bv463_aktuelt

Kviamarka: – Investeringane til Nortura i Kviamarka og i Prima Slakt AS i 2014 står godt på eigne bein. Kviamarka er Nortura sitt framtidige satsingsområde i Sørvest, sjølv om det ikkje er aktuelt å endra på slakteristrukturen i området no, seier Sveinung Svebestad, styreleiar i Nortura.

 

På standane under Agrovisjon stod Nortura og Prima så tett at dei kunne vera vanskelege å skilja. Fleire undrar på om dei to aktørane har slått seg saman. Det har dei ikkje.

Sjur Håland, Bondevennen

Men, dei to selskapa representerer ikkje lenger eit slakterisamvirkeselskap og ei privat driven slakteriverksemd. Ikkje alle kjenner til korleis eigartilhøva er.
– Forvirringa har nok ein base i korleis selskapa var eigde og organiserte før, trur styreleiaren i Nortura, Sveinung Svebestad.
Våren 2014 selde Prima Gruppen, med base i Kviamarka i Hå,  slakteriverksemda si til konkurrenten, bondeeigde Nortura. Det låg ein klar strategi bak handelen frå Nortura si side. Slakteriet på Forus var ikkje lenger ein del av Nortura sin framtidsplanar.

Såg etter tomt

– Nortura såg etter ei ny tomt i Sørvest. Styret såg at den verdifulle, men  inneklemde industritomta midt i oljelandskapet på Forus i Sandnes/Stavanger, var lite framtidsretta, fortel Sveinung Svebestad.
Situasjonen på Forus er endra etter oljenedgangen. Tomtepresset er monaleg redusert, og Nortura-fabrikken på Forus går framleis for fullt, medan uvissa rår i høve til byutvikling og kommuneplanar i området.
– Me har det ikkje lenger så travelt med å flytta frå Forus, seier styreleiaren.
Men flytteplanane er ikkje arkiverte. I august fatta styret i Nortura eit vedtak som stadfestar at Kviamarka framleis er Nortura sitt satsingsområde i Sørvest.
– Nortura har gjort eit viktig vegval, men det er ikkje snakk om å gjera endringar på slakteristrukturen no.

Slaktar for Prima

Det var eit stykke ut i denne vegvalsprosessen at Nortura fekk ei hendvending frå Prima Gruppen, som førte til kjøpet av slakteridelen i 2014.
– Me var opne for å sjå på eit mogleg samarbeid, noko som enda opp med at Nortura kjøpte heile aksjeposten i slakteriselskapet Prima Slakt AS og eigedomsselskapa som eig bygg og tomt i Kviamarka.
Det er med andre ord Nortura som tar hand om slaktedyra. Både dyra som vert slakta frå Nortura sine produsentar og dei som leverer til Prima Slakt vert slakta på Forus (gris og småfe) og i Egersund (storfe). Kjøtet frå Prima Slakt sine produsentar går vidare inn i Prima Jæren sine varestraumar. Her endar produkta blant anna opp som til dømes Jæren Smak- og Prima Angus-produkt.
– Slike konsept får produsentane ein meirpris for. Det er viktig å presisera at meirprisen på desse dyra er det Prima Jæren AS som betalar. Dei tillegga må Prima ta ut i sluttmarknaden.
Skjereverksemda i Kviamarka blir utført av Norpri AS, eit selskap der Nortura eig 49 prosent, medan Prima har aksjemajoriteten med 51 prosent. Her blir det føreteke kjøtskjering for Prima.
– Har investeringane i Prima i Kvamarka vore rette i lys av at anlegga på Forus og i Egersund framleis går for fullt?
– Ja. Uavhengig av framtidig bygging, står investeringane i Kviamarka/Prima Slakt AS godt på eigne bein. Dette fordi me får ei mykje betre utnytting av slaktekapasitetane på Forus og i Egersund.
Før eller seinare må Nortura vekk i frå Forus.
– Me kan no i langt større grad styra den utviklinga sjølve. Me ser føre oss synergieffektar av å samle verksemda i Kviamarka, kor me allereie i dag har eit slakteri (fjørfe). No eig me Primaanlegget og i tillegg kan me trekkja vekslar på dei andre verksemdene som er lokalisert i dette området.

Fakta:

Nortura SA eig og driv Prima Slakt AS
Skjeringsdelen, Norpri AS, er eigd av Prima (51 %) og Nortura (49 %)
Prima kjøper slakt av Nortura, men konkurrerer med sam­virkeverksemda i sluttmarknaden
Prima Slakt AS har framleis eigne leverandørar. Meirprisar for konsept blir betalt av Prima Jæren.

Stikkord denne saka: ,