Desse tre damene reiste frå Vest-Agder til Bjerke for å delta på fagdagen. (F.v.) Elin Johanssen, Kristin Knox og Sissel Røinås.

Desse tre damene reiste frå Vest-Agder til Bjerke for å delta på fagdagen. (F.v.) Elin Johanssen, Kristin Knox og Sissel Røinås.

Desse tre damene var blandt 225 deltakrar, under fagdagen om grovfôr til hest. Kunnskapshunger var drivkrafta.

Jofrid Åsland

– Dette var spanande og matnyttig. Særleg det den svenske forskaren sa om si forsking på grovfôrproduksjon til hest, sa Sissel Røinås.

Cecilia E. Müller frå Sveriges landtbruksuniversitet, var blandt fagfolka som delte sin kunnskap under fagdagen, som tok føre seg grovfôr til hest 12. mars.

Alle dei tre damene frå Vest-Agder eig og driv senter med ridehestar. Dei var på jakt etter fagkunnskap, og få avkrefte gamle mytar innan fôring av hest.

Høy eller ensilasje til hest, polyneuropati (silosjuke), analyse av fôr til hest, grassortar og produksjon av grovfôr var nokon av tema denne fagdagen på Bjerke.

(Teksten fortsett under biletet.)

Mange hestefolk fann vegen til Bjerke for å lære meir om grovfôr til hest.

Mange hestefolk fann vegen til Bjerke for å lære meir om grovfôr til hest.

Mange deltakarar

Det var 225 deltakarar under denne fagdagen.

– Det er artig med så mange påmelde, men me er ikkje overraska. Så stor oppslutting viser kor populær hesten er, sa Kari Hustad, frå Norsk Hestesenter.

Ho var ordstyrar under første del av dagen, og understreka at det er viktig at hestekunnskapen held tritt med hestens popularitet.

Hestefolket som fann vegen til Bjerke var frå alle greiner av hesteverda. Travfolk og folk med ridehestar satt side om side.

– Det er viktig at hestenæringa kan samle seg for å fremje verdiskapninga, oppmoda Nils Bjørke, frå Noregs Bondelag, då han fekk ordet mot slutten av dagen.

Les meir om fagstoffet som vart presentert i Bondevennen nummer 13, 14 og 15/16.

 

 

 

 

Stikkord denne saka: