Sylvi Listhaug hadde med seg to avokodoar til ordduell med Ole Robert Reitan.

Sylvi Listhaug hadde med seg to avokodoar til ordduell med Ole Robert Reitan.

BV-KOMMENTAR: Landbrukspolitikk skulle under lupa under Arendalsuka. Eller, det var nok det programleiar Terje Svabø og hans stab hadde tenkt.

Debatten var titulert i programmet; kan norsk landbruk bestå? Mange fann vegen til rådhuset for å høyre svaret på dette spørsmålet. Sjølvsagt med litt skepsis, men og med eit håp. Eit håp om framtidsutsikter og litt mindre tåkefullt pjatt. Sylvi Listhaug, sjølvaste frontfiguren for regjeringas landbruksideologi, smilte som alltid. Ho starta debatten noko uventa, og tok fram to avokadoar til den nette sum av 24,90 kroner. Slik fekk ho fyrt opp stemninga og svidd av litt tid. Ministeren og hennar kommunikasjonsstab tenkte kanskje at dette skulle vere den symbolske handlinga som viste folket at ho ikkje talar kjedenes sak. For meg fungerte det som grei underhalding, men listigare knep må fram frå ermet før eg dett av stolen og spissar øyrene.

Etter frisk kjekling om pris og makt innan matvarehandel kom omsider debatten inn på landbrukets rammevilkår. Då vakna eg til liv i stolen min. Ikkje av interesse, men av irritasjon. Heilt ærleg er eg lei av å høyre historia om då Listhaug gjekk på lærarskulen, og korleis dei snakka ned læraryrket. Bøndene må snakke næringa opp, slik at ikkje nye bønder tenker som ho gjorde; at dei er idiotar som satsar på eit yrke med så dystre utsikter. Eg fortsår det er viktig å snakke varmt om landbruket. Dei aller fleste bøndene eg har møtt lovprisar jobben sin, men dei kan jo ikkje lyge heller. Skal dei til dømes seie at dei tener mykje pengar og lever eit avslappande liv? Eg trur alle er mest tente med å formidle realitetane.

Eg håpa i det lengste at programleiaren skulle få pumpa ut eit svar eg ikkje har høyrd frå ministerens ferdigprogrammerte utval. I staden fekk eg litt god gammaldags repetisjon: Det var mykje syting frå bøndenes side før hennar tid. Det vart lant ned mange gardsbruk under førre regjering. Ministeren ønskjer seg eit robust landbruk med friare bønder som kan vekse seg store om dei vil.

Det heiter seg at ein ikkje skal undervurdere sitt publikum, og no føler eg meg kraftig undervurdert. Eg hugsar nemleg at eg har notert desse poenga flittig fleire gonger før. Denne gongen kjende eg ikkje den store iveren. Listhaug har vore tydeleg på at mange av hennar veljarar ikkje er bønder. Ettersom det ikkje er plass til så mange kjedebaronar her i landet reknar eg med at mesteparten av veljarane hennar er forbrukarar. Det er mogleg eg overvurderer forbrukarane, men truleg har dei og lagra alle dei overnemnde utsegna for fleire månadar sidan.

– Ho burde sagt at vi treng all mat vi kan få, frå både store og små produsentar. Ho burde sagt at det skal vere mogleg for alle å tene pengar på det, men det gjer ho ikkje, sa Erik Fløystad, fylkesleiar i Aust-Agder Bondelag, til Bondevennen etter debatten. Han opplevde at ministeren mangla kunnskap, og ergraseg.

Kan hende Listhaug manglar kunnskap om landbruket, men det har me enno ikkje fått svar på, så lenge ho svarar med same lekse uansett spørsmål og press frå både programleiarar og meddebattantar. Ein ting skal ministeren og hennar stab ha. Dei er dyktige på kommunikasjon og media. Likevel kjenner eg at gjentaking meir enn ti gonger vert litt for barneskuleaktig for meg. Kjære Listhaug, fortel oss noko nytt.

Jofrid Åsland

Stikkord denne saka: