• Temperatur: Det er viktig at vatnet er varmt nok, og Torleif passa på å sjekke temperaturen først. Temperaturen bør vere kring 73-75 garder, og ikkje varmare enn dette, for å unngå brannskadar på skinnet.

Grisen var ei gåve i haust. No er grisen blitt fem månadar gammal, litt større, ikkje veldig feit, og snart er det jo jul. Det er endeleg tid for å slakta grisen.

Jane Brit Sande

Torleif Birkeland er sauebonde på Birkeland i Sokndal kommune, Rogaland. Den einslege grisen var ei gåve i haust, og det er på høg tid med siste steg før klargjering til diverse julemiddagar. Stian Espedal stiller opp for å bistå bonden når grisen skal slaktast. Han har nærare 20 år som slaktar i bagasjen. Dei siste seks-sju åra har han trava rundt for å lære bønder slaktekunsten. Det starta i det små med fem-seks kurs i løpet av eitt år. I 2016 har han vore instruktør på 37 kurs, med totalt 667 deltakarar. I tillegg har han demonstrert både slakting og skjering på messer og marknadar. Stian er kjend over store deler av landet, og «alle» vil ha ein bit av både kunnskapen og engasjement.
– Det starta som eit dyrevelferdstiltak, der eg ville læra sauebønder å utføre nødslakt på skada dyr, heime på eigen gard. Har eit lam eller ein sau brekt foten, kan fortsatt kjøtet etast. Då er det godt å vita korleis ein kan slakte dyret på humant vis, slik at dyret ikkje går unødig med smerter, og gjere nytte av kjøtet etterpå, fortel han.
Det er aldri tvil om kven som er i første rekke, familien er viktig for Stian. Dei to sønene har ein som er tilstade i heimen, fotballtrenar er han òg. Stian sitt engasjement for bøndene sitt djupt i han. Han lever og andar for matprodusentane. Med si stilling som tilførselsmedarbeidar i Nortura, og lokallagsleiar i Sandnes Sau og Geit, har sauenæringa rett mann på rett plass.
– Gjennom desse kursa treff eg bønder på ein fin måte. Drøsen går, og stemninga er god. På slaktekursa får eg òg eit gyllent høve til å vise og forklare bønder forskjelleg som dei vanlegvis berre ser på slakteoppgjeret, seier han.

Viktig førebuing

Ingenting er tilfeldig når Stian skalslakta. Utstyret ligg sortert i kassar bak i bilen. Alt er klart til arbeidet som venter. Boltepistolen blir klargjort, og ekstra skot er tilgjengeleg – i verste tilfelle.
– Det er synd viss dyret kastar på hovudet i det du skyt. Då er det godt dei er tilgjengelege, og du ikkje må begynne å leite etter fleire skot, forklarar han.
Me høyrer smellet før me får tid til å tenka oss om, og med dreven hand stikk han grisen i halsen. Stian veit utmerka godt kva han gjer, det heile er over på eit blunk.
– Det er ein ting eg alltid fortel på slaktekursa mine: For å vere ein god slaktar, må du vere glad i dyra. Det skal vere viktig for deg at dyret ikkje lir unødig, slår han fast.

Fleire kurs i 2017

Stian gir seg ikkje med slaktekursa. Han har lenge gått med tankar om å arrangera skjerekurs for både bønder og forbrukarar. Dato for første kurs er satt, og påmeldingane har så smått begynt å komma.
– Tanken er eit kurs der dei lærer og bruka meir av lamma, der dei ser fleire moglegheiter til korleis kjøt kan tilberedast. Det er så mykje sauekjøtet kan nyttast til, sauen er ikkje berre fårikål og pinnekjøt. Heile lamma kan nyttast, beina òg! Dei er ikkje avfall; kok kraft på dei, og sett små beger i fryseboksen. Då har du ein god base for gode sausar, seier han engasjert.
Marknadsføringsbudsjettet er magert, men Stian veit å nytta seg av dei kanalane som finns.
– Nyttar ein Facebook på riktig måte, er det heilt utruleg kor godt verktøy det er. Eg nyttar dei arenaene eg har å spele på, og gjer det beste av det. Dette er ikkje noko eg blir rik på, men eg håpar og trur det vil bidra til auka bruk av sauekjøt, seier han.

Stikkord denne saka: