Storflaumen ramma også Hovsherad. Foto: Øyvind Steinnes.

Storflaumen ramma også Hovsherad. Foto: Øyvind Steinnes.

Anita Hestnes Tengesdal og Aleksander Tengesdal opplevde svært dramatiske timar under storflaumen på Tengesdal i Bjerkreim. – Etterpå fekk me besøk av kronprinsen med følgje, noko me sette stor pris på, fortel dei.

Eirik Stople

Flaumdagane 4., 5. og 6. desember var høgdramatiske for Bjerkreimsfamilien.
– Me har aldri hatt ein liknande situasjon, flaumen kom så fort og me hadde ikkje tenkt gjennom kva me skulle gjera, fortel Aleksander Tengesdal.
Hjelpa kom frå gode naboar som tok grep om situasjonen. Det nye lausdriftsfjøset fyltes med vatn og dei måtte setje i verk evakuering av 100 dyr. I ein periode var dei, saman med folka på nabogarden, forhindra i å koma ut av området.

Kronprinsbesøk

– Me sette pris på at kronprinsen var oppteken av vår situasjon, at han tok kontakt og kom på besøk. Det hjalp veldig på, fortel den unge bonden.
Nå har ting roa seg. Dyra er attende i fjøset, og situasjonen har normalisert seg. Aleksander fortel om vannskader både i driftsbygning og bustadhus som må ordnast.
– Me har aldri vore i nærleiken av ein flaumsituasjon som kan samanliknast med denne. Alt i alt var me veldig heldige, sett i forhold til den ekstreme situasjonen me var oppi, seier Aleksander.

Ekstrem situasjon

– Det var ein uvanleg situasjon med ekstreme vassmengder i vassdraga, som seig utover områda. I tillegg til evakuering av dyra på to gardar, gjekk det tapt ein del fôr, fortel Olav Gjedrem, frå Bjerkreim, til Bondevennen.

Verst i Hovsherad

I Lund kommune ramma flaumen verst i Hovsherad, fortel nestleiar i Rogaland Bondelag, Kjell Andreas Heskestad, frå Heskestad i Lund.
Han fortel om skadde bruer, erosjon og om lag 1.000 rundballar som flaut ut i varnet, i tillegg til flomskader på bygningar. Bondelaget følgjer opp situasjonen, ved å reise rundt i dei flaumramma områda.

Stikkord denne saka: