Rett pose til rett kunde: Camilla Torland Velde (til høgre) hadde fått mange bestillingar til første utlevering i REKO-ringen Sandnes og Stavanger. Med nøysamt førehandsarbeid, sytte ho for at kundane fekk med seg rett pose med kjøt.

Den stadig meir populære arenaen for direktesal mellom bonde og forbrukar startar opp i Rogaland.

Jane Brit Sande

Denne torsdagskvelden er bilane på parkeringsplassen på IKEA på Forus, tett på E39, fulle av alt anna enn flatpakka klesskap og kommodar.

– Hei, eg har bestilt kjøt hjå deg, seier ein kunde som kjem springande mellom regndråpane, bort til varebilen til Camilla Torland Velde.

Bondevennen er med på første utlevering i REKO-ringen Sandnes og Stavanger. REKO, som står for «Rettferdig konsum», er ein enkel distribusjonskanal for primærprodusentar og mathandverkarar. Produsentar annonserer varer i ei eiga Facebook-gruppe, der kundane også går inn og bestiller det dei ønsker. På fast stad til fast tid, møtes kundar og produsentar til handel. Salskanalen, som oppstod i Finland i 2013, blir stadig meir populært i Norge. Meir enn 30 REKO-ringar er etablert her til lands, og stadig fleire er under planlegging.

Oppsøker kundane

Saman med mannen Harald Velde, driv Camilla gard i Vats i Vindafjord kommune. Der har dei storfe av rasen dexter, og sel kjøt under merkevaren Dexter av Velde. Ho finn fram rett pose til kunden sin, og fortel:

– Det me slaktar, tek me i retur. Me slaktar ikkje så mange dyr, om lag ein stut i månaden. Livdyrmarknaden for denne rasen er fortsatt veldig god, seier ho.

Camilla har trua på eige produkt, og er ikkje framand for å fronta det.

– Kjøtet er for bra, for mørt og smakfullt, for storindustrien, hevdar ho.

Bondeparet trong ikkje tenka seg om to gonger då REKO-ringen i Stavanger og Sandnes starta opp.

– Me har selt kjøt frå eigne dyr i to-tre år allereie. Om me vil selja kjøtet, må me oppsøka kundane. REKO er blitt populært i fleire andre byar allereie. Det er ein enkel og føreseieleg måte å få selt varene vår på, seier ho.

Breier om seg

Så langt er REKO-ringen Sandnes og Stavanger den einaste i Rogaland, men ein på Haugalandet er på trappene.

– No venter me berre på tid og stad for første utlevering, seier Camilla.

Bjørnar Rygg frå Randaberg Potet har tru på REKO-konseptet. Han fekk seks bestillingar på førehand, og er nøgd med første utlevering.

– Eg trur dette vil vekse, slik det har gjort andre stader, seier han.

Har trua: Bjørnar Rygg frå Randaberg Potet har tru på at REKO-konseptet vil vekse, slik det har gjort andre stader. På første utlevering fekk han hjelp av dottera Ingebjørg, 5 ½ år.

Stikkord denne saka:
Share This