Tre dagar med Agrovisjon trakk nesten 16 000 skodelystne gjester frå fjern og nær. Besøkstalet er ganske likt Agrovisjon for tre år sidan, seier styreleiar Olav Røysland.

Liv Kristin Sola og Bothild Å. Nordsletten

– Eg er nøgd med slik det gjekk, det vart ei bra messe, seier han til Bondevennen.

– Det var gode kveldsarrangement og eg har inntrykket av at utstillarane er nøgde. No venter me på tilbakemeldingar frå dei.

Bondevennen hadde messeavisa, og var tilstades med eigen stand. Takk til alle som kom innom med ros og ris, og tips til nye og spanande reportasjar.

Samlar og kikkar: – Me kom akkurat no! …og likevel hadde Marcus Berntzen (t.v.) og Torger Lauvvik rukke å skaffa seg åtte nye caps’ar frå ymse standar på landbruksmessa, før dei kom innom hjå Bondevennen.

– Gørrbillig – men god genetikk på auksjon: Auksjonarius Håkon Marius Kvæken, er ikkje i tvil; her er det bønder som fekk topp dyr til ein svært god pris. Han stadfestar overfor Bondevennen at dyra som er plukket ut til auksjon går gjennom ei førehandsvurdering slik at kjøpar skal vere sikra topp kvalitet.

– Her kan du få kjøpt mykje god genetikk som kan gi deg eit lang byks i avlen i eigen buskap. Litt overraskande – og litt synd, at me ikkje klart å få til betre prisar, seier Kvæken. 

Auksjonen var godt besøkt, men handelen gjekk tregare enn ønska. Med humor, erfaring og masser av energi, prøver Kvæken å overtale bøndene til å gjere gode kjøp, men jærbuen er ikkje i handlemodus. 

– Mange er nok litt usikre på marknaden. Nokre mørke skyer gjer at folk er på vent for å sjå kva som skjer, seier Kvæken.

Vinnarar av mjølkespannkonkurransen

Standen til Bondevennen hadde eit gildt renn av folk som ville tippa vekta på mjølkespannet vårt. Gjettingane varierte frå 2,4 kg til 510 (!).

Dei to heldige vinnarane som kom nærmast tippa båe 11,8 kg – berre ti gram frå den verkelege vekta på 11,810 kg. Gratulerar til Brita Harboe og Øyvind Hebnes, som båe får eit gåvekort frå Felleskjøpet på 500 kroner kvar.

Ps: Mange lurte på kva spannet var fylt med. Vatn? Poteter? Rett svar: Granitt!

På bilete til venstre ser me Emma Byberg i gang med å gjetta. Til høgre er Tore Haugland (4) djupt konsentrert med å sjekke vekta. 

Stikkord denne saka: