallelt ved kvart innsett, og grisehuset står aldri tomt. Det blir vaska mellom kvart innsett.
– Mest av alt er eg overraska over kor mykje tid vaskinga tek, fortel Audun.

Hard læretid

Dei første grisene var på plass i grisehuset 2. mai 2013. Opplæringa i grisehald starta same dag. Ikkje på den lette måten, skal me tru Audun.
– Val av fôr og så vidare har eg fått hjelp av rådgjevarar til å få riktig. Dei første tre månadane sleit eg skikkeleg med høg dødelegheit. Den låg jamt på om lag 5 %, men i periodar var den opp i 10 %. Ein frustrerande situasjon, fortel han.
– Veterinæren tok testar, og det viste seg at det var E.coli-smitte hjå meg. Me fekk kontroll på det etter kvart, og no er det god helse i bingane, fortel Audun.
Fortsatt veit verken Audun eller veterinæren kva som er orsaka til at smitta herja i det nye grisehuset. Likevel, har Audun sine mistankar til kvifor det gjekk galt.
– Dei første månadane var det stor interesse for det nye bygget, noko eg synast er utelukkande positivt. Men eg var ikkje streng nok med smitteslusa, og eg trur det kan vere noko av orsaka til at det gjekk som det gjekk. Eg er blitt mykje strengare, og golva i den reine sonen, kontoret og lageret, blir vaska kvar veke, seier han.

 

Edelgris

Audun har nytta same smågrisprodusent heilt frå starten; Kevin Solberg i Kvinesdal. Dyra er ei kryssing av tre rasar: norsk landsvin, norsk yorkshire og duroc (25/25/50), og Nortura sine krav til Norsk Edelgris blir oppfylt.
– Eg følgjer puljedrifta til smågrisprodusenten, og det har fungert utruleg godt, skryt Audun.

Seks avløysarar

At det er slutt på leigekøyringa, er ikkje einaste grunn til at Audun kan skryta av meir fri enn han hadde tidlegare. Han har ikkje hatt problem med å skaffa seg avløysar.
– Seks skuleungdom mellom 12 og 18 år er med på arbeidet her på garden. I starten går dei meg nærast i føtene, og er med på alt eg gjer. Eg får forma dei til å arbeide slik som eg vil dei skal arbeide. Etter kvart får dei fleire oppgåver å gjere på eigenhand, forklarar Audun.
Ein av desse avløysarane er Erlend Danielsen. 17-åringen har arbeidd hjå Audun sidan han var 11, og har vært gjennom same opplæringsrunde.
– Han oppdaga nok tidleg at dataspel ikkje var tingen, og at det var kjekkare å arbeide og tene eigne lommepengar, seier Audun.
Erlend protesterer ikkje, og fortel at han trivast godt med dei praktiske oppgåvene han får på garden.
– Eg likar godt å arbeide med hendene og lage ting, fortel han.
– Han er veldig god på forskaling, og er med på alt mogleg forskjelleg arbeid, skryt Audun.
– Erlend veit godt kva som skal gjerast på garden både morgon og kveld. I sommar var me på ei vekes ferie, og eg nølte ikkje med å overlate ansvaret til ham, fortel Lista-bonden.

 

 

Gardsfakta:

Audun Stålesen (35) driv gard med mjølke- og slaktegrisproduksjon på Vanse i Farsund kommune. Listabonden har med seg sambuaren Marit Reiersen (23) på laget. Ho arbeider i full stilling som miljøterapeut i Aleris Ung Plan. Audun tok over garden etter foreldra, Britt og Sten Stålesen, i 2003.
På garden har dei ei mjølkekvote på 130.000 liter, og i tillegg ei leigekvote på 30.000 liter. Fordelt på to fjøs, har dei totalt 75 storfe. Slaktegrisproduksjonen er oppe på konsesjonsgrensa, som er på 2.100 omsette og slakta slaktegriser per år.
I tillegg til gardens eigne 180 mål, leiger Audun nærare 300 mål. På om lag 100 mål blir det dyrka korn. Deler av grasproduksjonen går til vidaresal av fôr.

Stikkord denne saka: