Kristian Ollestad er odelsgut. Hantok opp framtidig økonomi i landbruket under sitt innlegg.

Kristian Ollestad er odelsgut. Hantok opp framtidig økonomi i landbruket under sitt innlegg.

Korleis kan den enkelte bonde og det lokale landbruk bidra til auka matproduksjon og berekraftig utvikling? var tema i bondens hjørne.

 

I samarbeid mellom arrangør av bygdedagane og Lund Bondelag vart det halde eit temamøte på Heskestad samfunnshus under bygdedagane i år. Det var 50 deltakarar.

Fire innleiarar snakka om auka matproduksjon og berekraftig utvikling. Etter innlegga vart det debatt.

– Landbruk er inn i tida, sa fylkesleiar i Rogaland Bondelag, Ola Andreas Byrkjedal, under sitt innlegg.

– Det er mykje fokus på det me driv på med, og det er mange som vil oss vel. Landbruket treng eit godt fagmiljø og gode naboar som backar kvarandre opp for å halde oppe produksjonen, var resepten for framtida frå Byrkjedal.

 

Anniken Birkeland kjem frå Visland sør i Sirdal. Ho og vil satse på sau.

Anniken Birkeland kjem frå Visland sør i Sirdal. Ho og vil satse på sau.

 

Innlegg frå bønder

Anniken Birkeland kjem frå Visland sør i Sirdal. Ho og vil satse på sau.

– Dette ville ikkje gått utan eit godt rådgjevingsapparat med jordbrukssjefen i spissen, og gode naboar som har stilt opp med råd og erfaring, sa ho.

Salet av produkta frå garden vil gå gjennom paraplyorganisasjonen, Sirdalsmat, for å få eit betre utbytte. Ho er ein av åtte bønder som skal levere råvarer til Sirdalsmat.

Kristian Ollestad er odelsgut. Han var oppteken av framtidig økonomi i landbruket og kva dei politiske signala tyder. Ollestad går, i lag med to andre i bygda, på vinterlandbruksskulen for å gjere seg klar til å overta garden.

Landbruksdirektør Hadle Nevøy snakka om trendane innan kjøtproduksjon.

Fleire spørsmål kom frå den engasjerte forsamlinga.

Per Børge Ollestad var kritisk til kutt i kommunalt tilskot til rådgjevingstenesta i landbruket.

– Dette er ei investering til framtidig erverv, sa han.

– Det er eit godt miljø i Lund og Dalane, dei unge vil overta, sa Bygdeutviklar Kenneth Bakkehaug.

– Still opp på fagmøter og sosiale treff. Kom i lag så skal me gi gass, utfordra Kjell Andreas Heskestad forsamlinga.

Stikkord denne saka: