MjølkekuTal frå Landbruksdirektoratet viser at 342 bønder har søkt om sal av mjølkekvote i 2015, mot 270 bønder i 2014.

Dersom ein legg til grunn at seljarane har same gjennomsnittskvote som i 2014, ligg det i 2015 an til eit sal på 30,8 mill. liter kumjølkkvote. I 2014 selde 248 bønder 22,3 mill. liter kumjølkkvote, noko som tilsvara ein gjennomsnittskvote på om lag 90 000 liter per seljar.

Fristen for å søke om sal av grunnkvote var 1. august 2015.

Fristen for å søkje kvotekjøp frå staten er 1. oktober 2015.

 

Stikkord denne saka: