BN+

Dyrare: Byggebransjen varslar om prisauke på tre, stål og betong. Det kan stikka kjeppar i hjula hos bønder som har planlagt å byggja nytt. Foto: Istock


– Ein kraftig kostnadsauke i kombinasjon med eit dårleg jordbruksoppgjer og altfor lite midlar til investering. Det er katastrofalt for utbyggingsbruka, åtvarar Jo Helge Sunde i Tine.


Liv Kristin Sola


– Me kan ikkje halde fram med å pakke inn sanninga. Mindre utbyggingsbruk vil ikkje klare ein eventuell kostnadsauke på 25-30 prosent, seier Jo Helge Sunde, Tinerådgivar og leiar for Storfeprosjektet i Vestland.


Han jobbar dagleg med å motivere bønder til å planlegge omlegging frå bås til lausdrift på Vestlandet. Så langt har investeringslysten vore god. Allereie i januar kom meldinga om rekordstor søknadsbunke hjå Innovasjon Norge. Men for mange av dei som kom gjennom nålauget i år, er gleda snudd til uro. Byggebransjen varslar om prisauke på råvarer som tre, stål og delvis også betong.


– Eg fryktar me vil sjå prosjekt som ikkje kan realiserast på grunn av den varsla prisauken, seier Sunde.


Med krav til båsfjøs frå 2024 er det mange som ganske snart må ta eit val.

Krev solid eigenkapital

– Me er i kontakt med rundt seksti bønder som ønsker hjelp til å vurdere alternativa. Dette er bønder i gruppa som politikarane seier dei vil prioritere. Eg er redd mange av dei vil bli skuffa, seier Sunde.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,