Farleg: Ammoniumnitrat kan forsterka ein brann og under gitte forhold vera eksplosjonsfarleg. Foto: Felleskjøpet Rogaland Agder.
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap har lansert ein praktisk rettleiar for lagring og handtering, og planlegg tilsynskampanje i 2021.

Sjur Håland

Ugjerningane 22. juli 2011, der ei høgeksplosiv gjødselbombe vart sprengd i Regjeringskvartalet, er del av bakteppet for dei strenge reguleringane kring ANgjødsel. Bondevennen skreiv i ein artikkel tidlegare i vinter om moglegheitene og føremonene med å kjøpa inn gjødsel tidleg og lagra denne på garden. I tillegg til ein gunstig pris, vil tidleg kjøp letta logistikkutfordringane for leverandøren.

Restriksjonar

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, DSB, som fekk med seg artikkelen og kontakta Bondevennen, minner om restriksjonane som følgjer med jordbrukarane si handtering av gjødsel der innhaldet av ammoniumnitrat utgjer meir enn 28 prosent av nitrogenet (AN-gjødsel). Ammoniumnitrat er eit oksiderande stoff som kan forsterka ein brann. Under gitte forhold kan stoffet også vera eksplosjonsfarleg, understrekar Brit Skadberg, seksjonssjef for kjemikaliesikkerhet i DSB.

Brit Skadberg
Foto: Morten Harangen, DSB

– Eigenskapane til ammoniumnitrat gjer at det er naudsynt med ei streng regulering av dette stoffet med omsyn til samfunnstryggleiken, seier ho til Bondevennen.

For å førebygga uynskte hendingar blir det frå direktoratet mellom anna stilt krav til risikovurdering og til kompetansen til personar som skal handtera stoffet.

Meldeplikt

Det er ikkje tilfeldig korleis AN-gjødsel blir lagra. Er det snakk om større mengder på lager, over seks tonn, er det i tillegg krav om meldeplikt til DSB. Skadberg understrekar at det følgjer særskilte krav til lagring og sikring av AN-gjødsel. Gjødsla skal lagrast i original emballasje bak lås og slå, med kontroll på kven som har tilgang til lageret, anten lageret er inne eller ute. Det blir også understreka at gjødsla skal lagrast fråskilt frå brennbare eller brannfarlege stoff som diesel, gass eller korn.

– Blir det utført kontrollar for å sikre forsvarleg lagring av denne typen gjødsel?

– Ja. I 2021 vil det bli gjennomført ein tilsynsaksjon i samarbeid med brannvesenet, med god rettleiing av DSB, seier Skadberg.

Ei forenkla DSB-rettleiing er nyleg utarbeidd og publisert for å gjera det gjeldande regelverket lett tilgjengeleg for bøndene.

Om gjødsel med høgt innhald av ammoniumnitrat

Dette er gjødsel som inneheld meir enn 28% nitrogen frå ammoniumnitrat (meir enn 80% ammoniumnitrat). Ammoniumnitrat (AN) er eit oksiderande stoff som kan forsterke ein brann, men under gitte forhold kan det vera eksplosjonsfarleg. Det er i hovudsak tre forhold som spelar inn når AN eksploderer, og dei må difor unngåast ved oppbevaring og anna handtering av gjødsel med høgt innhald av AN:

  • Oppvarming – gjer at AN starter å dekomponere under utvikling av giftige nitrøse gassar (NOx)
  • Inneslutning – gjer at dekomponeringa akselererer gjennom oppbygging av trykk og/eller varme
  • Forureining – kan senke terskelen for dekomponering av AN eller auke krafta i ein eksplosjon.

Det er særleg viktig å unngå at gjødsel med høgt innhald av AN blir utsett for desse forholda for eksempel ved påverknad frå ein brann, forureiningar av andre stoff som metallar, organisk materiale m.m., inneslutning i for eksempel uheldig stabling. Eksplosjonsfaren ved AN er godt kjent gjennom fleire ulukker opp gjennom åra. Gjødsel med høgt innhald av ammoniumnitrat (meir enn 80%) må bestå krav til detonasjonstest før det kan importerast og omsetjast til sluttbrukar. Sidan 2011 har det vore fokus på sikring av AN for å unngå at stoffet nyttast i uønskte vilja handlingar.

Kjelde: DSB Alt du treng å vite om lagring og handtering av AN-gjødsel finn du på Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap si nettside, www.dsb.no. Gå inn på menyen og klikk på veiledere.  

Stikkord denne saka: