Jan Georg Dale

 

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (FrP) har ei optimistisk tilnærming til si nye rolle.

 

Eirik Stople, Bondevennen

 

Den nye landbruks- og matministeren brukar orda; komplekst og spanande, mogelegheiter og utfordrande, når han omtalar norsk matproduksjon.

– Vi kan ikkje underslå eit utfordrande bilde, men må samstundes får fram potensialet og entusiasmen rundt produksjon av norsk kvalitetsmat, fortel Jon Georg Dale, i eit intervju med Bondevennen.

Startsråden er klar på at framtidsjordbruket er treng ein aktiv rekrutteringspolitikk.

– Eg er oppteken av at vi må lukkast med generasjonsskifte. Generasjonsskifte er naudsynt, men krevjande, sa Dale

Har vi ei tilfredstillande sjølvforsyning?

– Vi ser for mykje pessimisme når det er snakk om sjølvberging. Først må vi klargjere premissane. Hugs at vi ikkje kan dyrke sukker i Norge. Vi ser positive utviklingstrekk for å auka matproduksjonen, til dømes auka etterspørsel etter mjølkekvote og vekst i sauehaldet.

Forbrukarane spør etter norske produkt. Statistikken syner at norske husdyrprodukt er heilt dominerande i den norske marknaden. Norskprodusert kjøtt dekker 92 prosent av marknaden. Mjølk over 99 prosent. Ost om lag 86 prosent.

Vi må snakka opp den norske produksjonen og ikkje fornekte tala. Sjølvforsyningsdebatten underslår forbrukarane sitt ønske om trygg norsk mat. Forbrukarane er opptekne av å velje norsk. Det seier noko om potensialet.

Les heile intervjuet i Bondevennen nr 2/16

Stikkord denne saka: