• Det går unna i produksjonen. Fleire gjerdeklyvarar er klare til og hentast.

Meir enn 6.000 gjerdeklyvarar er sett ut for både turgåarar og bønder i Rogaland. 2015 er friluftslivets år.

 

Jane Brit Sande

I fleire år har vekstbedriftene Sandnes ProService og Vindafjord Aktivitetshus samarbeida med Fylkesmannen i Rogaland om produksjon av gjerdeklyvarar. På treavdelinga TREBRA på Sandnes ProService er 25 tilsette i sving. Gjerdeklyvarar er ikkje det einaste som blir produsert her. Både blomsterkassar, sittegrupper, leikehytter og uteboder er i varesortimentet.

– Me har faste folk på dei forskjellige aktivitetane på avdelinga vår. Det er viktig at folka våre kan det, seier Jon Marton Haugland, avdelingsleiar på trevare.

På TREBRA har dei tilsette under fleire av arbeidsmarknadstiltaka Sandnes ProService leverer til NAV.

– Då treavdelinga starta opp i 1980, hadde me berre åtte stillingar, fortel Haugland.

Tilbod til aktive bønder

Gjennom SMIL-ordninga kan aktive bønder søke om støtte til gjerdeklyvar.

– Det var litt tregt med bestillingar i starten av året, men det har tatt seg kraftig opp. I Finnøy kommune aleine vart det nyleg bestilt 25 stykk, fortel Haugland.

Gjerdeklyvarane er eit nyttig hjelpemiddel for både turgåarar og bønder. Bønder får kanalisert ferdsla til dei meiner det er minst belastande for dyr og beite, og turgåarar slepp klyve over gjerder.

– Ei utfordring med denne ordninga er at det berre er for aktive bønder. Det betyr at grunneigarar som leiger ut beite til andre bønder, ikkje kjem inn under denne ordninga, seier Nono Dimby, frå Fylkesmannen i Rogaland.

– Me får ein del tilbakemeldingar om at gjerdeklyvarane ikkje er særleg gunstige for hundane. Nokre hundar lærer det, men vårt inntrykk er at det er fåtalet, seier Dimby.

– Me har ei løysning for hundar, svarer Haugland.

– Me kan laga til ein port på sida av gjerdeklyvaren, der hundane kan gå gjennom, forklarar han.

Ei idémyldring vart straks iverksatt. Porten blir laga i tre, men Dimby hadde nokre tankar om korleis løysninga kunne fortbetrast. Saman med kollega Brit Torill Corneliussen, var Haugland interessert i å høyra forslaga.

Samfunnsnyttig

Målet er at dei tilsette i Sandnes ProService har ein tilnærma normal arbeidsplass. NAV og heimekommunen betaler løna, og ynskjer arbeidstakarane skal gå minimum halv stilling.

– Arbeidet mitt er utruleg meiningsfullt. I mi stilling får eg gjere noko viktig for dei som jobber her. Våre arbeidstakarar ville ikkje fungert på ein vanleg arbeidsplass. Hjå oss får dei dekka både sosialt behov og arbeidsbehov, fortel Haugland engasjert.

– Eg ser på det slik: Ved at Fylkesmannen nyttar seg av Sandnes ProSerice og Vindafjord Aktivitetshus sine tenestar, og bestiller gjerdeklyvarane hjå desse to bedriftane, gjer me samfunnsnytte i fleire ledd. Me er med og åpner landskapet for turgåarar og me sysselsetter menneske som ikkje ville fungert på ein vanleg arbeidsplass, seier Dimby.

Les meir i Bondevennen nr 41

 

 

Stikkord denne saka: