Motstandarar: Marit Brevik, bonde, pådrivar for motstandsgruppa Nei til vindkraft på Faurefjell i Bjerkreim og leiar av Motvind Dalane, Eivind Salen, leiar av Motvind Norge, og Torkel Svela, bonde, vil stanse utbygginga av Faurefjell vindkraft. Vindturbinane er planlagt å vere i fjellområdet bak dei.

Vindkraft-utbygging vekker kjensler, også i Bjerkreim. Lokale bønder opnar garden for feiring av naturen, og artisten Tønes stiller opp gratis.

Jane Brit Sande

Hausten 2019 sette Bjerkreim kommune utbygginga av Faurefjell vindkraft på vent, då dispensasjonen vart trekt tilbake etter eit knapt fleirtal i formannskapet. Faurefjell skulle halde fram som område regulert til landbruk, natur og friluftsliv. Sidan kom det også eit fleirtal i kommunestyret for vedtaket «ikkje ønskeleg med vindkraft på Faurefjell».

– Ein siger. No har kommunen gjort det dei kan for å stanse denne utbygginga, seier Marit Brevik, pådrivar for motstandsgruppa Nei til vindkraft på Faurefjell i Bjerkreim, leiar av Motvind Dalane og bonde. Men vedtaket er ikkje utan atterhald. Politikarane i Bjerkreim vart samde om krav om ei full konsekvensutgreiing, der dei nye momenta som klagarane la fram skal tas med. Utbyggjar Norsk Vind har på si side bedt Olje- og energidepartementet om å få gå utanom kommunen, via ein statleg plan. Norges Vassdragsog Energidirektorat (NVE) godkjende 16. juni utbyggingsplanen for Faurefjell vindkraftverk. Med andre ord

– saka er ennå ikkje avgjort, og lokale bønder og innbyggjarar lever i uvissa. 22. august (sjå boks) inviterer difor aksjonsgruppa Nei til vindkraft på Faurefjell i Bjerkreim og Motvind Dalane til ei feiring av naturen, urørte Faurefjell, og motstandsarbeidet, som så langt har bore frukter.

Konsert i gardsrommet

Bonde Torkel Svela på Fuglestad, har sett gardsrommet og reiskapshuset til disposisjon. Med utsikt til Faurefjell blir det appellar og musikkinnslag frå fleire lokale artistar, blant anna visesongar Tønes, bandet Innavl, songar Karin Hodne og Rune Eilertsen med band.

– Eg har lenge vore motstandar av vindkraftutbygginga, men eg har ikkje engasjert meg før no, seier Svela.

– Blir det ikkje fordeler for bøndene og grunneigarane med at til dømes beiteområde blir betre tilgjengeleg, med vegnett?

– Jo, det kan hende. Men dette området er ikkje i utgangspunktet eit beiteområde, og vegar er der allereie. Eg, som bonde, engasjerer meg for eige lokalmiljø.

Frå reiskapshuset har han utsikt utover Faurefjell og områda som står i fare for å bli del av vindkraft-utbygginga.

– Eg har allereie utsikt til to andre vindkraftverk, på Stigafjellet og Måkaknuten. Faurefjell ligg berre nærare. Det er ikkje greitt, seier bonden.

– Då eg fekk spørsmål om eg kunne husa denne markeringa, sa eg ‘ja’ med ein gong, seier Svela.

Ivrar for lokalmiljøet

Marit Brevik starta opp og har stått i bresjen for motstandsarbeidet for Faurefjell.

– Eg kjende meg aleine i starten, men etter at aksjonsgruppa vart danna har me vore ei gruppe med godt samhald som har jobba for same mål, seier ho.

Ho listar opp omsynet til ville dyr, forureining og øydelegging av lokal natur som grunnar til engasjementet.

– Turbinane gir ringverknadar på mange vis. Ville dyr blir skada og døyr. Til dømes gjer trykkforskjellen (frå blada på vindturbinane, journ. meld.) at flaggermus blir sprengd innanfrå. Og turbinane lagar lydforureining for oss som bur tett på, seier Brevik engasjert.

– Energien skulle eksporterast til Tyskland, men også dei eksporterer energi. Me treng ikkje energien her i Noreg heller, då me har full dekning takka vere vasskraft.

– Vindkraftutbygginga er ikkje naudsynt, slår ho fast.

Turbinar alle vegar: Torkel Svela syner fram utsikten frå tomta der han skal bygga hus. Her ser han mot Stigafjellet og Måkaknuten.

Ein fest for fjellet

Eivind Salen er leiar i organisasjonen Motvind Norge, som arbeidar mot utbygginga av vindkraft.

– Denne markeringa handlar om å feire fjellet og naturen slik den er. Ein fest for fjellet, eit smil gjennom tårer, seier han om Faurefesten i Bjerkreim.

Bjerkreim har allereie gitt store område til vindkraft: Skinansfjellet vindkraftverk, Eikeland-Steinsland vindkraftverk og Gravdal vindkraftverk.

– Faurefjellet skil seg ut, då det ikkje er på kystsida av E39. Her kan ein framleis nyta turbin-fri utsikt. Området er unikt og urørt, seier Motvind-leiaren.

– Situasjonen er svært pressande for dei som bur tett på dette området, og som ikkje ønskjer å ha vindkraftverket i eige nærmiljø. I tillegg har utbyggarane eit tidspress, då dei allereie er seint ute med å rekke konsesjonsfristen, som seier at vindkraftverket må vere ferdig seinast 31. desember 2021, seier Salen.

Klagar

Førre veke sendte Motvind Norge klage på vedtak om konsesjon, utsett frist og MTA-plan (Miljø, Transport, og Anleggsplan) for bygginga av Faurefjell vindkraftverk. Klagen er sendt til Olje- og energidepartementet.

– I fjor haust bestemte Bjerkreim kommune at dei ville at Faurefjell skulle halde fram som LNF-område. Motvind Norge meiner at konsesjonen er i strid med gjeldande lovverk, seier Salen.

Vindturbinane er ei avgjerd for evig framtid, meiner Salen. Han uroar seg for kva naturøydeleggingane vil bety for kommande generasjonar, og ubehaget det inneberer for dei som bur i nærleiken.

– No gjenstår det berre å sjå: Vil staten overkøyre ein kommune og eit lokalmiljø som er så sterkt imot denne utbygginga?

For meir informasjon om arrangementet, sjå facebook-gruppa «Nei til vindkraft på Faurefjell i Bjerkreim».

Stikkord denne saka: ,