Anders Hopland og Liv Synnøve Andersen vurderer haldet på kua. Haldvurdering er ein blanding av å bruke auga og å kjenne på feittlaget på kua. Foto: Lise Elvagjeng.

Anders Hopland og Liv Synnøve Andersen vurderer haldet på kua. Haldvurdering er ein blanding av å bruke auga og å kjenne på feittlaget på kua. Foto: Lise Elvagjeng.

Anders Hopland, frå Fjaler kommune i Ytre Sunnfjord, sleit med feite kyr. No ser me flotte kyr i rettare hald, noko som både bonden og rådgjevaren er svært nøgd med. Landbrukspolitikken derimot, er Anders ikkje like nøgd med…
Liv Synnøve Andersen,
Nøkkelrådgjevar i Tine

Haldvurdering

– Eg har tidlegare hatt for feite kyr, det var ikkje enkelt å fôre sinkyra for seg sjølv i gamlefjøset ved spreidd kalving. Eg hadde og ein god del mjølkefeber i besetninga. No er sinkyrne for seg sjølve og blir fôra på oppsopet etter kyrne. Dette går betre, men det har tatt tid å kome hit. Eg har praktisert regelmessige haldvurderingar dei siste åra, og har i tillegg til fôrplaner brukt auga for å følgje med på holdet. Dei kyrne som mjølker lite, et seg lett feite, fortel Anders.
Det er anbefalt at dyra skal ligge innanfor 3,25-3,75 haldpoeng ved kalving og det same ved sining. Tap av hold bør avgrensast til 0,5-0,75 poeng, og vere avslutta 4-6(8) veker etter kalving. Etter 3 månader vert det så anbefalt forsiktig auke av holdet, frå 3 månader og fram til sining. Høgast hald ved kalving (3,75) tålast for besetningar med høg yting. Feite kyr, med redusert fôropptak og auka risiko for produksjonssjukdomar. får lett ein knekk i produksjonen. Anders har erfart at det kan vere freistande å halde oppe produksjonen med å gje mykje kraftfôr utover i laktasjonen, i håp om å berge noe av det tapte og få opp ytinga. Dette vert lett ein negativ runddans då kua vil legge på seg igjen gjennom heile laktasjonen, og på nytt kalve for feit. Anders er i ferd med å bryte sirkelen og har måtte tåle at produksjonen har gått ned ein periode til kyrne har kome i rettare hald. Geno si haldvurderingkan ein gratis laste ned frå Geno si heimeside.

Ungdyra

Anders har det siste året jobba spesielt mot å få kvigene i rett vekt og hald ved kalving. For ein resultatorientert bonde som Anders er det lett å følgje med på utviklinga, for svaret kjem raskt når tiltak vert sett i verk. I januar, då rådgjevar var innom, vart kvigene målt. Brystmålet viste då varierande vekt på kalv ved 6-7 månaders alder. Fleire kalvar låg under anbefalt vektkurve.
– Rådgjevar korrigerte meg, og eg endra litt på fôringa. Eg gav dyra oppsop og tenkte at dei fekk greie seg med det. Det var å få feite kviger og kyr eg var mest redd for. Etter brystmålingane vart dette endra og eg har no gitt kvigene oppsop pluss eit par kg kraftfôr fram til etter inseminering.
Resultata av endra fôringspraksis syner godt på Tine sin produksjonskontroll(sjå grafen under). Dei fleste av dyra er no 18 mnd gamle i rett vekt, dei nye kalvane i 6-7 månader alderen ligg over kurva i motsetning til puljen før. Ei kvige bør vere stor og robust når ho skal i lausdrifta og konkurrere med dei eldre dyra. Ei vekt på om lag 560 kg ved kalving, utan at dyret er feit, er passe.
Anders har etter vektregistreringane plassert to av kvigene som er under anbefalt vekt i binge saman med dei som er yngre for at dei skal få meir tilpassa fòring. I tida etter insemineringa er det viktig at Anders ikkje er for snill med dyra, tilveksten pr dag er mindre og han må følge med på holdet for å leggje grunnlaget for god yting framover. Då er feite kviger ikkje ynskjeleg.

Heile tida lære noko nytt

– For å få betring på produksjonsresultata må eg sjølv vere meir resultatorientert som bonde, eg må auke mitt eige kunnskapsnivå og eg må setje i verk tiltaka som vil gje effekt.
– Draumen er å produsere 9500 kg pr. årsku, det er opp frå ca. 8000 kg pr. årsku i dag. Eg vil ha fleire eldre kyr og utrangere på eit seinare tidspunkt enn i dag. Eg brukar fôringsrådgjevaren for å få ytterlegare råd om korleis dette kan la seg gjere.
– Eg likar best å tileigne meg kunnskap i lag med kollegaer eller rådgjevarar. Eg kan ikkje spørje ei bok eller nettet på same måte som eg kan i dialog med menneske. Dessutan festar kunnskapen seg betre og eg får råd og tips som er tilpassa min situasjon i dialog med kollegaer og rådgjevarar. Eg ynskjer, som bonde, heile tida å bli utfordra på det eg kan gjere betre i drifta. Eg har brukt Nøkkelrådgjevar til å følge opp haldvurdering, ungdyrvekst og sjå trendar i produksjonen. Fôringsrådgjevaren har laga fôrplaner, og eg har nytta avlsrådgjevar for å sikre gode kombinasjonar mellom ku og okse. Eg føler eg har hatt god nytte av dei ulike rådgjevarane, dei utfyllar kvarandre. Men, sjølve jobben lyt eg gjere sjølv og eit av måla mine er å bli betre på å setje i verk tiltaka som eg har tru på vil gje effekt.

Landbruk og politikk

– Eg merkar at arbeidet ute på jordene er ein vesentleg større arbeidsbyrde enn tidlegare. Å auke ytinga krev godt grovfôr, men arbeidstoppane i produksjonen vert større og varer lengre. Det er vanskeleg å gjere alt til rett tid, det våte klimaet vi har her set sine avgrensingar. Det har sin pris å verte større. Eg er bekymra for utviklinga, eg merker ein «trøtthet» hos ein del bønder. Mange i dette område sakkar ikkje berre akterut i inntektsutviklinga, dei tapar også pengar etter siste jordbruksoppgjer. Viss naboen klarer seg, så klarer eg meg og, sliter naboen vil eg og slite. Det er ikkje attraktivt å vere bonde aleine og det grenser for kor mykje areal ein klarar å handtere. Eg er ikkje nøgd med retninga jordbruket går i, og heller ikkje med Bondelaget. Bondelaget bremsar ikkje dei strukturdrivande kreftene, og tek ikkje opp kampen mot lausdriftskravet som er eit svært strukturdrivande krav.
– Om ni år trur eg vi har få og større mjølkebruk. Men, gardbrukarane er nok ikkje lykkelegare enn i dag. Fjøsa skal betalast og større drift betyr veldig mykje arbeid. Eg har sjølv vald å gjere noko med fjøset, og blir kalla optimist. Sjølv ser eg på meg som realist, eg ville ha ein jobb eg treivst med fram til pensjonsalderen. Det er kjekt å ha eit fjøs som fungerer, sjølv om baksida gjer at eg må jobbe hardare og får større gjeld som skal betalast ned.
Medan vi sit i solveggen, kjem kona Anne heim frå jobben i omstillingsprosjektet i nabokommunen Askvoll. Ho er opphaveleg frå Bergen og er litt med i gardsdrifta. Ei engasjert dame på mange felt. Ho ser fordelen med å bu i «grissgrendt» strøk med eit klart Bergensblikk:
– Her er det fint, god plass, grønt gras, fred og ro. Du kjem ut av køen og Sunnfjords veremåte er litt rolegare enn bylivet si veremåte med stress og mas. Svaret på landbruket sine utfordringar er ikkje å springe fortare og fortare og bli større og større, det vert ikkje bonden som sit att med gevinsten, seier Anne.

Gardsfakta:
Garden til Anders ligg på Lone i Fjaler kommune. Fjøset var den første lausdriftsfjøsen som blei bygd i kommunen i 1985 og hadde då ein mjølkekvote på 76.000 liter. I 1998 overtok Anders drifta etter foreldra  og i  2012 vart det sett inn robot. Ved nyttår sto fjøset ferdig påbyd med heilt ny ungdyravdeling og fleire liggebåsar i den gamle delen av fjøset. Det er no 29  liggebåsar og garden disponerer ein mjølkekvote på 213.000 liter.

bv40_fag1

Grafen frå Tines produksjonskontroll syner anbefalt vekt ved ulik alder (rød strek). Dei svarte prikkane er vektregistreringane på kvart dyr hos Anders. Blå strek visar generell tilvekst ved ulik alder, der sterkast veks er for ungdyra mellom 6 og 12 mnd.

Stikkord denne saka: