Farleg tett?: Gardane ligg tett på Jæren. Det aukar risikoen for smittespreiing. Foto: Atle Kim Kleven

– Me er aldri fri for risikoen for at sjukdommar skal oppstå eller koma tilbake, seier Arvid Reiersen, leiar for Nasjonalt kompetansesenter for produksjonsdyr.

Jane Brit Sande

2020 har verkeleg gitt Rogaland ein del å bryne seg på. Covid-19, etter kvart med risiko for spreiing til mink. Ringorm på storfe og stans i all livdyromsetting lokalt. Påvising av fugleinfluensa i det rikaste fuglehabitatet i Norge. Det er kanskje ikkje lett å vere fugl i desember, men det er nok ikkje heilt enkelt å vere bonde, heller.

– Jæren har mellom 15 og 30 prosent av husdyrproduksjonen i Norge, avhengig av type produksjon. Det gir eit stort potensiale for å verkeleg smelle, seier Arvid Reiersen.

Han kjenner landbruket på Jæren godt, med lang fartstid som veterinær og tilsett i Mattilsynet. For ein snau månad sidan starta han i si nye stilling i Veterinærinstituttet som leiar for Nasjonalt kompetansesenter for produksjonsdyr.

Konsekvensar

Kor sårbar regionen er for smitte, kjem an på kor smittsam sjukdommen er, seier Reiersen. Han viser til eit tilfelle i 2018 som kunne vore svært dramatisk.

– I ei grisebesetning Jæren vart eit koronavirus som gjekk på luftvegane fanga opp gjennom overvakingsprogrammet. Litt tilfeldig, då testen eigentleg er for å oppdage koronasmitte som gir diaré, seier Reiersen.

Viruset hadde aldri vore i Norge før, og Mattilsynet var kjappe med å sette i gang tiltak. Dei gjekk tungt inn med prøvetaking av alle kontaktbesetningar og alle besetningar i ein radius på tre kilometer.

– Det var nedslåande. Det var smitte i alle kontaktbesetningar og i alle besetningar innan ein kilometers radius, i alle fall. Heldigvis var dette eit virus som ikkje gir sjukdom på gris, så me kasta inn handkledet. Men det var interessant å sjå kor fort eit svært smittsamt virus kan spreie seg, og ein god test av rutinar, seier han.

Arvid Reiersen

Ein svinepest, anten klassisk eller afrikansk, vil truleg ikkje smitte like kjapt, men vil like fullt føre til restriksjonar for besetningen og dei rundt den.

– Kor lenge toler ein smågrisprodusent å vere bandlagt? Ei veke? Fjorten dagar? Det vil ikkje ta lang tid før avliving blir aktuelt på grunn av plassproblem, seier han.

– Høg tettheit av husdyrhald fører i eit smitteutbrot fortare til masseavliving og ringvaksinering, særleg om smågrisprodusentar er råka, seier Reiersen.

Ressursar

Naudsynte tiltak i samanheng med eit smitteutbrot er ressurskrevjande. Totalt vil det vere ei utfordring med eit utbrot, seier Reiersen.

– Veterinærar eller andre fagpersonar skal observere i besetningane som er råka. Har dei vore i ei besetning med smitte, må dei i karantene. Har myndigheitene tatt høgde for den store dyretettheten, og kva det inneberer, spør Reiersen.

Den erfarne veterinæren oppmodar jærbøndene til å halde fram med å vere årvakne på sjukdomsteikn i eigen besetning.

– På Jæren blir sjukdommar oppdaga tidleg, seier Reiersen.

– Førebyggande arbeid er det aller, aller viktigaste næringa kan gjere for å hindre smitte. Mange trudde me var fri for ringorm. Men me er aldri fri for risikoen for at sjukdommar skal oppstå eller koma tilbake, seier Reiersen.

– Fagapparatet må vere med å halde dette varmt. Det er ein kontinuerlig prosess, seier han.

I KSL er det krav om smittevernsplan i alle produksjonar.

– Tenk gjennom vegane smitte kan koma inn i di besetning. Kva med livdyrhandel? Lasterampe? Kven kjem inn i fjøset ditt?, seier Reiersen.

Smittebeskyttelse fungerer, held han fram.

– Smitteslusa er ei viktig brikke. Den treng ikkje vere veldig fancy. Det viktigaste er at den fungerer. Den skal ikkje vere mellomlagring for tørkerullar og anna rot. Bonden må sjølv sjå til at dei besøkande nyttar den, seier Reiersen.

– Det er jo blitt ein klisjé, men bonden er smittesjefen på eigen gard.

Det krelar på Jæren

Også Geir Skadberg, landbruksdirektør i Rogaland, følgjer nøye med på utviklinga på Jæren. Han peiker på den høge aktiviteten i regionen med utanrikshamn, transport, turisme og matproduksjon.

– Sett frå eit fugleperspektiv, er Jæren som ei maurtue. Det krelar. Me er privilegerte som har landbruket her, seier Skadberg.

Regionens store del av den nasjonale matproduksjonen utgjer både ein styrke og ein risiko.

– Konsekvensane av eit pestutbrot, til dømes, er kolossalt store. Eit utbrot i ein besetning på Varhaug, vil gi restriksjonar i Kviamarka. Kva skjer då med industrien, spør Skadberg retorisk.

Bør desentralisera

Landbruksdirektøren etterlyser meir risikotenking. Han meiner at etablering av nye produksjonar også bør flyttast til distrikta. Nokre kommunar har framleis ledig spreieareal.

Geir Skadberg

– Ein må tenka smitte i alle saker som gjeld etableringar i nye produksjonar. Distrikta kan heilt klart ta ein større del av dei kraftfôrkrevjande produksjonane, seier han.

Steinsland & Co. og Hå Rugeri er gode eksempel på verksemder som har vurdert risiko, og spreidd aktiviteten.

– Industrien bør gjere det same. Eg trur det er klokt, seier Skadberg.

– Eg har kommunisert dette til aktørane, men dei må gjere dette saman, seier han.

Samarbeid

– Det overordna målet er friskare dyr og mindre smitte, seier landbruksdirektøren, og viser til prosjektet «Arbeid for god dyrehelse og dyrevelferd i Rogaland » som starta opp ved årsskiftet.

Dette er eit treårig prosjekt, der heile landbruksnæringa deltek: faglag, slakteri, meieri, veterinærstanden og Mattilsynet. Industrien er ei viktig brikke i dette arbeidet. Skadberg meiner at det er positivt med konkurranse om bonden, men at dette prosjektsamarbeidet ikkje skal gå på akkord med konkurransen.

– Det er viktig med synkrone reaksjonar frå aktørane. Til dømes har meieria og slakteria same haldning og reaksjon til ringorm-utbrotet. Det er heilt avgjerande, seier han.

Stikkord denne saka: