Frukt: Frukt- og grøntsektoren kom godt ut av årets jordbruksavtale. Ni millionar kroner blir øyremerkt til produsentar som ønskjer å starta med småskalaproduksjon. Pærene er frå Halsnøy i Ryfylke.

– Tilbakemeldingane eg har fått så langt, er at våre medlemmar er glade for at me kom i mål med ei jordbruksavtale også dette året, seier leiaren i Rogaland Bondelag, Marit Epletveit.

Sjur Håland

Epletveit peikar på eit lite løft oppover innan dei fleste produksjonane, og nemnar særleg frukt og grønt, som i tillegg får ein eigen innovasjonspakke. Vidare held ho fram auke i jordbruksfrådraget, og at det blir lagt til rette for å utnytte alt areal. Sauen har kome godt ut i oppgjeret.

– Men eg er bekymra over moglege konsekvensar av at det blir opna opp for investeringsstøtte til sau alt frå 2020, seier ho.

Kroner, ikkje prosent

Fylkesleiaren karakteriserer det som frykteleg dumt at staten ikkje kom landbruket i møte i punktet om fraktstøtte til pelsdyrnæringa. Ho meiner at det viktigaste ved årets oppgjer er at bøndene nå har oppnådd å tette inntektsgapet med 600 kroner per årsverk.

– Og så er det er bra at inntektsutviklinga nå blir synleggjort og rekna i kroner og ikkje i prosent, understrekar ho.

Epletveit meiner auke i avløysartilskotet er viktig.

– Me treng fleire unge avløysarar inn i fjøset. Både for rekruttering, og for å bli utfordra med friske auge på korleis me driv.

Meir til korn

– Kornøkonomien blir styrka. Er det greitt?

– Ja. Det er viktig for oss at det framleis skal vera lønsamt å driva med korn slik at husdyrproduksjon kan vera i dei områda som ikkje er eigna for korn. Men i forhandlingane med staten møttest me på midten og må akseptere ei auke i kraftfôrprisen på to øre.

Rame: 1,24 mrd

Medan mange var i ferd med å lunka strykejerna for å klargjera finskjortene til 17. mai, seint på ettermiddagen 16. mai, signerte avtalepartane årets jordbruksoppgjer. Ein rame på 1,24 millionar kroner, ligg ikkje så langt frå staten sitt tilbod på kring milliarden, men er et godt stykke under jordbruket sitt krav på drygt 1,9 milliardar kroner. Årets oppgjer gir ei auke på 20.600 kroner per årsverk i 2020. Det gir 600 kroner meir enn andre, samanliknbare grupper, i følgje Norges Bondelag. 249 millionar kroner av rama skal hentast inn som auka prisar på målprisvarer. For landbruksprodukt utanom målprisen har partane lagt til grunn ei auke på 160 millionar kroner.

Marit Epletveit

Kjersti Hoff

Lars Petter Bartnes

Olaug Bollestad

Gode inntektsmoglegheiter

– Ein god avtale som gir gode inntektsmoglegheiter for jordbruket og bygger opp om eit aktivt landbruk over heile landet, sa Landbruks- og matminister Olaug Bollestad på pressekonferansen, medan blekket frå signaturane på sluttdokumentet var blodferskt.

Bollestad peika på utfordringane bøndene har hatt dei siste åra knytt til klimaendringane.

– Difor er klimaprofilen i avtalen tydeleg. Samla er det sett av meir enn fem milliardar kroner til klima- og miljøtiltak, inklusive areal- og kulturlandskapstilskota.

I følgje leiaren i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, er det første gongen sidan 2013 at det no lukkast å minka inntektsgapet mellom landbruket og andre grupper.

– Heilt nødvendig å redusere inntektsskilnadane dersom me skal få unge framstormande grupper til å satsa på ei framtid i landbruket, sa han på pressekonferansen.

Satsing på små og mellomstore bruk har vore gjennomgangsmelodien i dette oppgjeret.

– Satsinga gjer det mogleg å investere også for desse bruka. Produksjonen frå små og mellomstore bruk utgjer ein betydeleg del av produksjonen i dette landet, meiner Bartnes.

Meir sjølvforsynte

Innretninga, bruk av beite innmark og utmark på ein berekraftig måte, har vore viktig for Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

– Det betyr at me skal dyrka korn og gras der det er mest hensiktsmessig. På den måten blir vi mest mogleg sjølvforsynte, sa NBS-leiar, Kirsti Hoff, på pressekonferansen.

Sluttprotokollen fortel at satsinga innan frukt- og grøntsektoren er betydeleg, med ein eigen innovasjonspakke. Målet er å auka norskdelen av frukt, grønt og bær, og møte auka etterspørsel med norske varer. I pakken ligg ei øyremerking på 9 millionar kroner til produsentar som ønskjer å starta småskalaproduksjon av grønsaker frukt og bær.
Opplysningskontoret for frukt og bær blir styrka med fire millionar kroner, medan Graminor sitt frukt- og bærsenter på Njøs får fem millionar til sortsutvikling i 2019. Målprisen er sett opp med 3,8 prosent.

Mjølk

For svin blir målprisen uendra. Målprisendringane for mjølk, gjeldande frå første juli 2019, synar pluss 3 øre per liter (opp 0,55 prosent). Landbruket fremja i sitt krav ei ordning med statleg oppkjøp på 20 prosent ved utleige av mjølkekvote. Det blir det ikkje noko av i denne omgangen. Men partane er samde om at mjølkevolumet må ned etter avviklinga av eksportsubsidiane. Det er også semje om å nedskalere produksjonen ved bruk av forholdstalet på disponibel kvote og oppkjøp av mjølkekvoter finansiert med omsetningsavgift som før. Avtalen legg til grunn at Omsetningsrådet sitt fond for oppkjøp av mjølk skal byggast opp, og at ei auke i omsetningsavgifta bør vurderast frå 1. juli 2019. Eit samla opplegg skal vera etablert seinast 1. oktober 2019. Gjeldane ordning for kjøp og sal av mjølkekvoter blir suspendert (sett midlertidig ut av drift) når inneverande periode går ut, 1. august 2019.

Miljø

Under hovudpunktet Miljø og klima, legg avtalen til grunn å setje av 22 millionar kroner i tilskot til tiltak i beiteområde for 2020. Vidare skal Klimasmart landbruk styrkast med 8 millionar for å ferdigstilla arbeidet med klimakalkulatorar.

Korn

Målprisen på matkorn blir auka med 14 øre per kilo, medan tilsvarande auke på fôrkorn er 12 øre. Prisnedskrivinga av norsk korn blir auka med 8,2 øre per kilo. Frakttilskotet aukar med 15 millionar kroner.

Sau og utmark

Nedre satsintervall for husdyrtilskot hevjast frå 1-126 sauer til 1-150 sauer. Denne endringa er målretta for dei som nyttar heile eller mesteparten av arbeidskrafta i næringa. Det generelle beitetilskotet for småfe blir auka med 24,1 millionar kroner, medan utmarkstilskotet blir styrka med 20,5 millionar kroner på sau, lam og geit, medan dei som har storfe på utmarksbeite får 27,8 millionar kroner meir.

 

Kommentar: Mykje flikking, lite ny politikk

Eit tilsynelatande udramatisk jordbruksoppgjeret er i hamn.

Etter å ha kravd 1920 millionar og ein reduksjon av inntektsgapet i forhold til andre grupper på 11.000 kroner, sa bøndene seg nøgde med 1240 millionar og ein reduksjon av inntektsavstanden på 600 kroner. At auken i inntekt no skal skje i kroner, ikkje prosent, er ein viktig og prinsipiell siger som det er verd å gleda seg over. Om den reelle inntektsauken blir nok til å lokka rekruttar til næringa, er likevel høgst usikker. Dei siste åra har bondeinntektene dalt, trass gode intensjonar i jordbruksavtalane.

Kanskje var det ikkje året for å gå i klinsj med staten. Jordbruksfleirtalet, som bøndene kunne sett sin lit til på Stortinget i fall brot, er borte. Og 1240 millionar er trass i alt ein monaleg sum frå ei regjering dominert av parti som ikkje er kjende for å tala jordbruket si sak. I ein innsiktsfull kommentar i Nationen 18.mai påpeiker politisk redaktør Kato Nykvist korleis det etterkvart er etablert ei tverrpolitisk og djupare forståing av verdien av landbruk i heile landet. Ja, sjølv importvernet er ikkje lengre ein brannfakkel. Det gir grunn til optimisme blant bøndene, konkluderer Nykvist.

Det har han rett i. Samstundes gir det ingen grunn for bondeorganisasjonane til å droppa guarden. Jordbruket sine utfordringar er der framleis, sjølv om Høgre og Frp har blitt «soft» på landbruk, og den generelle stemninga er jovial. Det er, også etter årets oppgjer, stor avstand mellom alvoret i jordbruket sin omtale av utviklinga i eiga næring og kva ein oppnådde i avtala. Det er ennå langt att til me når målet i Senterpartiet sitt opplagt kloke framlegg om å auka sjølvforsyningsgraden til 50 prosent, korrigert for kraftfôrimport.

– Landbrukspolitikken blir ein heilt annan med KrF i regjering, erklærte landbruks- og matminister Olaug Bollestad under KrFs landskonferanse i januar.
Leiar i Bonde- og småbrukarlaget Kjersti Hoff, har også tatt til orde for ein heilt ny landbrukspolitikk.

Mangt er flikka på i årets oppgjer, mykje til det betre. Men tak på tilskot, slik jordbruket ønsker, manglar framleis, for å nemna ein tung struktur som bidreg til stø kurs.

Det skal bli spanande å sjå kva den heilt nye jordbrukspolitikken går ut på. Når, og om, den kjem.

Bothild Å. Nordsletten

Stikkord denne saka: