Fylksveg er flaskehals: Vekt- og lengdebegrensingar på fylkesvegnettet fører til at tømmerbilane må køyra dyre ekstraturar for å få ut tømmeret. – Ikkje haldbart, meiner frå venstre Jakob Helle, Kjell Østebøvik, Geir Jostein Søndenaa, Torger Nessa, Jan Erik Larsen, Inga Apeland og Gunnar Helle Berge.

Fylkesvegnettet på Vestlandet er ikkje tilpassa effektiv skogsdrift. Transportkostnadane blir for høge når bilane må køyra med halve lass i fleire vendingar. Nå etterlyser skogeigarar, tømmerbilsjåførar og entreprenørar effektive og raske vegtiltak.

Sjur Håland

– Dette er ikkje i tråd med intensjonane om verdiskaping og ressursutnytting i distrikta, seier Jakob Helle, og peikar på ein smalspora hårnålssving på fylkesveg 791, ein stubbe der vegen gjennom fleirfaldige tiår har sokke nær to meter, og er på god veg ned i myra.

Vegrestriksjonar

I Nedstrand i Tysvær kostar det ekstra å få tømmeret transportert frå hogstplassen til kaia. Fylkesvegane 791 og 798 er to av vegane i området med vektrestriksjonar Ein av dei engasjerte skogeigarane er Jakob Helle.
Han forklarer at tømmerbilen må kjøra i fleire vendingar med redusert last fram til høgare klassifisert veg.
– Me som driv med skog må førehalda oss til små marginar i utgangspunktet. Ekstrakostnadane i samband med omlasting går ut over effektiviteten og lønsemda, seier han, og peikar på at også annan næringstransport, som kraftfôr- og mjølkebilar, har utfordringar på grunn av vekt- og lengdeavgrensingar på dei smale fylkesvegane som bind distrikta saman.

Gjeld heile Vestlandet

Helle understrekar at situasjonen i Nedstrand ikkje er unik.
– Fylkesvegnettet er stort sett i ei elendig forfatning på heile Vestlandet, frå Agder til Møre. I desse områda er det samstundes store areal med hogstmogen skog, fortel han.
Inga Apeland er transportleiar hjå Vestskog. Ho stadfestar at situasjonen med dei nedklassa fylkesvegane er vanskeleg.
– Me i Vestskog arbeider konstant med å løysa utfordringane med vegane. Problema med fylkesvegnettet er like stort i alle tre Vestskog-fylkene, understrekar ho.
På fylkesveg 798, Vassendvikvegen, er det ikkje omkjøringsmoglegheiter. Her transporterer Kjetil Østebøvik i Gangstø Transport tømmer for skogeigarane. Vegen er nedskriven til «8 tonn lett». Han illustrerer kor tungvint det kan vere.

Fem vendingar

– Akkurat her skal 3.400 kubikk transporterast frå hogstfeltet. Her har eg halvtanna kilometer til omlastingplassen og kan lessa maks seks tonn. På ein tilsvarande fylkesveg utan så strenge restriksjonar kunne eg kanskje lasta 10 tonn. Hadde det vore ein veg dimensjonert for vogntog, kunne eg fått med meg 50 tonn. Frå her me står no, må eg i staden kjøra i fem vendingar fram til hovudvegen der eg lesser på hengaren.
Denne praksisen betyr meir slitasje på både vegen, bilane og miljøet. I tillegg blir tømmertransporten dyrare for skogeigarane. Omlastingskostnadane i området utgjer mellom 20 til 50 kroner kubikken, alt etter avstand.
– Nokre plassar er vegen god nok. Andre stadar kan det vera ei bru som er flaskehalsen. Mykje kan løysast med kreative strakstiltak. Ei stålplate kan vera den armeringa som skal til for å frakta tyngre lass over brua, meiner skogbrukarane i Nedstrand.

Bøter og dispensasjonsnekt

Skogsentreprenør Geir Jostein Søndenaa frå Sauda er oppgitt over vegstandarden.
– Me møter problema over alt. Vegane har ein alt for dårleg standard. I staden for utbetringar møter me fleire kontrollar. Bøtene er store, og det blir vanskelegare å få dispensasjon frå Vegvesenet for å få tømmeret ut på ein effektiv måte.
Skogforvaltar Berge Gunnar Helle fortel at han, saman med andre skogeigarar, søkte Vegvesenet om dispensasjon på ein vegstrekning i fjor.
– Me fekk avslag på grunn av at vegstrekninga hadde for få møteplassar. I staden måtte me betala 70.000 kroner for ekstra omlasting. Eg tilbydde Vegvesenet å heller nytta desse 70.000 kronene til opparbeiding av møteplassar, men fekk nei, seier han.

12 mill. i omlasting

Skogbrukssjef i Tysvær kommune, Jan Erik Larsen, er også frustrert over tilhøva.
– Skogeigarane i distriktet skal i tida som kjem transportere ut 400.000 kubikkmeter tømmer. Det betyr ein salsverdi på 140 millionar kroner. Av dette må det betalast eit ekstra omlastingsgebyr på 12 millionar kroner.
Han trur kunnskapen hjå politikarane om problema kunne vore betre.
– Me opplever lite forståing. Politikarane kjenner ikkje skogbruket, seier han.

Krev handling

Jakob Helle oppmodar politikarane og Vegvesenet til å handla.
– Bruk skjønn og oppgrader vegstrekningane der det er fornuftig og mogleg. Der det ikkje er mogleg med strakstiltak, må midlar på plass for å utbetra vegane permanent. Skogbruket treng tilpassa vegnett for å sikra vidare drift. Det same gjeld landbruket og dei andre distriktsnæringane, understrekar han.

Smalt: Fylkesveg 791 i Nedstrand blir nytta til tømmertransport. Tømmerbilsjåførane må manøvrera gjennom hårnålssvingar med «halve lass» fram til omlastingsplassar på hovudvegen.

Søk dispensasjon

– Ja, dette er eit kjent problem for oss politikarar, stadfestar Arne Bergsvåg (Sp), leiar i samferdselsutvalet i Rogaland fylkeskommune. Han fortel om fleire møte med skogeigarane gjennom Vestskog, kor problemstillingane har blitt diskutert, og kor politikarane har blitt gjort kjent med ekstrakostnadane med omlasting.
– Nye skogsbilvegar med god standard som skal koplast saman med kommunalt eller fylkeskommunalt vegnett, har vist seg å vera utfordrande, stadfestar han.
Det er vegeigar som gir dispensasjonar. I Rogaland blir administreringa av dispensasjonssøknadane delt mellom fylkeskommunen og Statens vegvesen. Bergsvåg oppmodar skogeigarane til å nytta høvet til å søkja dispensasjon når tømmeret skal fraktast ut.
– Kva med friske midlar til permanent utbetring av fylkesvegane?
– Nå er me inne i ei rullering av fylkesvegplanen. Kommunane skal koma med sine innspel på vegstrekningar som bør prioriterast. Eg kan ikkje lova midlar no. Det enklaste strakstiltaket er å søka om dispensasjon, seier Arne Bergsvåg.

Godtar ikkje dispensasjon

Det me i Vestskog har erfart den siste tida, er at Statens Vegvesen ikkje godtar ein midlertidig dispensasjon gitt av til dømes kommunen på ein veg, seier Inga Apeland.
– Skal det gjerast endring, skal det vera permanent, og endringa gjeld ikkje før ho er registrert i veglista. Mogelegheita til å søka om ein midlertidig oppskriving er tatt vekk.
Ho meiner at oppheving av lengdeavgrensing på vegane, er det tiltaket som er viktigast og enklast å utføra, og som gagnar skogbruket mest.
– Alle fylkesvegar som har ei avgrensing på 15 meter, bør kunna skrivast opp til full vogntoglengd, understrekar Inga Apeland.

Stikkord denne saka: ,
Share This