Omstridt: Fleire hundre mål jordbruksareal kan bli bygd ned dersom Time kommune opnar for etablering av datalagringssenter på Kvernaland/Kalberg. Foto: Sjur Håland

Jordvernarar og bønder i Time kommune kjempar mot planar om datalagringssenter på matjord. Bondelaget etterlyser landbrukskontoret sin stemme.

Jane Brit Sande

Time kommune på Jæren vurderer å leggja til rette for store datasenter på Kalberg, Frøyland og Kvernaland. Utbyggingsplanane har fått stor nasjonal merksemd.
Området er i dag prega av jordbruksog naturareal. Tre område på totalt 1881 dekar er peika ut som aktuelle. Av dette er 295 dekar fulldyrka, 9 dekar er overflatedyrka, og 377 dekar er innmarksbeite.
Tysdag 24. november skal eit høyringsutkast til planforslag i saka opp i formannskapet i Time. Time Bondelag, som har spelt inn til planforslaget, stiller seg undrande til at landbrukskontoret i den viktige jordbrukskommunen ikkje tykkjest å vera involvert i saka. Dette ikkje minst i lys av at ein konsekvensanalyse frå Norconsult har konkludert med at ei utbygging vil ha «stor negativ konsekvens » for jordbruket.
Kirsten Smedvig, fagleiar landbruk i kommunen, stadfestar overfor Bondevennen at kontoret ikkje har vore involvert anna enn på overordna nivå i høve kommuneplanprosessen.

– Eg viser til kommuneleiinga, då landbrukskontoret ikkje er involvert i saka om mogleg utbygging på Kalberg, Frøyland og Kvernaland, seier ho til Bondevennen.

Munnkorg?

– Det er aldeles passivt. Landbrukskontoret har vore heilt tause i saka, seier Tarald Magne Oma, nyvald leiar av lokallaget, om landbrukskontoret.

– Her blir det lagt fram ein rapport som lyser raudt for jordbruket, og så er ikkje landbrukskontoret på banen i det heile, seier Oma.

– Eg tenker at dei har fått munnkorg. Det heile er utruleg merkeleg, seier bondelagsleiaren.

 Alle har spelt inn

Bondevennen har førespurt både rådmann i Time kommune, Trygve Apeland, samt kommunalsjef Bjørn Meling om saka. Ingen av dei hadde tid til å snakka med Bondevennen. I ein e-post til bladet skriv kommunalsjef Meling følgjande:

 «Aktuelle planar for Kalberg/Frøyland/ Kvernaland er ein del av heile kommuneplanprosessen i Time kommune for perioden 2018 – 2030, og ikkje ei eiga utbyggingssak på/for Kalberg/Frøyland/ Kvernaland….berre for å ha det stadfesta for folk flest.
(…) Alle kommunale tenesteområde har spelt inn arealforslag for «sine» område, t.d. framtidig behov/avgrensing av areal for areal til ulike offentlege verksemder (barnehage, skule, kultur og idrettsformål, jordvernomsyn m.m). (…)
Landbruk, byggsak, oppmåling, plan/ forvaltning, vatn og avløp har vore sentrale i utforminga av alle føresegner til arealplanforslaget. Landbruk har naturlegvis også spelt inn ytringar i høve mest mogleg avgrensingar i høve omdisponering av landbruksareal framover, jf. nasjonal jordvernstrategi, i planperioden.»

Det har ikkje lukkast Bondevennen å få kommunalsjefen i tale for oppfølgingsspørsmål.

Stikkord denne saka: