Her vert formen på tåa korrigert.

Her vert formen på tåa korrigert.

Her kjem tips og vink til klauvstell hjå sau.

 

Jofrid Åsland

 

– Du skal ikkje gjera noko med sjølve solen. Eg gjer noko med klauvveggen som har lagt seg under sålen, sa Ola Skjørestad, bonde.

Han fekk hjelp av Marit Johanne Apeland til informasjon og rettleiing om klauver og problem som kan oppstå.

Skjørestad synte korleis han retta opp for lange klauver ved å klippe av klauvveggen som var for lang, og litt på tåa.

– Det er viktig å kikke i klauvspalta etter fotråte, opplyste Skjørestad.

Han nemnde talle som ein risikofaktor for lang klauvvegg. Medan strekkmetall i sauehuset fører til meir naturleg slitasje av klauvene.

Veterinære, Marit Johanne Apeland, forklarde at dersom sauen går på hardt underlag vil klauvene slitast like mykje som dei veks, om lag ein millimeter per veke. Går dyra på mjukt underlag vil ikkje klauvene ha same naturlege slitasje, og klauvskjering kan vere naudsynt. Eit vanleg problem er at klauvveggen veks og legg seg under sålen. Då må ein klippe bort den delen av veggen. Målet er at klauveggen skal vere eit par millimeter lengre enn sålen.

 

Her ser me skade på den kvite linja. Det vert retta opp ved å skjære bort det som er skada.

Her ser me skade på den kvite linja. Det vert retta opp ved å skjære bort det som er skada.

Skada kvit linje

Apeland peika og på at sauen kan få problem i overgangen mellom klauvveggen og sålen, den såkalla kvite linja. Linja er mjukare enn resten av klauva, og har lettare for å bli skada/underminert. Dersom stein og skit presser seg opp gjennom den kvite linja kan dyret i verste fall få infeksjon i foten. Det beste er om bonden kan skjære bort det som er skada før drit får ete seg opp gjennom klauva mot kronranda.

– Det er gjort på eit blunk å fikse klauver. No veit de korleis, sa Apeland.

Det var Sau og Geit som stod for invitasjonen til ein kveld om klauvhelse hjå sau.

 

Veterinær, Marit Johanne Apeland, fortel om klavhelse hjå sau.

Veterinær, Marit Johanne Apeland, fortel om klavhelse hjå sau.

Vekst og vanskar

– Klauva veks frå kronranda og nedover. Klauvveggen skal ideelt vere to millimeter lengre enn sålen, som veks i takt med slitasjen. Dersom slitasjen er stor veks sålen meir. Ein treng vanlegvis ikkje å klippe noko av sålen, står det på Animalia sin nettstad.

 

Animalia har nyttig informasjon om klauvhelse og stell av klauver:

 

Her vert skaden etter ei knekt tå retta opp så godt det let seg gjere.

Her vert skaden etter ei knekt tå retta opp så godt det let seg gjere.

Tips i klauvklipp:

  • 1. Ei rosesaks kan gjere god nytte som klauvsaks.
  • 2. Unngå å klippe til blods. Det vert fort ein inngangsport for bakteriar.
  • 3. Fuktige klauver er mjukare og dermed lettare å klippe.
  • 4. Klauvveggen skal vere to millimeter lengre enn sålen.

Kjelde: Marit Johanne Apeland.

Stikkord denne saka: