Per Terje Dalen og Olinn Nevland under NM i Swing på Landsstemne på Hellerud i 1997. Foto: Per Spødervold

Per Terje Dalen og Olinn Nevland under NM i Swing på Landsstemne på Hellerud i 1997. Foto: Per Spødervold

Ein idrettshall blir festlokalet når «Norges største vennegjeng» samlast til fest. Rogaland Bygdeungdomslag feirar 70 år, og inviterer tidlegare medlemmer til markeringa.


Jane Brit Sande, Bondevennen


– Me arrangerer ei feiring for å få med alle som er og har vore medlemmar i Rogaland Bygdeungdomslag. Det blir ein kjekk kveld der me samlast for å feira alle desse åra, seier Therese Ravndal, info-leiar i Rogaland Bygdeungdomslag (RBU).
Fleire av fylkeslaget sine leiarar gjennom åra, er spora opp og inviterte. Men RBU håpar dei kan få med seg fleire som har vore ein del av RBU gjennom tidene. Arena er Varhaughallen, laurdag 12. november.

Levande bygder

Det er ikkje berre RBU som har jubileum, landsorganisasjonen Norges Bygdeungdomslag (NBU) feirar like mange år, men i Rogaland vil det altså vere ei eiga markering.
– Me arbeider aktivt for å oppretthalde levande bygder, med tilbod til ungdom. Dei aktive medlemmane i Rogaland er primært mellom 16 og 35 år, fortel Einar Mjaaland Sele, leiar i RBU.
Dei levande bygdene kjem på ingen måte av seg sjølv, og RBU sine lokallag tar sin del av arbeidet alvorleg. Lokallaga i Rogaland er: Bjerkreim, Varhaug, Nærbø, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time, og Orre. Gjennom året er der fleire arrangement ungdommen kan henga seg på, med eit aktivt mål om å få fleire og fleire ungdom engasjerte i bygdepolitikk, lokaldemokrati, og lokalsamfunnet elles.
– Det er fleire ungdommar som er engasjert no, enn for nokre år tilbake. Medlemstalet stig kvart einaste år, i Rogaland er me no oppe i 1.124 medlemmar, fortel Sele stolt.
Det aktive arbeidet ber altså frukter. I den siste tida har både kommunesamanslåing og ny togtrasé vore sakar der RBU har engasjert seg.
– Me er ein politisk nøytral organisasjon, men me arbeider aktivt for å få medlemmane engasjerte i politikken, særleg lokalpolitikken. Me likar å visa oss fram, og å visa at me er engasjerte. Bygdeungdomslaget er ein stor organisasjonsskule, seier Sele.
– Me gjer det me kan for å folk med inn i styra. Når me først har fått dei med, blir dei ofte verande.

(Saka held fram under bileta)

Arrangement på Jæren i 1990

Gå-Sjeisen arrangementet i Wiig-skogen i 1990. Foto: Per Spødervold

Ungdommar poserer ved traktor. Bilete frå 1990

Lars Kristian Grude og Egil Horpestad på NM i Pløying under haustarrangementet i Surnadal i 1997. Foto: Marlen Hognestad

Vennegjengen

Gjennom året er RBU synlege på mange vis. Dei er kjende for sine arrangement, med stevner og tevlingar. Året startar i februar med årsmøtet, og på våren har dei sommarstevne der helga går med til tevlingar, konsert, og campingliv. På tevlingsdagen blir det kåra fylkesmeistrar i motorsag, eksteriørbedømming av hest, og mykje anna. Kvar sommar er det tid for landsstevne. I år tok 90 medlemmar frå RBU fatt på den nærare 18 timar lange køyreturen til Surnadal i Møre og Romsdal.
– Me i RBU er kjende i heile landet for å vere ein engasjert gjeng, ler Sele.
I år var RBU verstskap før NBUs Høstarrangement, og året har vore prega av planlegging og førebuing til dette.
– Bygda er for alle, og me arbeider for at NBU skal vere eit tilbod for alle. Det er ikkje utan grunn me kallar oss for «Norges største vennegjeng», seier Sele.

Tid for jubileumsfest

Festkomiteen for jubileumsfesten håpar Varhaughallen blir full av tidlegare og noverande medlemmar.
– Dette er ein fest som vil vere like kjekk for dei på 18 som for dei på 70 år. RBU er ein fellesnemnar på denne festen, me håpar me får samla både veteranar og unge, seier Kjetil Nedrebø, leiar i festkomiteen for jubileumsfesten.
I anledning jubileet vil det bli gitt ut eit jubileumsblad der det er skrive ned kva RBU har arrangert og jobba med dei siste ti åra. Det same vart gjort i anledning 60-års jubileet i 2006, og då RBU feira 50 år, vart det gitt ut ei bok.
– I tillegg vil me laga til ei utstilling med gamle bilete, minner og medlemsblad, fortel Nedrebø.
På festen vil det bli matservering med middag frå Kafé Jærbuen på Nærbø, det blir sal i baren, og bandet Lausdrift skal spele til dans. RBU vil dele ut utmerkingar til tidlegare fylkesleiarar og arrangementsleiarar av Landsstevnet og Haustarrangementet.
– I tillegg vil det bli litt anna underhaldning, men den er hemmeleg, ler Nedrebø.
– Men du kan skriva at det er nokre sprø tevlingar!

Vil du vere med på fest?

Billettar kan kjøpast på nett: tikkio.com, og skriv «70-års jubileumsfest» i søkefeltet. Frå 24. oktober kan billettar kjøpast på følgande utsalsstader: Bøen på Varhaug, Pakkhuset på Orre, og Posten på Ålgård.

To ungdommar, ein speler ukulele. Bilete frå 2011

Caroline Vinningland Sitter og Kjartan Søyland frå Gjesdal, var med i kokketevlinga på Landsstevnet på Nærland i Hå i 2011. Det var viktig å laga god stemning når rettane skulle førebuast, meinte dei. (Foto frå Bondevennen sitt arkiv)

Stikkord denne saka: