Matfatet på Bjerkreimsmarkenn

Då Matfatet starta opp for tre år sidan var ideen å lage ein arena der ein kunne profilere
bonden. (Foto: Privat)

Matfatet på Bjerkreimsmarken vil fylle fatet. Arrangørane håper fleire lokale produsentar vil by på varene sine.

 

Jofrid Åsland

 

– Rogaland er eit fylke prega av volumproduksjon, og det er bra. Men me trur der er eindel som driv med nisjeproduksjon også. Dei skulle me gjerne hatt med på Matfatet på Bjerkreimsmarken, seier Bente Gro Slettebø.

Ho sit i styret i Bjerkreim Bondelag, og er ein av dei som trekk i trådane for at Matfatet på Bjerkreimsmarken, skal kunne tilby lokalmat. Bak tiltaket står Sau og geit, Bondelaget og Bjerkreim kommune. Då Matfatet starta opp for tre år sidan var ideen å lage ein arena der ein kunne profilere bonden. Fylkesmannen i Rogaland var positive til ideen, og har vore med og støtta tiltaket mellom anna økonomisk dei tre første åra.

– For å kunne fortsetje langt inn i framtida er me heilt avhengige av at folk kjem og sel produkta sine, seier Slettebø.

– Me legg veldig godt til rette for produsentane, og er opptekne av at alt skal sjå godt og innbydande ut, legg ho til.

Slettebø opplyser at foldaren som vert delt ut til alle som kjem innom inneheld både kontaktinformasjon til alle som er med, samt oppskrifter og informasjon.

– Tilbakemeldingane frå dei som sel varene sine, og ikkje minst frå dei som gjestar marken, har vore gode tidlegare år. Me ynskjer verkeleg at Matfatet på Bjerkreimsmarken skal verte like rotfast som vêrekåringa er, seier Slettebø.

Ho trur det finst langt fleire produsentar der ute, og håper mange av dei vil ta turen til Bjerkreimsmarken.

 

Frå is til flatbrød

Slettebø fortel om attraksjonar som Blåne is frå Sirdal, Eldhuset med bakarvarer frå steinomnen eit par hundre meter i frå marken, og sal av smakfulle flatbrød med urter og salt.

– Eg trur det er fleire som held på med produksjon av lokale nisjevarer enn me trur, seier ho.

Sjølv er ho veldig glad i å prøve nye smakar og produkt, og ekstra stolt om ho kan servere kortreist lokalmat til middagsgjester.

Slik det ser ut no, kan Matfatet gå med underskot dette året. Likevel trur Slettebø det skal kunne ordne seg til slutt.

– Me må ha ein plan, og eg håper at Matfatet kan halde fram for å halde fokus på dei som produserer mat rett rundt dørene til folk, seier ho.

Marknaden og Matfatet går av stabelen siste helga i september. Slettebø oppmodar interesserte produsentar til å ta kontakt med henne.

Stikkord denne saka: