Luka til flislagaret til nærvarmeanlegget på Hove vart opna for anledninga. I midten: Jøran Orstad Johnsen frå Innovasjon Norge i Rogaland.

Luka til flislagaret til nærvarmeanlegget på Hove vart opna for anledninga. I midten: Jøran Orstad Johnsen frå Innovasjon Norge i Rogaland.

Innovasjon Norge lokkar med investeringsstøtte, og bønder ser moglegheit til å nytta seg av fleire ressursar på garden.

Jane Brit Sande

Både gardsvarmeanlegg og nærvarmeanlegg vart besøkt då Innovasjon Norge arrangerte ein eigen temadag om bioenergi i starten av mars.

Bioenergi i byggefelt

Ryfylke Bioenergi driftar nærvarmeanlegget på Hove, og sel varme og kilowattimar. Nærenergi er eigar av røyrsystemet. Dei har nytta røyrsystemet permaflex. Innomhus har bebuarane dobbelmantla beredar.

– Me hadde avtalane i boks før alt vart bygd, og godt var det, kommenterer Gunnar Breivik, frå Ryfylke Bioenergi, og viser til endra eigedomsmarknad og stans i boligbygginga på Hove.
Anlegget har kapasitet til å varme opp meir enn 300 bustadar. I dag varmar det ikkje opp meir enn 100.

– Innleiingsvis var det sjølvsagt diskusjonar om røyk. Men eg pleier alltid seie; ser du røyk, er noko galt. Vanndamp, derimot, er heilt som det skal vere. Det forsvinn etter nokre få meter og er berre synleg på kalde dagar.
Bustadane er kopla på nærvarmeanlegget litt etter litt. I tillegg til to biokjelar på 500 kW kvar, har anlegget eit gassanlegg på 1,5 mW.
– Sjølv meiner eg at det ikkje er nødvendig med gass i tillegg til bio. Med fire kjelar i back-up, og eit aggregat, kunne dette anlegget levert varme til forbruk og luft, sjølv utan straum. Problemet er berre at ingen tør dette, sa Breivik.
– I eit anlegg som dette, er det ikkje rom for feil.
Anlegget har eit flislager på 150 m3, og med den reduserte utnyttinga av kapasiteten går det 30 m3 i veka til varmeproduksjon.
– Leveringa av flis går heilt fint, og det bryr ikkje bebuarane. Leverandørane skal ha betalt på målar. Dei har sjølv ansvar for kvaliteten dei leverer.
Frå varmesentral går det to linjer; to til Hove og eitt til Sørbøhagane, der det er planlagt bygging av 870 bustadar.
– Me har hatt dialog med utbyggar, som her er Jadarhus, heilt sidan starten av planleggingsprosessen, sa Breivik.
Justeringar er gjort undervegs, og Breivik sa at eit nærvarmeanlegg krevjer at ein rutinemessig følgjer med.
– Men vel kva alarmar du skal bli varsla om. Nokre alarmar er berre opplysning. Krise eller shut down er heilt andre alarmar, sa han.
Røykgassvifta er kopla til ein eigen straumkrets, og er alltid på.

Frå gass til flis

Gunnulf Åreskjold, bonde i Søredalen i Sandnes kommune, hadde tidlegare oppvarming av gass i kyllinghuset på garden. Flisfyring var nytt og spanande, og bonden lot seg freiste. I februar 2015 var det fyr i kjelen i Søredalen.

– Blant fordelane med denne type fyring, er rydding av beiter og så vidare, og varme i fleire av bygga på garden: Bustad, verkstad og kyllinghus, sa Åreskjold.
Fliselageret måler 5×10 meter i grunnflate, og Åreskjold fliser direkte inn i lageret. Det var prisen som bidrog til avgjersla om flising på plassen, i staden for flis levert.
– Porten er 3,70 meter høg, men den kunne gjerne vore ein halvmeter høgare. Fliskuttaren er fire meter på det høgaste. Det går, sjølvsagt, men det hadde vore enklare med ein litt høgare port, fortel han.
Røyra ligg ein meter ned i bakken, utan etterisloasjon. Åreskjold har to akkumulatortankar på totalt 4.400 liter, opp til 80C, og i tillegg ein tredje akkumulatortank i kyllinghuset på 1.000 liter.
– Eg skrur temperatruen opp før innsett, og held ein høg temperatur i kyllinghuset den første veka etter innsett, sa Åreskjold.
Investeringa har totalt kosta 1.2 millionar kroner, inkludert eigeninnsats. Nedbetalinga er på 15 år. Åreskjold fekk støtte frå Innovasjon Norge, noko han meiner er nødvendig for å forsvare investeringa.

 

Stikkord denne saka: ,