image description

RENESSANSE FOR SMÅSKALALANDBRUKET?

Me verkar hjelpelause overfor klimaendringane. Ei framskriving av trendane i tida lovar heller ikkje godt for det norske småskalalandbruket.

Kronikk av professor Dag Jørund Lønning

Må det vera slik? Sjølvsagt ikkje. Me må slutta og narra oss sjølve til å tru at me ikkje har val, skriv Dag Jørund Lønning i denne kronikken.

Forbrukaren sitt verdsbilde

Isak Sellanrå og dei mange andre Per Bufast’ane rundt i landet dyrka og sådde med fleire generasjonar si overleving i tankane. Odelstanken, gje garden frå seg i betre stand enn ein sjølv mottok den, byggjer på ideen om notid som kontinuitet mellom arv frå fortid og til framtid. Slikt tankegods verkar framandt på mange samtidsmenneske. «Framtid» er forstyrrande når forbruk skal setjast i høgsetet. Skal forbrukarsamfunnet gå med overskott, må så mange menneske som råd tenkja så lite som råd på framtida. Me skal «leva i nuet» og sjølve «livet er ei reise», er reklamen sin beskjed til oss. Framtida er så diffus likevel, så kvifor reflektera så mykje over den? Veldig mange tener på at eg og du er nøgde forbrukarar som ikkje stiller for mange spørsmål. For den som har nok ressursar til å delta, opnar forbrukarrolla for eit nytande liv. Andre sår. Andre skaper. Andre gjer det meste for meg. Eg haustar og nyt.

Utvikling for den eine er avvikling for den andre

Utviklinga av forbrukarsamfunnet, tydde i praksis avviklinga av småbrukarsamfunnet. Byen og tettstaden vart den opplevingssøkjande og nytande si høgborg. Her stod tilboda i kø. Heime måtte eg gjera det sjølv. Skulle eg få tid til litt hygge utanom arbeidet, måtte kaka bakast, ølet bryggjast, kaffien trekkjast. I byen kunne alt kjøpast ferdig. Tid vart frigjort til enno meir oppleving og forbruk. Garden heime vart «slit og slep», «avstand» og «elendig utkome ». Forbrukssamfunnet handlar om å hausta, om det ferdige, om produktet. Landbruket skulle vurderast gjennom det same måleapparatet. Ordet «effektivitet» vart populært. Det vart «rasjonelt» å berre vektleggja det som kunne teljast, vegast, målast og reknast. «Stor» vart synonymt med «bra». «Gode bønder» var store bønder. Område av landet utan store bønder, vart prega av fråflytting og attgroing. Og slik kunne me halde fram. Landbrukspolitikken har handla meir og meir om tonnasje. Dei siste to åra med «framstegs»statsråd, har me teke kjempesprang i den produktivistiske einfaldsretninga. Dei store, «dei gode», skal få meir frå statskassa. Dei små, dei med lite tonnasje, får klara seg sjølve. «Å frigjera bonden», kallast denne politikken. Frå kva? Frå garden?

Tilbake til framtida?

Men så er det at «framtida» brått dukkar opp att og forkludrar heile bildet. Me får stadige påminningar om at forbrukaren si evige nyting effektivt syg ut planeten sine ressursar. Hadde alle forbrukt like mykje som me gjer her i Noreg, ville me trengt fleirfaldige planetar. «Naturen», det me menneske ikkje kan kontrollera fullt ut, har vendt seg mot oss. Det vert våtare, tørrare, varmare. Den eine katastrofen avløyser den andre. Og kor skal framtidsmennesket henta maten sin? Det industrielle tonnasjelandbruket har vore utslagsgjevande for at verda taper dyrkingsareal tilsvarande 5 – 7 millionar hektar til erosjon kvart år. Det er to samanhengande årsaker, skriv den amerikanske jordprofessoren David Pimentel. Monokultur gjer at enorme areal blir liggjande brakk store delar av året, direkte utsette for vær og vind. For det andre fører denne kunstige produksjonsforma til ein drastisk reduksjon i det organiske innhaldet i jorda. Dette, igjen, gjer jorda langt meir utsett for erosjon. Me mistar matjord 10 – 40 gongar raskare enn raten for menneskeprodusert og/eller naturleg jordfornying.

Når framtida blir skræmande

Det kan vera lett å «resignera» overfor slik kunnskap. Denne framtida er ikkje forlokkande, men trugande. Faren er då at forbrukarsamfunnet, den reelle problemårsaka, får fornya kraft. Nietzsche kallar denne reaksjonen «nihilisme». Det er ei kjensle av meiningstap, av å «mista fotfeste». Menneske taper trua på ei positiv framtid, på det meiningsfulle livet i verda. Då grip ein til dekadansen; den reine nytinga. Ein seier frå seg ansvaret, trekkjer seg tilbake til det forbruket som ikkje krev noko av ein. Ein blir rein verdikonsumment. Det er ikkje fordi dei faste verdiane forvitrar, at nihilismen utviklar seg, seier Nietzsche. Grobotnen ligg i staden i mennesket si oppgjeving og overføring av eigen fridom til å velja og skapa til krefter utanfor det sjølv, når mennesket går frå å vera skapar til å verta skapt. Når alle verdiar i notida vitnar om ei framtid som berre er vond, skræmande og vanskeleg, må desse verdiane «omvurderast», held Nietzsche fram. Menneske har skapt dei, og menneske kan endra dei. Det einaste gitte med framtida, er at me berre kan føreseia denne om me ikkje endrar våre notidige haldningar, handlingar og val.

Frå avstand til nærleik

Me har etter kvart mykje kunnskap om klimaendring og miljøøydeleggingar. Me veit kva som vil skje dersom forbrukaridealet framleis skal vera ramma for menneskeleg sosialitet og handling. Inst inne veit me nok, dei fleste av oss, at me ikkje kan halda fram som me stemnar. Men like fullt er det nettopp det me gjer. Kvifor? Forbrukarsamfunnet sine berebjelkar er hausting, avstand og ansvarsløyse. Skal me løysa dei enorme klimautfordringane me står overfor, sikra matproduksjon og livskraftige lokalsamfunn, og skapa ei framtid som også kan gje våre etterkomarar glede, trivsel og meiningsfulle liv, trengst det motsette, nærleik og ansvar. Gjennom mange år har eg blitt kjend med nyskaparen: Den engasjerte
som står midt i verda og brenn sterkt for det han eller ho trur på og meiner er rett. Nyskaparen er den som sår. Nyskaparen kjenner på nærleik, på sterk motivasjon, på interesse og ansvar. Kjensla av å stå der endringa skjer og vera fødselshjelpar for det nye, er djupt motiverande. Diverre er det veldig mange menneske i dag som ikkje får oppleva dette. Svært mange forbrukarar kjenner i staden på framandgjering, på uro og meiningstap, på å ikkje bety noko, på å ikkje utgjera noko skilnad i det heile.

Kan me nå ansvarssamfunnet?

Me treng ein alternativ samfunnsvisjon. La oss kalla det reelt berekraftige samfunnet for ansvarssamfunnet. Her er me menneske ikkje lenger kategoriserte som anten forbrukarar eller produsentar. Me er aktive samfunnsborgarar med ansvar. Vanlege menneske er tettare på dei viktige vala. Demokratiet vårt er supplert med horisontale arenaer for å sikra brei lokal involvering og deltaking. Planlegging for berekraft er lagt til slike deltakande arenaer. Menneskelege verdiar er igjen sett i sentrum. Trivsel, fellesskap, skaparglede og fridom til kreativitet er løfta opp som avgjerande føresetnader for all verdiskaping. Mangfald er overordna verdi for samfunnsdanning og ressursforvalting. Me har innsett at det å dyrka mat ikkje kan sidestillast med produksjon av suvenirar i plast. Det norske landbruket er difor redda ut av den kvantifiserte dødsdalen det har vore forvist til, og er i staden definert som sentral samfunnsinteresse. Mangfald i topografi og landskap, samt det samla tilfanget av menneskelege idear og engasjement, dannar no rammene for utvikling og verdiskaping. Behovet for ein menneskenær og framtidsretta matproduksjon som ikkje utarmar jordsmonnet, har igjen gjort det viktig at menneske bur og trivst der naturressursane, dei me skal leva av også i framtida, faktisk er. Kortreist har blitt forvaltingsprinsipp, ikkje berre salsgimmick. Framleis er det konfliktar, miljøøydeleggingar og klimakrise. Men framtida er likevel ikkje fullt så skræmande. Me føler oss litt tryggare på den, fordi me er trygge på at vala me gjer her og no er meir berekraftige enn dei me gjorde som reint profittmaksimerande produsentar eller nytingsmaksimerande forbrukarar. Denne visjonen byggjer på nokre heilt sentrale kunnskapar om menneskenaturen: menneske som får ansvar, tar ansvar. Ansvar gir eigarskap, som igjen gir engasjement og deltaking. Dess fleire som deltek, dess meir berekraftige blir ideane. Ansvarssamfunnet er fullt ut mogleg å realisera. Først og fremst fordi det er langt meir menneskenært enn forbrukarsamfunnet. Det handlar om val. Ja til auka forbruk, eller ja til ei meir berekraftig framtid. Me menneske definerer liva våre og framtida vår gjennom vala me gjer. Dette valet vil også definera lagnaden til planeten vår.

Stikkord denne saka: