Messeklare: Styreleiar i Agrovisjon, Olav Røysland, og hovudsponsor, Morten Malmin, banksjef i Sparebank 1. Foto: Sjur Håland

– Agrovisjon er årets viktigaste faglege møtestad for landbruket, seier styreleiar Olav Røysland.

Bothild Å. Nordsletten

Ny teknologi, fornybarøkonomi og kåring av årets lærling står på plakaten under årets Agrovisjon i Stavanger 1.-3. november.

– Eg gler meg veldig. Dette er årets viktigaste faglege møtestad for landbruket, seier Olav Røysland, som til dagleg er bonde på Voll på Jæren.

Han ramsar opp nye maskinar, robotar, driftsbygg i tre og avansert beiteutstyr blant nokre av attraksjonane. 15.000 besøkte Agrovisjon sist gong den gjekk av stabelen, for tre år sidan. Røysland ventar minst like mange i år.
I tillegg til teknikk og maskin lokkar han med fagprogram om klimavenlege trebygg, om dyrevelferd, og om juridiske spørsmål når du investerar stort på garden. Eit stort Unge bønder-kurs, samt kåring av årets lærling, skal trekke dei unge til messa.

– Og så blir det dyretelt heile helga. Kom og sjå!, oppmodar Røysland.

Høve til å visa seg fram

Morten Malmin er banksjef i Sparebank 1, styremedlem i Agrovisjon og hovudsponsor på messa. Også han gler seg.

– Agrovisjon er eit godt høve til å treffa bønder i regionen, både fagleg og sosialt, seier han og viser til bondepub’en og festmiddagen som blir arrangert under messa. 

– Kvifor er Agrovisjon viktig?

– Messa gir eit godt høve for lokale leverandørar til å visa seg fram, ikkje minst for dei som også tek oppdrag utanfor regionen, svarar Malmin.

– Dessutan, kvifor reise på messer i Europa der utstyret er overdimensjonert for norske forhold, når du kan koma til Agrovisjon der maskinane står seg til våre eigne bruk?

Agrovisjon

Kor/dato:

Stavanger, 1.-3. november.

Info og bilettbestilling:

Sjekk ut den nye Agrovisjon-appen.

Annonsere?

Bondevennen er messeavis for årets Agrovisjon. Ta kontakt med Grete Botnan om du vil synast i bladet:
Tel. 51 88 72 61 / Mobil: 906 36 066

Stikkord denne saka:
Share This