Jubileum: Sigve Bø t.v. var den første leiaren i Forum Gris. Tormod Ropeid har stafettpinnen og er leiar for dei 100 medlemmane i den frittståande organisasjonen i jubileumsåret.

Etter eit kvart hundre år er medlemmane i Forum Gris stadig på jakt etter å løfta resultata i grisehusa.

Sjur Håland

Det har reist ein del rogalandsgriser gjennom slaktehallar og fryselager sidan uavhengige Forum Gris starta opp med 20 medlemmar i 1994. Laget er ikkje mest kjent for å sjå bakover i tid.

– Nei, me er medlemmar i Forum Gris for å byggja kunnskap og sjå framover. Svineprodusentane strekkjer seg stadig etter å bli betre, held leiaren i jubileumsåret, Tormod Ropeid, fram.

Skepsis i starten

Drygt 70 svineprodusentar, pluss ulike aktørar knytt til svinenæringa i Rogaland, møtte på jubileumsfesten på Sola førre helg. Medlemstalet ligg på kring 100.

– Våre medlemmar er svineprodusentar, spreidd rundt i heile fylket, med eit lite tyngdepunkt på Jæren, summerer Ropeid, medan han helsar på jubilantar som rykker inn på hotellet. På jubileumsfesten var det, i tillegg til fagprogram, også dags for eit tilbakeblikk.

Sigve Bø er ein nestor i svinemiljøet i Rogaland. Han driv avlsbesetning i Randaberg, var blant initiativtakarane, og første leiaren i Forum Gris. Bø fortel om skepsis og uvisse blant det etablerte landbruksmiljøet i Rogaland då dei unge og framstormande svineprodusentane etablerte organisasjonen i oktober 1994.

Såg til Danmark

– Førehistorien handlar om eit landbruk i rivande utvikling. Frå nokre få purker i eine enden av kufjøset, var det stadig fleire som såg potensialet med å auka produksjonen. Ventilerte hus av isolerte betongelement vart tilgjengeleg, kraftfôr kom i bulk og vassrøyra vart tilkopla interkommunalt vatn, minnest Bø.

Bøndene reiste på 1980-talet i fullasta bussar til Herningmessa i Danmark. Her let dei seg imponere av kreative fødebingar og konsulentar med kvit skjorte og slips som serverte snaps på standane. Fast prosedyre var å reisa innom ein butikk i Århus på heimvegen og hamstra jernpreperat. Kreativ smugling av antibiotika førekom sporadisk.

– Stemninga på den tida vart akkumulert gjennom dei etablerte veterinærkontora. Veterinærane hadde ei proteksjonistisk haldning og gav oss ikkje høve til å gi ein einaste injeksjon i ein gris. Den jobben skulle veterinæren gjera sjølv. Frustrasjonen i kjølvatnet av denne praksisen er også ein del av bakteppet for danninga av Forum Gris, understrekar Bø.

Trong kunnskap

Behovet for opprør mot veterinæretablissementet blanda seg med eit sug etter meir kunnskap.

– I sum kan ein seia at det heile starta med ein gjeng som stod midt i overgangen til det industrialiserte landbruket og hadde tankar om å bli meir profesjonelle enn me var, fortel Bø.

Medan dei såg på Norsvin som ein organisasjon for heile svinenæringa, skulle Forum Gris reindyrka og optimalisera arbeidet i det einskilde grisehuset. Dei ville ha hand om dei beste rådgjevarane og forbetra helsetilstanden og produksjonsresultata.

– Hugs at det var lite aktivitet på rådgiving gjennom slakteria og fôrleverandørane på den tida. Den profesjonaliteten me etterspurde, fanst ikkje, minner Bø om.

Må utfordra sanningane

Veteranane i Forum Gris har vore med frå då den einaste frykta var nysesjuke, fram til vaksinasjonsprogramma kom, og Helsetenesten for gris vart etablert. Konsulentane frå Danmark byrja å koma på fjøsbesøk til Rogaland. Ikkje alle var heilt nøytrale. Først då Erik Jensen, som var knytt til eit rådgivingskontor i Danmark, kom på banen, vart arbeidet meir seriøst. Klinsjen med dyrlegane vart løyst med ein privat praktiserande veterinær som såg problema frå bøndene si side.

Forum Gris vart ikkje ein flopp.

– Kva meiner du må vera prioriteringar framover?

– Dyrehelse har prioritet, svarar Bø.

– Så må me i tillegg halda fôrindustrien i øyrene. Det viktigaste me heile tida må gjera, er å driva kunnskapsformidling og utfordra dei etablerte sanningane for å koma vidare. Det er det me har gjort dei siste 25 åra.

– Vil veksten halde fram?

– Ja, tenk på at då me starta var avdråtten på årspurkene mellom 16-23 avvendte. I dag er har dei beste passert ein avdrått på 30 avvendte for lenge sidan.

Stikkord denne saka: