BN+

Vegen fram: Bøndene i Hå har fått sitt første styringsdokument. «Planen synleggjer korleis me kan sikre ei langsiktig og berekraftig forvaltning av ressursane som tradisjonelt landbruket byggjer på», står det i forordet. Foto: Bjørn Georg Øie


Den første landbruksplanen i Hå er omsider i boks. No kan det sjå ut som både politikarar og bønder er nøgde. – Ein plan som seier at me skal halda fram med landbruket, seier bondelagsleiar Tor Gudmestad.


Jane Brit Sande


Norges største husdyrkommune, Hå kommune på Jæren, har fått sin første landbruksplan nokon sinne. Den vart vedteke i kommunestyremøtet førre veke. Eit første utkast av planen vart lagt fram i fjor haust. Den vekte sterke reaksjonar frå politikarar og landbruket. For lang og byråkratisk, var blant tilbakemeldingane. Landbruksplanen som er vedteken er på 60 sider, pluss retningsliner. 15 sider om historia til landbruket i Hå, 15 sider handlar om omdømet og korleis landbruket i kommunen er i dag, fem sider om miljø og frivillige tiltak, og ti sider om jordvern og nasjonalt ansvar. Planen gjeld fram til 2033.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.