I pluss: Solcelletaket til Torgeir Kinn har vore i drift sidan mai i fjor, og har i følgje bonden gitt ei avkastning på fire prosent siste året. Arkivfoto.

Stavanger-bonden Torgeir Kinn investerte i 325 kvadratmeter solcellepanel på fjøstaket i 2017. Anlegget leverer som venta, og rekneskapen går i pluss.

Sjur Håland

– Ja, med grunnlag i ei nedskrivingstid på 30 år, har avkastninga siste året vore fire prosent. Det er langt betre enn bankrenta, for å seia det slik, summerer bonden.

Anlegget er rekna til å produsera 45.000 kilowattimar i året. Straumen Kinn ikkje bruker sjølv, blir selt og levert inn på straumnettet. Om sommaren i fjor var dårleg, svarer magien på taket til forventningane.

– I fjor låg produksjonen litt under det som var kalkulert, men om eg inkluderer denne sommaren og reknar siste 12 månadane, ligg produksjonen over berekningane.

– Fekk du noko form for tilskot?

– Nei, eg finansierte anlegget sjølv.

Blir ikkje rik

– Kva tenkjer du vidare om lønsemda i tiltaket?

– Med fire prosent første året, ser det lovande ut. Avskrivingsgrunnlaget blir jo redusert år for år, og eg reknar med at lønsemda vil auka minst i same takten. Eg har aldri rekna at investeringa skal gjera meg rik, men om det går i pluss, og eg kan unngå å bli fattig, er ikkje det så verst, smilar han.

Kinn er ikkje i tvil om at el-produksjon med solcelleteknologi er framtidsretta. Han ser gjerne at styresmaktene legg ei lita gulrot i form av investeringstilskot på bordet.

– Nå synar det seg heldigvis at mitt anlegg går i pluss utan tilskot. Prisane på solcelleanlegg er fallande, medan effektiviteten er på veg opp, etter kva eg har forstått. Straumprisane er sjølvsagt vanskeleg å spå, men dei har vore høge i sommar.

– Så nå er det berre for bøndene å henge på seg verktøybelte og klatre opp på taka?

– Nja, eg kan i alle fall tilrå at ein reknar på det. Eg kan ikkje påstå at solcelleenergi vil vere lønsamt over alt, men her på garden har anlegget svart til forventningane.

Ikkje IN-midlar

Innovasjon Norge har ikkje midlar per i dag til å yta tilskot til utbygging av solcelleenergi som eit isolert tiltak.

– Finansiell støtte frå oss er meir aktuelt om det er snakk om ei større investering i bioenergi der solcelleenergi er ein del av pakken, seier seniorrådgjevar i Innovasjon Norge Rogaland, Olav Tegle, til Bondevennen.

Han held fram at om solcelleanlegg inngår som ein del av eit større byggeprosjekt på garden, kan det vera aktuelt med ein noko høgare tilskotssats. Fleire bønder har vore i kontakt med Innovasjon Norge siste året med tanke på å leggja solceller på taket.

– Interessa er klart aukande. Me har rekna på økonomien med dagens straumprisar og finn det vanskeleg å finna særleg lønsemd i slike tiltak. Men det er sjølvsagt positivt med dei som går føre og ønskjer å prøva noko nytt. Me vil følgja med utviklinga og anlegg som er i drift, seier Tegle.

Olav Tegle

Stikkord denne saka: