Leif Arild Steen (t.h.) og Oddvar Vignes er kameratar og kollegaer. Saman løfter dei fram landbruket og kommunikasjonen på landsbygda i form av både bok og føredrag.

Leif Arild Steen (t.h.) og Oddvar Vignes er kameratar og kollegaer. Saman løfter dei framlandbruket og kommunikasjonen på landsbygda i form av både bok og føredrag.

For Oddvar Vignes blei gardsarbeid vegen tilbake til kvardagen etter ei livskrise. I boka «Snakk mindre, sei meir», fortel han om dei mørkaste sidene av livet med humor og glimt i auge.

Jofrid Åsland

«Det var ein klok mann frå Ryfylke som ein gong sa om politikarane: Dei snakka mindre før i tida, men dei sa meir.» Slik byrjar boka «Snakk mindre, sei meir.» Leif Arild Steen og Torolf Nordbø er hovudforfattarar av boka, med på laget har dei sju medforfattarar. Ein av dei er Oddvar Vignes. Han har skrive kapittelet som har resultert i foredraget «Ut og måka skit». Kapittelet handlar om det som skulle bli vendepunktet i livskrisa hans. Nemleg at faren spurde om han ville gå ut og måka skit.

Heim for å bli frisk

Leif Arild synest Oddvar har ei fasinerande historie. Han som aldri såg poenget i gardslivet, og reiste frå Finnøy for å søke lukka i storbyen. Han måtte heim til Finnøy for å bli frisk.

Kaffikoppen står på bordet og dei to kameratane sit tilbakelent i sofaen heime hjå Oddvar. Han bur i kårhuset på heimegarden, og har planar om å overta garden om nokre år. Kven skulle tru at han ein dag ville bli bonde?

«Frå snakkar til handlar» er tittelen på kapittelet der Oddvar er forfattar. Han fortel om korleis han gjennom heile livet kunne snakke seg frå det meste. «Snakkinga mi var som skapt for bylivet. Eg mingla til eg fekk gnagsår i sjela, men ein dag sa det stopp. Eg måtte flytte tilbake til Finnøy der tompratet mitt ikkje gjorde det same inntrykket, snarare tvert om», skriv Oddvar.

Han jobba hardt for å fase seg ut av livet, og planla sin eigen død til minste detalj. Då han blei lagt inn på psykiatrisk avdeling kjendes det som om han stod på bar bakke. Ingen hadde grunn til å stole på at det han sa var sant. Broren kom til Oslo, og henta Oddvar heim til Finnøy. Til øya og bygdelivet, der papir på ei god utdanning frå BI ikkje var synonymt med ein dugande kar. På Finnøy handlar det om å vere ein brukande arbeidskar. Den heimkomne sonen låg strekk ut på sofaen, og gjorde ikkje mykje. Mora såg til at han fekk dekka basisbehov, som mat og hygiene. Faren arbeida på garden, og spurde ein dag om Oddvar ville måke skit hjå kyrne. Slik byrja ferda for Oddvar, frå å vere ein snakkar til å bli ein handlar.

Humor og vennskap er berebjelken

Leif Arild var også sjukemeld på same tidspunkt som Oddvar. Saman fekk dei tida til å gå med alt frå bokskriving, samtalar og ikkje minst humor.

– Kommunikasjonen var viktig for at det skulle fungere å ha Oddvar så mykje innom. Me har det slik at eg kan seie: Oddvar kan du teie stilt litt, fortel Leif Arild.

Den kjende humoristen frå Finnøy blei ei viktig brikke i Oddvar sin veg tilbake til kvardagen. Han og familien opna heimen sin, sjølv om kona ikkje var vidare nøgd med innefotballen Oddvar og ungane spelte i stova.

– Eg er som ein katt hjå «Leffi », eller kanskje som ein del av inventaret, fortel Oddvar.

Der bankar han ikkje på døra. Det er tydeleg at han held vennskapet med sambygdingen veldig høgt.

– Kva er det som gjer at du vil dele historia di så ope?

– Eg trur på openheit. Finnøy er ein sabla liten plass. Eg tenkte at det ville vere lettare å våge seg på butikken om alle visste kva som faktisk skjedde. Då ville ikkje folk snakke bak ryggen min, fortel Oddvar om taktikken sin.

Etter eit år var Oddvar i jobb igjen, og etter to år kjende han at kvardagen begynte å stabilisere seg. På vegen dit var arbeidet på garden viktig. Han fekk utfalde seg fritt, og høgtrykkspylte mykje meir enn det som var naudsynt i fjøset. Til og med kyrne fekk ein runde med vass-ståla. Faren let sonen styre på, og etter kvart byrja Oddvar på Vinterlandbruksskulen. Han har lært mykje om si eiga fortid gjennom å ta del i arbeidet på heimegarden. Arbeidet han som ungdom gjorde alt for å sleppe unna. I dag innser han at faren inviterte han til å ta del i familiehistoria, kvar gong han spurde om han ville vere med ut. No har tilbodet frå faren blitt til både bok og føredrag.

Fjøs og føredrag

I dag arbeider Oddvar som marknadsleiar i lokalavisa på Finnøy, han er avløysar i fjøs, held føredrag og er toastmaster med eige fi rma. Han liker å variere arbeidsoppgåvene for å finne den rette balansen. «I alt for mange år la eg alt for mykje vekt op det verbale og gløymde handlingane som må følgje med. No strevar eg etter ein sunn balanse, og eg trur eg har funne han på garden heime», skriv Oddvar i boka «Snakk mindre, sei meir». Sitatet frå faren hans; «ut og måka skit» har blitt eit føredrag, som han held saman med Leif Arild. Dei to løfter fram landbruket og delar av kommunikasjonen som er typisk for landsbygda, krydra med ein god del galgenhumor. Ei ny bok er allereie på veg kring det temaet: «Sjukt løye», skal den heite.

Tittel: Snakk mindre, sei meir Forfattar: Leif Arild Steen og Torolf Nordbø. Medforfattarar: Karen Hesseberg, Dag Indrebø, Arne Kleppa, Hjørdis H. Mikalsen, Arne Nordbø, Oddvar Vignes og Kjell Inge Torgeresen. ISBN: 9788252188851 Forlag: Samlaget Oslo

Tittel: Snakk mindre, sei meir
Forfattar: Leif Arild Steen og Torolf
Nordbø.
Medforfattarar: Karen Hesseberg,
Dag Indrebø, Arne Kleppa, Hjørdis H.
Mikalsen, Arne Nordbø, Oddvar Vignes
og Kjell Inge Torgeresen.
ISBN: 9788252188851
Forlag: Samlaget Oslo

Stikkord denne saka:
Share This