Utvikling: Rektor Linda Gilje og naturbruksutviklar Kjell Øystein Håkonsen ser fram til å utvikla skulen vidare etter at råda frå eksterngruppa er handsama av fylkespolitikarane i desember.

Ungdommen er framtida, men Øksnevad videregående skole er ikkje lenger den bautaen han var innan landbruksutdanninga i Rogaland. Det kan fort endra seg.

Sjur Håland

Fylkespolitikarane har vedteke å snu det som er av steinar for å gjera skulen meir attraktiv og framtidsretta.

– Eit eige råd er sett ned for å sjå på korleis skulen kan bli ein enda betre premissleverandør for landbruket i Rogaland, seier rektor, Linda Gilje.

Utdanningsinstitusjonen, stasjonert midt i matfatet på Øksnevad på Jæren, har åtte VG-3 agronomelevar dette skuleåret. Skulen er eigd og driven av Rogaland fylkeskommune.
Rådet består av tolv medlemmar som alle er knytte til naturbruksnæringa, men ikkje direkte til skulen. Nybrotsarbeidet starta i januar. Dei tolv skal gi innspel på korleis skulen kan utvikla seg i tråd med behova til næringa.

Skal korrigerast

– Blant det som har kome fram, er at skulen ikkje er der den bør vera i høve til kva me bør levere av tilbod framover. Med desse korrigeringane får me, om fylkespolitikarane vil, betre moglegheiter til å utvikla skulen i samsvar med dei endringane som har vore dei siste åra, som det grøne skiftet og ny teknologi, seier ho.

Arbeidet skal presenterast som ein eigen rapport som fylkespolitikarane får i hende i desember.

– Håpet er at fylkespolitikarane ønskjer å satsa på Øksnevad, slik at skulen blir det opplagde valet også for ungdom som vil utdanna seg innafor landbruk, seier rektoren.

Treng tilleggsutdanning

Den tradisjonelle landbruksskulen var før i verda for dei som skulle bli bønder. Ferdig. Så enkelt er det ikkje lenger, påpeikar Kjell Øystein Håkonsen, avdelingsleiar for naturbruk og utviklingsleiar for skulen.
Strukturutviklinga gjer at talet elevar som skal bli bønder er færre enn før, og åra fram til ein 18-åring med tre års vidareutdanning skal overta garden, kan vera både 20 og 30 år fram i tid. Dermed treng eleven ei utdanning i tillegg.
Øksnevad er både ein studiespesialiserande skule, ein naturbruksskule og ein yrkesskule der særleg anleggslinja er kjent og populær.

– Her er det fleire landbrukselevar å finna. Elevane her får eit fagbrev og ei utdanning dei kan bruka før bondelivet tek til, gjerne mykje seinare i livet, forklarer Håkonsen.

Fagbrev i kjømda?

Fagbrev har nyleg også blitt enden på utdanningsløpet til elevar som tek gartnarutdanning. Enn så lenge er det ikkje mogleg å krona agronomutdanninga med eige fagbrev.
Håkonsen registrerer at det frå fleire hald blir uttrykt ønskje om at dei unge kan få kombinera agronomutdanninga med eit fagbrev og studiespesialisering som kan nyttast i andre yrke eller vidareutdanning medan dei venter på å ta over gardsbruket heime. Men fagbrevspørsmålet er omstridd og meiningane er delte.

– Eg trur ei anerkjenning med studiekompetanse og fagbrev i agronomutdanninga, kombinert med å løfta statusen er ei god løysing. Det vil også vera framtidsretta å tilby fagskule med høgskulepoeng til næringa, seier Håkonsen.

– Dermed vil også skulen vår bli ein enda meir sentral aktør for landbruket, seier Gilje.

Treng formalisert samarbeid

Uansett. Skulen må tilby det som landbruksnæringa i vid forstand vil ha for å vera relevante framover, meiner dei to.

– Samarbeid med Rogaland Bondelag, Tine, NLR og andre aktørar er allereie godt. Men framover må samarbeidet formaliserast på eit vis som alle partar vinn på, seier Håkonsen.

Gilje og Håkonsen ser føre seg ei framtid med utdanning innan landbruket der Øksnevad videregående skole er sentral.

– Både når det gjeld den grunnleggjande agronomutdanninga, men også når det gjeld å vera ein arena for vidareutdanning, kurs og møte. Skulen kan, om politikarane vil, bli ein arena med rikeleg areal og sårt trengjande nye lokalitetar der det tilbys opplæring og inspirasjon til å ta i bruk ny robotteknologi og presisjonslandbruk i samarbeid med aktørar som for eksempel Felleskjøpet eller Kverneland.

– Matteknikk som eit fagskuletilbod er eit anna område som det kan satsast på med utgangspunkt i kompetansenavet her på Øksnevad. Også dette i samarbeid med eksterne aktørar, seier Gilje.

Om ti år

– Kor er de om ti år?

– Då er Øksnevad den føretrekte naturbruksskulen for dei som bur i Rogaland, seier Gilje.

– Om ti år har me eit tett og godt utvikla samarbeid med landbruksnæringa og utdannar elevar i takt med det næringa og regionen treng. Det skal vera status å «ha gått på Øksnevad» også i framtida, seier Håkonsen.  

– Skulen skulle hatt ein skurtreskar

Agronomar: Leonora Cecilie Lundgren t.v. og Karoline Øgård er blant dei åtte elevane på Øksnevad videregående skole som tar VG-3 agronom dette skuleåret.

Attenåringane Leonora Cecilie Lundgren og Karoline Øgård ønskjer seg meir praksis på skulen. Karoline skulle til dømes gjerne ha treskt skulens kornåker.

Leonora Cecilie frå Sandnes og Karoline frå Klepp er godt i gang med å sluttføra agronomutdanninga på Øksnevad videregående skole. Begge planlegg påbygg til generell studiekompetanse etter agronomutdanninga. Valet om å gå naturbruk og agronom var dei bevisste på.

– Eg er interessert i både natur og dyr. Å kunne sjå nytta av arbeidet, for eksempel at drenering av eit jorde bidreg til betre plantevekst, er rett og slett gøy, seier Leonora Cecilie.

Ho har planar om å gå vidare med påbygg og seinare ta ein bachelor i husdyrfag.

– Eg har lyst å arbeida innan landbruksrådgiving, seier ho.

– Noko du ville ha endra på?

– Det måtte vore mykje meir praksis på VG-3 enn slik det er, men eigentleg er eg veldig nøgd med skulen.

Karoline Øgård er odelsjente, og seier det er hovudgrunnen til at ho valde agronomutdanning.

– Eg er interessert i både planter og dyr og tenkjer at agronomutdanninga gir kunnskap som er god å ha med seg når eg skal ta over garden.

– Men kan du eigentleg bruke utdanninga du får her fram til du skal ta over?

– Det kan eg. Eg kan utdanna meg vidare til å bli både gartnar eller rådgivar – eller eg kan arbeida med korn, som eg er svært interessert i.

Også Karoline tenkjer å gå vidare med påbygg.

– Kanskje blir det ein planteskule på Austlandet i tillegg.

– Kva ville du endra på med Øksnevad om du fekk ein tryllestav i hendene?

– Som Leonora, litt meir praksis. Så skulle skulen hatt ein skurtreskar slik at me kunne lært enda meir teknikk og vore med og treskt kornåkeren.

Stikkord denne saka: ,