BN+Bilde av utsiden av Tine sitt meieri på Jæren

Norges største: Tine Meieriet Jæren var nytt i 2012


Eit godt år for meieriet, summerer meierisjef på Tine Meieriet Jæren, Kjetil Thu, om 2020.


Sjur Håland


Og, for 2021 står meir mjølk til Tine sine anlegg på ønskjelista til meierisjefen. Særleg gjeld det å sikra nok mjølk i tredje kvartal, understrekar han. Thu er glad for at forholdstalet er auka til 1,07.


– Auka sal og låge produktlager på ost, er ein del av bakteppet for det auka mjølkebehovet. I tillegg treng Tine meir feitt for mellom anna å kompensera for at fløyteoverskotet frå eksportosten fell vekk, seier han.

Positivt for mjølkeprodusentane

Marknadssituasjonen gir også ein moglegheit for mjølkeprodusentane til å auka produksjonen og lønsemda, understrekar Thu. Han seier det har vore fullt og stabilt trykk på Norges største meieri gjennom heile året. Mjølkemottaket enda på 217,3 millionar liter mot 206 millionar i 2019. Den totale produksjonen var 46,8 millionar kilo, fordelt på kvitost, feitt, prim og pulver.


– Stabil drift og god utnytting av produksjonslokala er ein føresetnad for effektiv drift og for å få arbeidet unna. Fleire av avdelingane har køyrt med full kapasitet, tre skift, mesteparten av året, fortel han.


Samstundes med at Jær-meieriet, som kom i drift i 2012, har auka produksjonen og effektiviteten, er bemanninga redusert. Dei siste fire åra med 26 årsverk. Talet på tilsette er nå i underkant av 150.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

Bondevennen kampanje

Kjøp abonnement her

Allereie digital abonnent?
Logg inn her

Sjå veiledning for korleis du bytar passord.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.